Jay-Z blir skulda for valdtekt saman med «Diddy»

2 weeks ago 25



Shawn Carter, meir kjend som Jay-Z, blir omtala som ein av dei til no ukjende namna i overgrepssakene reist mot Sean «Diddy» Combs.

I eit sivilt søksmål blir Carter skulda for å ha valdtatt ei 13 år gamal jente. Overgrepet skal ha skjedd i år 2000, på ein fest i etterkant av prisutdelinga MTV Video Music Awards, ifylgje NBC.

Carter tar i ei fråsegn sterk avstand frå skuldingane.

– Desse påstandane er så grufulle at eg ber deg anmelde, ikkje gå til sivilt søksmål. Den som vil gjere seg skuldig i eit slikt lovbrot mot ein mindreårig bør stengast inne, er du ikkje einig?, skriv rap-artisten.

Sean "Diddy" Combs

Sean «Diddy» Combs er tiltalt for seksuelle overgrep, kroppsskade og utpressing.

Foto: Jordan Strauss / AP

Kvinna som skuldar Jay-Z for overgrep hevdar han valdtok ho fyrst, før Combs følgde etter. Ifylgje søksmålet skal kvinna sin advokat ha kontakta Carter for å få til «mekling for å løyse saka», skriv CNN.

I eit svar til advokaten kallar Carter førespurnaden eit utpressingsforsøk.

– No må kona mi og eg setje oss ned med barna, eitt av dei er i ein alder der vennane hennar vil sjå dette i media, og fortelje om vondskapen og grådigheita i somme folk, skriv Carter.

CNN har òg tatt kontakt Carter si kone Beyoncé Knowles for ein kommentar, utan hell.

Ifylgje kanalen er Jay-Z fyrste kjendisen som er skulda for seksuelle overgrep i samband med «Diddy».

Combs avviser alle skuldingar

Sean «Diddy» Combs er av føderale styresmakter tiltalt for seksuelle overgrep, kroppsskade og utpressing. Påtalemakta skuldar han for å ha drive eit «sexforbrytarimperium».

Combs blei pågripen i New York 16. september.

Rapparen har avvist alle skuldingar og sagt han er uskuldig.

Sean "Diddy" Combs i rettssalen i forbindelse med begjæring om løslatelse.

Combs må truleg sitte i varetekt til mai 2025.

Foto: Jane Rosenberg / Reuters

Han er tiltalt for menneskehandel og utpressing. Combs har òg fleire søksmål mot seg for seksuelle overgrep, mellom anna mot eit ti år gammalt barn. Han har avvist alle skuldingar mot seg.

Samstundes står Combs overfor fleire sivile søksmål. Meir enn 130 personar har skulda han for mellom anna valdtekt, seksuelle overgrep og seksuell utnytting.

Fire gonger har «Diddy» bede om å sleppe fri frå varetekt mot kausjon, og like mange gonger har han fått avslag.

Utan lauslating frå fengselet i Brooklyn er 55-åringen venta å sitte i varetekt til rettssaka startar 5. mai 2025.

Publisert 09.12.2024, kl. 05.42

Read Entire Article