Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) skriv i ei pressemelding at deira kontor i Rafah blei øydelagt av eit eksplosivt prosjektil.
Den israelske hæren (IDF) stadfestar at dei skaut på bygget. Dei skuldar på ei «ukorrekt identifisering».
Bygget var tydeleg merka og alle partar hadde fått beskjed om det, ifølge ICRC.
– Heldigvis blei ingen tilsette skadde i denne hendinga, men dette har ein direkte effekt på ICRC si evne til å drive sitt arbeid, skriv dei.
Israel har innleia ein ny offensiv i byen, som ligg heilt sør på Gazastripa. I helga gav IDF innbyggarane i delar av byen ordre om å reise derifrå.
Palestinske Røde Halvmåne har dei siste dagane jobba for å hente folk ut frå bomba bygg, medan Røde Kors sine feltsjukehus har tatt imot alvorleg skadde.
Samstundes er eit team frå Røde Halvmåne sakna, fortel utanlandssjef i Noregs Røde Kors, Jørgen Haldorsen.
– Sidan søndag har eit team med ambulansepersonell frå Palestinske Røde Halvmåne vore sakna, etter at dei var på oppdrag i Rafah. Ingen veit kor dei er hen, seier han.
Ein reparasjonsplass for ambulansar som ligg i flyktningleiren al-Maghazi blei treft av eit israelsk luftangrep måndag 24. mars.
Foto: EYAD BABA / AFP / NTBFN trappar ned innsatsen i Gaza
Førre veke mista ein FN-tilsett livet og fem blei såra i ein eksplosjon i eit bygg som blir brukt av FN-organet Unops.
Talsmann for FNs generalsekretær, Stéphane Dujarric, seier at det var ei israelsk stridsvogn som angreip bygget.
Måndag kunngjer han at FN vil vere mindre til stades på Gazastripa framover, trass at dei humanitære behova blir stadig større.
Ein tredel av rundt 100 utanlandske FN-arbeidarar skal bli trekte ut av område. 13.000 lokalt tilsette palestinarar blir igjen. Mange av dei jobbar for UNRWA, FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar.
Det israelske militæret har tidlegare avvist at dei stod bak angrepet på Unops-bygget. Dei har per no ikkje kommentert opplysningane frå FN.
Utan naudhjelp i tre veker
Det har gått over tre veker sidan Israel blokkerte all naudhjelp inn til Gazastripa. Dei har også kutta all straumforsyning, starta opp at dei omfattande luftangrepa og innleia bakkeoperasjonar fleire stadar.
Slektningar av journalisten Hussam Shabat, som mellom anna samarbeidde med Al Jazeera, under gravferda hans i Beit Lahiya nord på Gazastripa. Shabat blei drepen i eit luftangrep mot køyretøyet hans måndag 24. mars.
Foto: BASHAR TALEB / AFP / NTBOpptrappinga er eit brot på våpenkvileavtalen som blei inngått mellom Israel og Hamas i januar.
Rundt 700 palestinarar er drepne i angrepa dei siste dagane, ifølge tal frå palestinske helsemyndigheiter. Dei skil ikkje mellom sivile og stridande.
– Det finst ingen trygge stadar på Gaza no. Heile sivilbefolkninga har flykta mange gongar, men det er ikkje mogleg å finne tryggleik nokon stad, seier Røde Kors' Haldorsen.
Publisert 24.03.2025, kl. 21.36