Israel har sett i gang ein omfattande bakkeinvasjon i både nordlege og sørlege delar av Gaza. Det melder nyheitsbyrået Reuters.
Det israelske forsvaret (IDF) skriv på X at dei har gjennomført angrep mot Hamas i Gaza som del av ein bakkoperasjon.
Samstundes fordømmer statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) angrepet på Gaza natt til sundag 18. mai.
– Noreg fordømmer Israels angrep mot Gaza i natt, der over hundre menneske er drepne, og blant dei mange barn, seier Støre til NTB.
– Israel bruker liding og svolt som våpen mot befolkninga i Gaza. Vi får daglege utsegner frå den israelske regjeringa, som seier rett ut at dei forsvarer at befolkninga svelt og blir fordrivne. Dette er klart i strid med folkeretten.
– Valden må stoppe, gislane må frigivast og nødhjelp må få sleppe inn. Den humanitære situasjonen på Gaza er katastrofal, seier han vidare.