Då dei tre offiserane kom på døra seint ein ettermiddag 8. desember 2023, visste Sharon Eisenkot kva det gjaldt med det same.
Den 19 år gamle son hennar, Maor, var drepen i Gaza.
Som kampsoldat i Golani-brigaden, skulle Maor sikre ein moské i Khan Younis. Så gjekk ei bombe gjekk av. Han blei drepen momentant.
Sharon Eisenkot braut saman. Ho hadde mist sonen sin. Men så fekk ho eit spørsmål som ho måtte svare på:
Ville ho at dei skulle ta ut sæden til hennar avdøde son?
– Eg tvilte ikkje ein augeblink og skreiv under.
Det fortel Eisenkot heime i leilegheita si i Eilat, heilt sør i Israel, til NRK.
Den no avdøde Maor og mora nokre veker før Maor blei drepen.
Foto: PrivatHeile stova ber preg av bilete og teikningar av sonen og sjølv uniformsjakka hans er i glas og ramme. Ho har også fått kopiert alle tatoveringane hans på sine eigne armar. «Ta ein risiko eller mist sjansen», står det på éin av dei.
Ho har allereie begynt å leite etter ei kvinne som kan bere fram barnet.
– Det har hjelpt meg i sorga, og eg kunne fortelje søstera og bror hans at dei kunne bli onkel og tante til Maors barn, seier ho.
Mor Sharon har sett opp fleire bilete for å minne son hennar, Maor.
Foto: Ksenia Novikova / NRKHo er ikkje den einaste.
Det er snart 20 månadar sidan Hamas-angrepet i Israel. Alle familiar som har mista ein son i terrorangrepet eller krigen som har følgt angrepet, har fått tilbod om å få sæden til sonen.
Prosedyren er utført på om lag kvar fjerde falne soldat. Eit utenkeleg tilbod for alle palestinarar i Gaza der krigen herjar.
I ein krig med mange døde, kjempar begge partar for å føre slekta si vidare.
Må bevise ønsket om barn
Før krigen trongst ei rettsavgjerd for å ta ut sæd, men ikkje no lenger. Og sidan det først og fremst er unge, einslege soldatar som blir drepne, er det hovudsakleg foreldre som ber om å gjere det.
Advokat Irit Rosenblum har spesialisert seg innan familielovgiving og representerer nokre av familiane.
– Dei håpar å få eit barnebarn og det skal eg sørge for at dei får. Eg ser ingen grunn til at vi ikkje skal vinne fram i domstolen, seier ho.
Irit Rosenblum forsvarar familiar som vil bruke sæden til ein fallen soldat i retten.
Foto: Ksenia Novikova / NRKFor der er éi utfordring for familiane: for å kunne bruke sæden må dei bevise for retten at den døydde ønskte barn.
– Ofte blir familiar bedne om å donere organ, men ingen nemnde tidlegare at det var mogleg å ta vare på sæd. Medan andre barn blir fødde med ukjent sæddonor, kan dei her bli fødde inn i ein stor familie som elskar deg.
Ho ser ingen etiske problem med det.
– Her er det snakk om menneske som har mista alt. Dei har ingenting, men her er nøkkelen til å få dei litt tilbake til livet.
Det er derimot andre som stiller seg meir kritiske til dei etiske spørsmåla.
Eigaren av den døde kropp
– Kven eig rettane til ein død kropp?
Det spørsmålet stiller professor og fertilitetslege, Ariel Revel, seg.
Han opnar tanken der embryo og sædceller er fryste ned. Tanken held 196 minusgrader – der kan det bli oppbevart der lenge.
Revel har hjelpt mange barnlause par, men meiner ein no står ved eit vegskilje der vitskapen kryssar den biologiske grensa:
– Når ein er død held ein som regel ikkje fram med å få barn.
Han nemner at om ein hadde sæd oppbevart frå Charlie Chaplin eller Albert Einstein kunne dei fortsett å få barn i fleire tiår eller hundrevis av år etter sin død.
Det meiner han reiser nokre etiske spørsmål.
Problemet oppstår når det er ein einsleg mann og foreldra hans vil ha eit avkom, meiner han.
Også på gata i Tel Aviv er folk delt.
Ksenia Novikova / NRK
Zehava Glantz
- Eg trur det er ei verkeleg god idé. Og eg trur dei kan nyte å ha eit barnebarn, sjølv etter at dei kjenner på tapet. Eg trur på alle måtar vi kan gi dei attende barnet eller sonen deira.
Ved sidan av henne sit venninna Miriam. Ho er ikkje einig...
Ksenia Novikova / NRK
Miriam Kalderon
- Eg kan ikkje tru at du støttar slikt. Kvifor ikkje? Fordi det er å bringe fram eit barn som vil vere foreldrelaus frå starten av, seier ho då ho høyrer venninna Zehava seie at ho synes det er ein bra praksis.
Ksenia Novikova / NRK
Dana Wolf
- Det er komplisert på grunn av vår religion. Eg trur vår religion er imot det. Så eg veit ikkje kva dei religiøse tenkjer om det. Men eg er ikkje religiøs, så eg trur det er veldig smart å gjere det.
Dana fortel til NRK at ho kunne tenke seg å bere fram eit barn av ein død soldat.
Tviler ikkje på barneønsket
Sjølv om det finst liknande ordningar andre stader i verda, verkar situasjonen i Israel unik.
Sharon Eisenkot sørger over son sin ved grava hans.
Foto: Ksenia Novikova / NRKVegen til barnebarn har likevel vorte komplisert for Sharon Eisenkot. Ho tvilar ikkje på at sonen ønskte seg barn.
– Han ønskte seg tre barn. Det fortalde han venner. No startar vi med eitt og ser kvar det fører, seier ho.
Interessert i meir utanriksstoff? Høyr podkasten vår her:
Publisert 02.06.2025, kl. 09.31