Jaktar «draumegrense» etter skademareritt: – Det er så å seie umogleg

7 hours ago 2



VM i Tokyo var sist Sander Skotheim konkurrert i mangekamp. Meisterskapen enda med diskvalifikasjon etter at han reiv ein hekk på 110 meter hekk på ulovleg vis.

I januar rauk han eit ligament nedst i foten, som har halde han på sidelinja i fem månader. Alternativ trening har stått på menyen i vekevis. No er han skadefri, og i helga gjorde han comeback i tyske Ratingen.

– Eg er veldig klar. No er det fem månader sidan eg opererte, så eg er ganske happy. Det ser lovande ut, sa Sander Skotheim til NRK før løpet.

Sander Skotheim må trene alternativt på grunn av et inngrep i foten

ALTERNATIV TRENING: Sander Skotheim måtte trene annleis i vinter, då han var skadd.

Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK

Under tikampen i Tyskland opna han med å springe 100-meteren på 10.94, tilsvarande 874 poeng. Det er 50 poeng bak rekordløpet frå i fjor.

I lengdehopp klarte han 7.32 meter, som gav 891 poeng. Til samanlikning hoppa han 8,06 meter i fjor, 1076 poeng.

– Det funkar ikkje heilt. Han har jo vore lenge ute med skade og har gitt bort veldig mange poeng allereie, sa VG sin kommentator Jørn Sundby etter lengdeøvinga.

Det gjenstår tre øvingar laurdag og fem øvingar på søndag av tikampen i Ratingen.

Drøymegrensa

Planen til 24-åringen er å gå tre mangekampar i løpet av sesongen. I kjent stil siktar han høgt. I august er det EM i Birmingham.

– Målet for året er lett. Det er å vinne EM. Enkelt og greitt, fortel Skotheim.

Under eit stemne i austerrikske Götzis i fjor gjekk Skotheim 8909 poeng. Det er gjeldande noregsrekord og poengsummen plasserte han samtidig på ein delt sjuandeplass gjennom tidene.

No vil han bryte det han kallar drøymegrensa, som berre ei handfull andre utøvarar har klart før han.

– Får ein 9000 poeng, er ein liksom på det høgaste nivået. Det er berre fire stykk som har klart det tidlegare, så det er ei ordentleg draumegrense i tikamp, seier han.

– Om eg klarer å finne tilbake til den forma eg hadde før Götzis, så er 9000 poeng absolutt mogleg i løpet av sesongen.

Sander Skotheim under VM i Tokyo i 2025.

MARERITT: Her riv Skotheim hekken på ulovleg vis under VM i Tokyo, og dermed blei han diskvalifisert frå konkurransen.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFP,NTB

– Eksklusiv klubb

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal meiner Skotheim sitt mål viser ein utøvar i form.

– Det synest eg er utruleg artig å høyre at han seier, fordi at det betyr at han har behalde ambisjonsnivået sitt og at han sannsynlegvis då har kontroll på den her skadesituasjonen.

– Når han siktar mot drøymegrensa på 9000 poeng, så tyder det på at han er heilt i orden igjen etter skaden. Det er eit krevjande og ambisiøst mål, men med det han viste i fjor så var han absolutt på veg til å komme dit, seier Rodal.

– Det tar han i så fall inn i ein veldig eksklusiv klubb om han klarer 9000 poeng, og det i seg sjølv seier noko om nivået når det berre er fire som har gjort det før han.

Vebjørn Rodal

HAR TRUA: NRKs friidrettsekspert trur Skotheim kan bli ein av tidenes beste mangekjemparar.

Foto: Sigmund Sagberg Andersen

Rodal er imponert over korleis Skotheim har takla det siste årets motgang med både skade og diskvalifikasjon i VM.

– Eg sa det då han tusla ut av VM-stadion i Tokyo, lynforbanna og med eit visst aggresjonsnivå, etter å ha nulla på hekk og blei diska der. At er det éin utøvar som klarar å bruke det her konstruktivt og til å forsterke motivasjonen inn i ein ny sesong, så er det nettopp han.

– Så tenker eg at vi er heldige i Noreg som har to svært gode tikjemparar. Ein er altså olympisk meister, og den andre er verdsmeister og europameister innandørs, og begge er i stand til å utfordre Kevin Mayer sin verdsrekord, avsluttar Rodal.

Olympisk meister Markus Rooth skal ikkje delta i helgas stemne i Ratingen.

Vil bli historisk

Om ein legg saman alle personlege rekordane Skotheim har i kvar øving i tikamp, er totalsummen godt over verdsrekorden i mangekamp. Utfordringa er å sette saman 10 gode øvingar i ein og same konkurranse.

– Det er så å seie umogleg, men ein kan sette saman 8–9 gode øvingar, seier han.

Men om han klarer å sette saman den perfekte konkurransen ein eller annan gong, trur Skotheim hans namn vil stå i gullskrift i mangekamp-samanheng.

– I historisk samanheng har eg lyst til å bli den beste som har drive med tikamp nokon gong. Så det betyr jo at eg har lyst til å vinne alt. Eg har lyst til å ha verdsrekorden når eg legg opp ein gong, avsluttar han.

Publisert 27.06.2026, kl. 13.19 Oppdatert 27.06.2026, kl. 13.25

Read Entire Article