Student Nora Tangen Aarskog spør i Fædrelandsvennen 20. januar kven som passar på nynorsken ved UiA. Som tidlegare og nåverande leiar i det språkpolitiske utvalet ved UiA, vil vi svare: Det gjer vi – og alle ved UiA.
Språkpolitisk arbeid ved eit universitet skjer ikkje gjennom vedtak. Ved UiA arbeider og skriv hundrevis av menneske: vitskapleg tilsette, administrativt personale, kommunikasjonsrådgivarar og studentar. Språkpolitikk i praksis blir derfor til gjennom kvardagslege val – ikkje berre gjennom styringsdokument.
Kven tek ansvar for nynorsken på UiA?
Åpen
UiA har eit språkpolitisk utval som har fått eit mandat frå universitetsstyret. I det mandatet står det at vi skal følgje språklova og universitets- og høgskolelova. Det språkpolitiske utvalet prøver å passe på at nynorsken er tilgjengeleg og synleg.
Vi oppfattar Aarskog sitt innlegg som at ho tenker på tre ting:
Studentar som kjem til UiA, bør oppleve det å (fortsette å) nytte nynorsk som naturleg. Dei bør til dømes få eksamensoppgåvene sine på nynorsk, viss dei ber om det. Til dette svarer vi eit absolutt ja. Studentane har krav på nynorsk eksamensoppgåve dersom dei har registrert ønsket sitt i det felles studentsystemet. Ein del fag er flinke til å lage eksamensoppgåver på nynorsk, andre kan absolutt bli flinkare.
Aarskog meiner også at studentar bør få sjå nynorsk rundt seg, mellom anna for å ikkje bytte til bokmål som hovudmål. Dette er vi einige i, og arbeider med. Studentar som skriv nynorsk er ein ressurs for universitetet og vi ønsker å styrke samarbeidet med Studentorganisasjonen i Agder og mållaga i Agder slik at nynorsk blir synlegare i student-produserte tekstar.
UiA har vore dårlege på å ta ansvaret sitt for nynorsk på alvor. Vi er glade for å sjå at Aarskog ser vi har blitt betre. Saman med kommunikasjonsavdelinga prøver vi å få opp prosenten nynorsk i synlege tekstar frå UiA. Likevel ser vi at det kjem til å bli vanskeleg å nå dei lovpålagde 25 prosent nynorsk i dei årlege oppteljingane frå Språkrådet, mellom anna fordi desse teljingane tel med alle sider, alle tekstar, både lange, arkiverte tekstar ingen les, og dagsaktuelle saker med forskingsnytt og postar på sosiale medium.
Det er mykje å arbeide med. Det språkpolitiske utvalet ved UiA passar på nynorsken og prøver å oppmuntre alle til å bruke meir nynorsk. Men vårt arbeid i utvalet er ikkje å optimalisere statistikken, men å styrke status og synlegheit for nynorsk der det faktisk betyr mest.
Eit realistisk mål – og ei klårare retning
Vi meiner det er lite realistisk – faktisk umogleg – å nå 25 prosent nynorsk på alt offentleg digitalt innhald ved UiA i 2026. Men 25 prosent på hovuddelen av UiA.no er eit mål som både er meiningsfullt og i tråd med intensjonen i språklova: at nynorsk skal vere synleg og til stades. Vidare vil vi prioritere arbeide med viktige tekstar som eksamensoppgåver, som ikkje er tatt med i Språkrådets statistikk.
Så: Kven passer på nynorsken ved UiA?
Svaret er både enkelt og komplekst: Vi gjer det – men ikkje åleine.
Heile UiA gjer det, gjennom vala vi tar i tekstane vi skriv og publiserer kvar dag. Språkpolitikk er ikkje eit teknisk måltal. Det er ein del av det demokratiske fellesskapet ved universitetet.






English (US)