Jobba tolv år med legen: – Har tenkt mykje på om eg burde ha skjønt det

2 days ago 9



Tysdag blei tiltalen mot den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta klar.

– Det er vanskeleg å vere på ein stad der ein veit slike ting har skjedd, seier Linn Beate Skogholt.

I tolv år arbeida ho på det same legekontoret som den tidlegare kommuneoverlegen.

Han er tiltalt for valdtekt av 88 kvinner.

Tiltalte har fram til no nekta straffskyld. No opplyser mannen sin forsvarar, Erlend Hjulstad Nilsen, at spørsmålet om straffskyld vil bli eit tema i kommande politiavhøyr.

– Eg har tenkt mykje på om eg burde ha skjønt kva som gjekk føre seg.

Delte undersøkingsrom

Skogholt kom til legekontoret som turnuslege i 2009. Året etter starta ho som fastlege.

I tillegg til Skogholt og den tiltalte legen, arbeida ein turnuslege og tre tilsette som helsepersonell ved det vesle kontoret.

Sjølv om dei arbeida ved same legekontor i over ti år, fortel Skogholt at dei ikkje fatta nokon mistanke.

– Det var enkelte ting vi stussa litt på, for eksempel at det blei gjort så mange gynekologiske undersøkingar.

Når den tidlegare kommuneoverlegen no er tiltalt, ser Skogholt annleis på ting han gjorde.

Det er nokre ting som «gir meining» no når eg veit det eg veit, seier Skogholt.

Den tiltalte mannen har blitt presentert for dei påstandane Skogholt kjem med.

Mannen sin forsvarar, Erlend Hjulstad Nilsen, seier til NRK at påstandane, i den grad dei er relevante, vil bli tema i den kommande hovudforhandlinga.

Han ønsker derfor ikkje å kommentere dette i media på noverande tidspunkt.

Kommuneoverlege Linn Beate Skogholt.

– Det er vondt å tenke på at arbeidsplassen min har vore åstaden for noko som har påverka så mange.

Foto: Rita Kleven / NRK

Skogholt fortel at legane på kontoret delte på eit undersøkingsrom som mellom anna blei brukt til gynekologiske undersøkingar.

– Eg stussa på at den gynekologiske stolen alltid var flytta og det var ofte rotete da eg kom inn på undersøkingsrommet.

– I tillegg var nesten alltid ryggen i undersøkingsstolen lagd ned.

Da Skogholt spurde kommuneoverlegen om det, fekk ho til svar at det var for å unngå at pasientane skulle svime av under undersøkinga.

– I ettertid tenker eg at det truleg var for at kvinnene ikkje skulle sjå kva han gjorde.

– Han var privat

– Vi jobba med kvar vår pasientliste og hadde eigentleg få felles treffpunkt.

Skogholt fortel at ho oppfatta den tiltalte som ein privat person.

– Han var privat og åt sjeldan lunsj med oss andre. Eg oppfatta han som litt spesiell.

– Han gjorde ting på sin måte og var nok ikkje så open for nye måtar å gjere ting på. Eg trur han tenkte at han sjølv visste best.

Sjølv om dei hadde lite kontakt, fortel Skogholt at dei kom greitt overeins.

– Det var ikkje dårleg stemning. Vi småprata når vi møtte kvarandre og vi prata om faglege problemstillingar.

Dronebilde av Frosta sentrum

Den tiltalte var kommuneoverlege i Frosta. Kommunen har drygt 2600 innbyggjarar.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Tungt i ettertid

Sommaren 2022 blei kommuneoverlegen sikta for overgrep og blei suspendert av Statens helsetilsyn.

Skogholt fortel at det var mange som hadde behov for oppfølging og omsorg. Samtidig stod mange no utan fastlege i den vesle kommunen.

– Vi fekk eit veldig godt fellesskap på legekontoret da det blei klart kva som hadde skjedd.

Dei som var igjen prata mykje og støtta kvarandre i det som var ein krevjande tid.

– Vi blei einige om at vi ikkje kunne ha skjønt noko. Han var såpass god til å skjule det.

– Hadde vi gått inn i dei kjenslene hadde vi drukna.

Likevel har tida etter at det blei kjent kva som har gått føre seg ved legekontoret vore vanskeleg. Ho har tenkte mykje på kva ho burde ha skjønt.

– Det er vanskeleg å kjenne på at dette har skjedd så nært og over så lang tid utan at eg har fanga det opp.

Ny kommuneoverlege i Frosta utenfor kommunehuset.

– Eg opplever at lokalsamfunnet har støtta oss som er igjen på legekontoret, seier Skogholt.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Pregar lokalsamfunnet

I tiltalen har 96 kvinner status som fornærma.

Politiet har beslaglagt over 6000 timar med videomateriale.

I ein kommune med drygt 2600 innbyggjarar set det sitt preg.

– Alle kjenner nokon som er råka, seier Skogholt.

– Det er ei stor belastning for heile bygda.

5. november startar rettssaka der den tidlegare kommuneoverlegen står tiltalt.

Ho fortel at det også blir ei lette at rettssaka snart byrjar.

– Vi har venta i to år på at han skal svare for det han har gjort.

– No håpar eg bygda klarer å samle seg og at vi klarer å gå vidare.

Publisert 17.09.2024, kl. 17.49

Read Entire Article