Jaktar på mystisk oljelekkasje: – Vi kan ikkje grava opp heile Lonevåg

1 week ago 21



Det er som ei Sareptas krukke. Ei kjelde som aldri ser ut til å gå tom.

På Osterøy utanfor Bergen har eit oljeutslepp fått mange til å klø seg i hovudet. Ved småbåthamna i Lonevåg kjem det tynn olje ut av eit røyr som går ut i sjøen. Fagfolk seier det luktar som ei blanding av diesel og parafin.

Ikkje så mykje, men om lag ti liter kvar dag i to år blir ganske mykje til saman. Og det har enno ikkje slutta å renna.

– Griseri!

Oljerestane kan sjåast over eit stort område.

– Det er noko griseri! Det er slett ikkje appetittleg, spesielt no når badesesongen nærmar seg. Det er ikkje bra for fuglelivet heller, seier Terje Nilsen, som bur eit par kilometer frå Lonevåg.

Nilsen stiller spørsmål ved om kommunen har gjort nok, eller om dei burde henta inn fagfolk utanfrå.

Oljeutslepp Osterøy

Olja kjem ut frå eit røyr under kaien, og legg seg som ein tynn film på overflata. Kommunen har lagt ut lenser for å få kontroll på utsleppet.

Foto: Osterøy brann-redning

– Uforklarleg

– Dette er ei uforklarleg nøtt for oss. Kommunen veit rett og slett ikkje eksakt kor oljesølet kjem frå.

Det sa teknisk leiar i Osterøy kommune Kenneth Taule Murberg til lokalavisa Bygdanytt då heradsstyret nyleg blei orientert om den mystiske lekkasjen.

– Kanskje det nye Troll-feltet ligg under Lonevåg, sa han med eit smil, ifølgje avisa.

Politikarane fekk høyra at kommunen har snudd alle steinar i jakta på kjelda til utsleppet, men at det går ei grense.

– Vi kan ikkje grava opp heile Lonevåg, sa kommunalsjef for samfunnsutvikling Arnstein Øvsthus.

Oljeutslepp Osterøy

Den tynne hinna av olje som ligg på overflata kan sjåast eit godt stykke utanfor Lonevåg. Bildet er tatt i april.

Foto: Privat

Vurderer metalldetektor

Teknisk leiar Kenneth Taule Murberg seier til NRK at dei har gjort mykje for å løysa problemet.

– Vi har følgt røyrsystema, overvatn, kikka i alle kummane, hatt kamera i røyra og prøvd å utelukka ein del område.

Folk frå kommunen har også sett på gamle kart, og funne område med gamle tankar. Men det er så store mengder som kjem ut at Murberg meiner det er nesten utenkeleg at det er ein dieseltank som lek.

– Vi har vurdert å leiga inn ekspertise, som mellom anna kan søkja med metalldetektorar, seier han.

– Dette er ei stor bekymring for oss. Vi blir ikkje kvitt det.

Oljeutslepp Lonevåg

I februar blei røyret spylt av eit spesialfirma. Dette er eitt av fleire tiltak kommunen har gjort.

Foto: Osterøy brann-redning

Kritisk til kommunen

Naturvernforbundet Hordaland er kritisk til å at oljeutsleppet har gått føre seg så lenge. Dei viser til at forureiningslova slår klart og tydeleg fast at kommunen har ansvaret for å følgja opp.

At Osterøy kommune ikkje evnar og/eller prioriterer å stoppa eit pågåande oljesøl er skuffande nok. At dei har latt det gå så lang tid utan å få kontroll på utsleppet er svært urovekkjande, kommenterer fylkessekretær Pål Fidjestøl i Naturvernforbundet.

NRK har vore i kontakt med Statsforvaltaren i Vestland. Dei er så langt ikkje kopla inn i saka.

Kommunen jobbar med saka, og vi håpar at dei finn kjelda og kan setja inn tiltak, skriv miljødirektør Kjell Kvingedal i ein e-post.

Det kjem nye meldingar om oljeutsleppet omtrent kvar dag, ifølgje kommunen.

– Her ein dag såg ein flaket utover Osterfjorden og heilt over til andre sida, fortel Murberg.

– Om folk har gode tips må dei gjerne ta kontakt. Vi treng all den hjelpa vi kan få.

Oljesøl Osterøy

Oljefilmen er godt synleg. Dette bildet er tatt for om lag eit halvt år sidan.

Foto: Privat

Publisert 08.05.2024, kl. 05.39

Read Entire Article