Jenny (20) var flau over idretten sin: – Eg blei ofte ledd av

2 weeks ago 15



– Då eg var yngre, var eg ganske flau over det. Og det er litt fælt å seie, for eg elskar å drive med bowling. Men eg ville ikkje at folk skulle sjå på meg som unormal eller rar, eller at eg skulle bli utestengd eller erta.

Det fortel Jenny Mathiesen openhjarta til NRK.

I dag er Solør-jenta Noregs nest beste bowlingspelar på kvinnesida, og ho er spådd ein lovande karriere – også internasjonalt.

– Blei ledd av

NRK møter henne på Veitvet i Oslo, der ho deltar i lag-NM. I dette miljøet kjenner ho seg heime. Folk kjem bort og helsar. Dei stiller spørsmål, og det er heilt tydeleg at mange ser opp til henne.

I andre miljø har det likevel vore vanskeleg for Mathiesen.

– Å vere bowlingspelar på barneskulen var ikkje så veldig gøy. Viss folk spurde meg om bowlinga, visste eg ikkje om dei ville håne meg eller om dei faktisk var nysgjerrige, seier ho og legg til:

– Det var ingen som såg på det som ein sport, og eg blei ofte ledd av viss eg svarte seriøst. Så da valde eg heller å ikkje seie noko om det, seier Mathiesen.

20-åringen er frå ein skikkeleg bowlingfamilie. Mora, faren og dei to eldre brørne hennar speler alle bowling på høgt nivå. Fire år gammal fekk Mathiesen si første bowlingkule. Og då ho var sju år, bygde familien ein bowlinghall på Flisa i Innlandet.

 Pappa Gjermund, Jens, Jenny, Jørgen og mamma Elin Helene Mathiesen.

BOWLINGFAMILIE: Pappa Gjermund (frå venstre), Jens, Jenny, Jørgen og mamma Elin Helene Mathiesen.

Foto: Fredrik Saltbones / NRK

Vann NM – fekk ingen gratulasjonar

Med fri tilgang til kuler og bane blei ho raskt god, og ho spelte tidleg på nivå med jenter som var fleire år eldre enn henne.

Men ingen utanfor bowlingmiljøet tok idretten hennar på alvor, ifølge Mathiesen. Eitt minne frå skolen, frå ho var 13 år gammal, har brent seg fast som eit tydeleg eksempel på det.

– Ein dag fekk vi kake i klasserommet. Eg hadde nettopp blitt noregsmeister, så trudde eg at det var for meg. Men så viste det seg at det var for fotballgutane i klassen som hadde vunne ein uoffisiell noregsmeisterskap. Eg – som akkurat hadde vunne NM i bowling – fekk ikkje høyre nokon ting, seier Mathiesen.

– Kvifor trur du det er sånn?

– Eg trur det er altfor vanleg å tenke at idrett berre handlar om dei «vanlege» sportane, som handball og fotball. Det er det som blir sett på som «ekte» idrett, og mange er kanskje ikkje opne for at folk kan ha ulike interesser. Bowling blir ofte assosiert med bursdagar, party og alkohol, men på verdsbasis er det noko heilt anna. I andre land er det spelarar som har bowling som heiltidsjobb.

jenny-mathiesen-bowling

STRIKE, STRIKE, STRIKE: Jenny Mathiesen har som mål å få over 200 poeng kvar bowlingrunde. Da må over halvparten av kasta vere strike.

Foto: Fredrik Saltbones / NRK

Ei ukjent side blant venner

Mathisen fortel at ho har mange venner, men ho føler at dei ikkje kjenner alt ved henne.

– 80 prosent av livet mitt handlar om å legge til rette for at eg kan spele bowling. Og det er ei side av meg dei kanskje aldri kjem til å forstå. Dei skjønner ikkje kvifor eg jobbar så hardt og bruker såpass mykje pengar på å spele bowling.

Ulf Hämnäs, sportssjef Norges bowlingforbund

MEDFØLANDE: Ulf Hämnäs, sportssjef Noregs bowlingforbund.

Foto: Fredrik Saltbones / NRK

Det Mathiesen fortel, er kjent tematikk for Noregs Bowlingforbund.

– Eg blir først og fremst veldig lei meg av det Jenny fortel, seier Ulf Hämnäs, sportssjef i Noregs Bowlingforbund.

– Men det er dessverre ikkje første gong vi høyrer det. Vi skulle ønske at utøvarane våre blei anerkjende for dei prestasjonane dei leverer. Men dessverre er dette gjenkjenneleg for oss som driv med bowling, seier sportssjefen.

Ein av dei som kjenner seg igjen, er Mia Linnea Lillegjære. 18-åringen frå Orkanger speler på juniorlandslaget og svenske BK Bågen i Hagfors.

– Bowling blir jo liksom samanlikna med pizza, øl og fest. Det blir jo ikkje tatt seriøst, seier Lillegjære.

Jenny Mathiesen og Mia Linnea Lillegjære

BOWLING-VENNAR: Mia Linnea Lillegjære (t.h.) saman med Jenny Mathiesen.

Foto: Privat

Har blitt stolt av bowlinga

Det unge talentet går på ein eigen bowlinglinje på vidaregåande i Sverige. Ho har med åra lært seg å bli meir stolt av idretten sin.

– Etter kvart som eg har blitt eldre, har eg lært at ikkje alle driv med same idrett – og at det er forskjell på kva folk interesserer seg for. Jo eldre eg har blitt, desto meir stolt har eg blitt av å prate om bowling med folk eg møter, seier Lillegjære.

For Jenny Mathiesen har det også hjelpt å snakke med kollegaer i bowlingmiljøet. Ho har – til liks med Lillegjære – tatt med seg kula til Sverige.

jenny-mathiesen-bowling

FULL KLAFF: Fire gonger har Jenny Mathisen spelt ein perfekt serie og fått 300 poeng (12 strike på rad). Den første gongen ho klarte det, var ho 15 år gammal.

Foto: Fredrik Saltbones / NRK

– Heller bowlingtur enn sydentur

Der speler ho i ein langt sterkare liga enn den norske.

– Eg har funne folka som bryr seg om det. Det er mange bowlingfolk som står bak det eg meiner, og eg veit at vi er mange som kjenner på det same. Og det at vi då kosar oss med idretten vår, og at vi veit kva som gjeld, har hjelpt til at vi kan stå saman, seier ho.

Denne innstillinga har bidrege til å ta henne langt i bowlingverda. Nyleg blei ho nummer seks av dei beste kvinnelege bowlingspelarane i Europa.

No ser ho fram mot eit nytt år der ho skal jakte titlar og triumfar mot verdseliten.

– Ja, eg storkosar meg med bowlinga, og eg får dratt på veldig mange reiser. Og eg veit at mange kanskje synest det er veldig rart å legge så mykje pengar i det, men eg brukar heller pengar på ein bowlingtur enn å fare på ein sydentur. For eg veit at det er noko eg likar å drive med, og noko eg er stolt over, seier Mathiesen.

Sportssjef Ulf Hämnäs er full av lovord. Han meiner Mathiesen har potensial til å bli éin av dei beste spelarane i verda.

– Ho er eit kjempetalent som kan nå veldig langt. Det er det ingen tvil om. Ho trenar mykje og gjer det ho skal, så ho kan vere ein del av verdseliten i løpet av nokre år, meiner Hämnäs.

Publisert 09.12.2024, kl. 10.59

Read Entire Article