Jesper (18) kunne tent ein million – no skrur Fiskarlaget lønna ned

1 month ago 22



– Det er litt bittert at ein ikkje får fullført utdanninga på den tida ein tenkte å gjere det.

Det seier 18 år gamle Jesper Johnsen drøymer om å bli fiskar. Det blir stadig fleire som han.

Men mange får ikkje lærlingplass. I klassen til Jesper står 6 av 24 elevar utan.

Jesper Johnsen (18) er fiskerilærling og jobber på oppdrett i Bø. Han har lyst kort hår med midtskill, blå øyne og mørke øyebryn og har på seg en sort genser med glidelås. Han lager en løkke av turkist tau og sitter mellom paller og fiskeutstyr.

I tillegg til Jesper Johnsen er det fem andre lærlingar som står utan plass frå Sortland vidaregåande skule avdeling Øksnes i år.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Jan-Erik Indrestrand, informasjonsleiar i Fiskarlaget, fortel at det er ei utfordring i heile landet å finne lærlingplassar til fiskerielevar.

Årsaka?

Fiskarane må nemleg fikse mindre, fordi fiskekvotane går ned. Mange har dermed ikkje råd til å ha fiskerilærlingar på båtane sine.

No skrur Fiskarlaget ned lønen til lærlingar på deler av flåten for at fleire skal få lærlingplass.

Det betyr ikkje at det løyser seg for alle.

– Sjølvsagt litt pengar i det

– Vi veit korleis tid vi er i. Det er tøft. Difor er det ikkje eit sjokk at nokon står utan.

For Johnsen løyser det seg. Han er sikra lærlingplass frå neste år. Det blir berre eit år i limbo for han. I mellomtida jobbar han på oppdrettsanlegg i Bø.

Jesper Johnsen (18) er fiskerilærling og jobber på oppdrett i Bø. Han har lyst kort hår med midtskill, blå øyne og mørke øyebryn og har på seg en sort genser med glidelås. Han står foran en merde ved oppdrettsanlegget der han jobber.

Året i limbo blir ikkje til spele for Johnsen. Han har fått jobb på oppdrettsanlegget Egil Kristoffersen og søner i Bø.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Neste år kjem han ikkje til å jobbe med oppdrettsfisk. Drøymen er nemleg å vere fiskar på fiskebåt.

– Det er artig og interessant og så er det sjølvsagt litt pengar i det.

Og nett det er ein del av årsaka til at mange står utan lærlingplass i år.

Vidaregåande skule: Bør senke lønningane

Det er nemleg dyrt med fiskerilærlingar.

På eit år kan dei med lønn og lott, altså deira del av utbyttet på båten, tene ein million kronar om dei er heldig.

Men med lågare kvotar og høgare renter er det ei utfordring for båteigarane å betale for dei. Då vel mange å ikkje ta inn lærlingar.

– Det er enkel matematikk: Mindre pengar inn, mindre pengar å gje ut.

Det seier Karen Steinsvik, avdelingsleiar ved Sortland vidaregåande skole avdeling Øksnes.

Karen Steinsvik, avdelingsleder ved Sortland videregående skole avdeling Øksnes, står i lokalene til fiskerilinja på Myre videregående skole og jobber med et fiskegarn. Hun har brunt, kort hår, briller og smiler til kamera i en svart genser det står Nordland fylkeskommune på.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Vi er i dialog med fiskarar som har vore i tenkeboksen om å ta imot lærling, som enda med å ikkje ta lærling fordi dei siste kvotekutta kom.

Sidan yrket har blitt så populært har også utdanningsinstitusjonane blitt bygd opp. Det første kullet på Øksnes var på sju elevar. Det var i 2018. I fjor tok dei inn 24 elevar.

– Kva skal ein gjere? Skulen jobbar med opplæringskontoret med å motivere til å ta inn lærlingar, men vi kan jo ikkje trylle. Vi er avhengig av at fleire bedrifter kan ta inn lærling.

Sortland Videregående skole avd. Øksnes med noen grener i forgrunn.

Det er tre vidaregåande skular i Nordland med fiskerilinje. Til no er det berre lærlingar ved Sortland vidaregåande som ikkje har fått lærlingplass, men dei andre skulane fryktar det same vil skje hos dei neste år.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Den vidaregåande skulen trur løysinga på nøtta ligg i lønningane til lærlingane.

– Vi ønsker å spele ballen over til Fiskarlaget for at dei skal diskutere korleis lønn lærlingane på kystfiskarflåten skal ha, seier Steinsvik og legg til:

– Viss kostnaden med å ha lærlingar blir litt lågare, vil fleire båtar ha med seg lærlingar om bord. Då kan vi sikre utdanningsløpet. Det er viktig at dei som har begynt får fullføre.

Leiar i fiskarlag: – Sit langt inne

Gudmund Rognan, leiar i Øksnes fiskarlag, trur årsaka til at mange no vil bli fiskarar er at næringa har gått godt over fleire år.

No meiner han det kanskje ikkje er nok fiskebåtar til å halde fram som før.

Gudmund Rognan, leder i Øksnes Fiskarlag, har blå og grå strikkagenser, blå øyne og kort, grått hår. Han ser i kamera. I bakgrunn er kar med fisk i.

– Det er ein helt annan økonomisk situasjon og utsikter i næringa enn vi har hatt dei siste ti åra. Det er nok ein grunn til at mange kvir seg til å ta inn lærlingar, seier Gudmund Rognan, leiar i Øksnes fiskarlag.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Likevel er han usikker på senke løna til lærlingane.

– Det sit litt langt inne. Lottsystemet er veldig godt innarbeidd hos fiskarane, og det kan ta litt tid å få gjort noko med det.

Fiskarane, deriblant Rognan, har nemleg i årevis jobba med å få opp løna til lærlingane.

To fiskebåter ligger til kai i Stø i Vesterålen. Den fremste er grønn og heter Anderøy, den andre er blå. I bakgrunn synes hvite og røde hus på den andre siden av fjorden.

Både torsk, sild, blåkveite og makrell har kvotane blitt senka mykje. Det går ut over kva fiskarane tener og kor mykje dei har råd til å setje av til lærlingar.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Ein ungdom kan vere veldig bra for miljøet på ein fiskarbåt, og det er framtida vår. Vi treng dei for å drive næringa vidare.

Men om ein har lærlingar på båten, går det ut over kva dei andre på båten får av utbyte.

Fiskarlaget: Løna går ned for nokon

Båteigarane og mannskapet i Fiskarlaget sit no i forhandlar om tariff til mellom anna lærlingane.

Torsdag blei dei einige om å skru ned løna og ta vekk lott på deler av flåten.

Jesper Johnsen (18) er fiskerilærling og jobber på oppdrett i Bø. Han har lyst kort hår med midtskill, blå øyne og mørke øyebryn og har på seg en sort genser med glidelås. Han står foran en merde ved oppdrettsanlegget der han jobber.

– Eg hadde sommarjobb her, så fekk eg lov til å fortsette. Eg trivst og får jobbe med flotte folk. Difor går det bra for min del, seier Jesper Johnsen om å måtte jobbe eit år på fiskeoppdrett før han kan bli lærling på fiskebåt.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

På fartøy med besetning på tre eller færre vil lærlingane tene 18.000 per månad det første året. Det andre året som lærling vil dei tene 23.000 kroner i månaden, fortel Heidi Rånes, leiar i Båteigarseksjonen i Fiskarlaget.

Dette gjeld frå 1. januar 2025.

Høge kvotar og gode fiskeprisar samstundes med ei strukturering i flåten har gjort at kvotane til kvar enkelt båt er større. Difor har lærlingane også tent meir, seier ho.

En blå fiskebåt ligger til kai. Bildet er tatt nedenfra fra der båten er fortøyet.

– Lottsystemet som vi har i fiskeria, der reiarlag og mannskap delar fangstinntektene etter å ha trekt frå driftsutgifter, har lang tradisjon, seier Heidi Rånes, leiar i Båteigarseksjonen i Fiskarlaget.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

I Hvaler i Østfold har fiskerilinja fått dispensasjon frå tariffavtalen. Der får elevane fast løn i staden for ein prosentsats. Der fekk alle lærlingar plass i år.

Rånes fortel at denne erfaringa er ein av årsakene til at dei no går for denne løysinga for hele landet.

Rognan i Øksnes Fiskarlag håper i staden på ei auke i lærlingtilskotet. Det har Troms og Finnmark fylkeskommune allereie gjort.

Ein livslang draum

Jesper Johnsen har villa bli fiskar så lenge han kan hugse. Både broren, faren og bestefaren hans er nemleg fiskarar.

– Interessa begynte tidleg, allereie då eg var seks år, begynte eg å skjære torsketunge. Då lærte eg at det er mykje pengar i fisk.

Jesper Johnsen (18) er fiskerilærling og jobber på oppdrett i Bø. Han står og ser ut over en fjord der det ligger flere fiskebåter.

Jesper Johnsen fortel at det kan bli veldig lange dagar og lite søvn på fiskebåt. – Ein jobbar til ein har full båt. Det kan fort ta eit døgn.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Mangel på lærlingplass trur han kan gå ut over andre sine draumar.

Om det er vanskeleg å få plass, kan det godt vere at mange finn seg andre ting å gjere.

Dirfor trur han det kan vere ei god løysing å setje ned løna.

– Eg kan ikkje svare for alle i landet, men eg tenkjer at det er ein moglegheit å ta ned løna. Samstundes er det eit så tøft yrke at ein burde få godt betalt.

Publisert 31.10.2024, kl. 14.21 Oppdatert 31.10.2024, kl. 14.25

Read Entire Article