Israel beordrar militæret til å hindre båt med naudhjelp frå å nå Gaza

5 hours ago 5



Nyhendebyrået Reuters melder at Israels forsvarsminister Israel Katz har beordra forsvaret (IDF) til å hindre at ein naudhjelpsbåt når Gaza.

Klimaaktivisten Greta Thunberg er saman med elleve andre på veg på Gazastripa i seglbåten «Madleen». Det er aktivistorganisasjonen Freedom Flotilla Coalition (FFC) som står bak.

Til antisemitten Greta og følgesvennene hennar, Hamas sine propagandaforkjemparar, seier eg tydelig: vend tilbake, for dykk kjem ikkje til å nå Gaza, seier Katz.

en mann som holder en mikrofon og en kvinne som klapper

Thunberg har engasjert seg i saka mot Israel si krigføring i Gaza. Her er ho avbilda i Italia for ei veke sidan, før ferda til Gaza starta.

Foto: Salvatore Cavalli / AP / NTB

På søndag skreiv FFC på Instagram at dei opplever problem med kommunikasjonsverktøya sine. Problema meiner dei er målretta frå Israel.

Båten reiste frå hamna i Catania, på Sisilia i Italia, måndag.

No er dei litt under 300 km frå Gaza.

Tidlegare angrep

FFC blei utsett for eit angrep under ei tidlegare reise til Gaza med naudhjelp. Då var dei i internasjonalt farvatn utanfor Malta.

Ingen har sagt at dei stod bak angrepet, men FFC sjølve meiner Israel stod bak.

Publisert 08.06.2025, kl. 13.55 Oppdatert 08.06.2025, kl. 14.27

Read Entire Article