– Det er heilt forferdeleg å høyre.
Det seier tidlegare hekkeløpar Vladimir Vukicevic når han får høyre historia til Joel Bengtsson – ein konkurrent gjennom mange år.
Bengtsson, som tidlegare har deltatt i EM og VM for Sverige, var på trening i USA da han plutseleg blei treft i hovudet av ei slegge på seinhausten 2023.
Til svenske Expressen fortel Bengtsson onsdag for første gong om hendinga, som heldt på å drepe han.
OL-HÅP: Joel Bengtsson har deltatt i både VM og EM for Sverige. Han drøymde om OL.
Foto: Lise Åserud / NTB– Eg svima ikkje av, men det var blod overalt og eg visste at det ikkje var bra. På sjukehuset fann dei ut at panna mi var knust i småbitar og beinet ved biholene mine var heilt knuste, seier Bengtsson til Expressen.
Korleis kunne noko slikt skje?
– Risikosport
Ifølge svensken var det ikkje nett i buret der sleggekastaren stod. Hekkeløparen varma opp på graset saman med dei andre i treningsgruppa og kom for nære dei som kasta.
– Det er utruleg at eg overlevde. Legane fortalde meg at viss slegga hadde treft berre nokre millimeter lenger inn, ville eg vore død, seier han.
SLIK DET SKAL VERE: Sleggekastarar står vanlegvis inne i eit bur med nett. Det skal ikkje ha vore tilfelle da Bengtsson blei treft, ifølge hovudpersonen sjølv.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBEit kjapt nettsøk viser at ingen har omtalt ulykka før nå. Den svenske hekkeløparen har halde ein låg profil og valt å ikkje snakke med pressa.
Bengtsson gjekk på college i USA og drøymde om OL i Paris før ulykka. No er han usikker på om han vil komme tilbake på friidrettsarenaen igjen.
To år etter ulykka slit 26-åringen framleis med store hovudsmerter. Men han prisar seg lykkeleg for å vere i live.
– Det er ganske utruleg, men det einaste du ser på meg frå ulykka er eit fire centimeter langt arr i ansiktet mitt. Plastikkirurgen gjorde ein utruleg jobb, elles hadde eg fått eit stort hol i hovudet, seier Bengtsson.
TIDLEGARE KONKURRENT: Vladimir Vukicevic kjenner Joel Bengtsson etter mange år som konkurrentar.
Foto: Lise Aaserud / NTBVladimir Vukicevic opplever at friidrett tidvis kan vere ein risikosport fordi det skjer så mange idrettar på banen samtidig.
– Vi har jo tidlegare sett Tero Pitkämäki treffe Salim Sdiri med eit spyd som stod rett ut av ryggen på han. Sdiri kom seg heldig ut av det, utan dei store skadane, seier nordmannen, om ulykka som skjedde i 2011.
– Det er klart ei slegge som veg 7, 26 kilo (standardvekta for sleggene til mennene), som kjem i høg fart ... Det er ein dødsdom. Det er alle utøvarars store frykt å bli treft av ei slegge, legg Vukicevic til.
NRK veit ikkje kor tung den aktuelle slegga var. Til samanlikning veg sleggene til kvinnene fire kilo.
SKAKA VERDA: I 2011 blei lengdehoppar Salim Sdiri treft av eit spyd under eit Golden League-stemne i Roma.
Foto: GREGORIO BORGIA / AP / NTBHenriksen redd for å treffe nokon
OL-medaljør Eivind Henriksen beskriv hendinga med Bengtsson som «skummel og ikkje noko gøy». Han fortel at det også er alle sleggekastarars store skrekk å treffe nokon på trening eller konkurranse.
– Spesielt når ein er på stader der ein ser at buret rundt ikkje held standarden. Ein passar litt ekstra på og sjekkar at det ikkje er nokon som er i kasteområdet, seier Henriksen.
– Har du høyrt om liknande før?
– Ja, det har vore nokre episodar, og fleire episodar der det ikkje har gått så bra, svarer Henriksen.
NORSK PROFIL: Eivind Henriksen fortel at det er alle sleggekastarars skrekk å treffe nokon med slegga.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBI januar i år skreiv BBC om ein tilskodar blei drepen av ei slegge under eit friidrettsstemne på ein vidaregåande skole i USA.
Bengtsson fortel til Expressen at han trass i den tøffe tida har fortsett studia på universitetet UCLA i California. Til sommaren blir det eksamen før han flyttar heim til Sverige igjen.
Der drøymer han om å leve eit normalt liv.
DRAMATISK ULYKKE: Svenske Joel Bengtsson var ifølge legane millimeter unna døden.
Foto: VEGARD GRØTT / BildbyrånPublisert 08.05.2025, kl. 08.59