Isak får ikkje det tilbodet kommunen sjølv meiner han har krav på

1 week ago 6



Nett no sit seks år gamle Isak i ro.

Han har akkurat kome heim frå barnehagen, og puslar med bokstavklossene sine.

Men det skal lite til før Isak vert villare. Han har barneautisme og har eit stort omsorgsbehov.

Han forstår ikkje kva som kan vere farleg og øydelegg mykje. Han har sin eigen døgnrytme.

Heimkommunen Skien konkluderte før jul med at Isak har krav på å få plass på avlastingsbustad to netter i månaden.

Men dei har ikkje kapasitet til å gje han dette. Og dei veit heller ikkje når dei vil få det.

Gutt som blir reflektert i fjernsynsapparat

Isak liker alfabetet og barne-tv.

Foto: Theo Aasland Valen / NRK

– Ein blir jo frykteleg skuffa. Vi har fått innvilga noko som vi i realiteten ikkje får, seier mor Irene Åsen.

Familien til Isak er ikkje i ein unik situasjon.

Stadig fleire klagar

Stadig fleire klagar på at dei ikkje får tenester i kommunane som dei meiner dei har krav på etter lova.

Pasient- og brukarombodet opplever at klagar på manglande kommunale tilbod har nær dobla seg på fem år.

Berre for manglande avlastingsbustader har klagesakene gått frå 125 i 2020, til 228 i 2025.

– Av det les eg at ressursane i kommunane er for små. Og at dei ikkje klarer å prioritere omsynet til dei pårørande som står i ein kjempestor belastning, seier Jannicke Bruvik. Ho er nasjonalt koordinerande pasient- og brukarombod.

Klagane kjem frå kommunar av alle storleikar, over heile landet.

Bruvik meiner det ikkje held å skulde på at det er dyrt eller vanskeleg å gje tenester som avlastingsbustader.

– Alle har rett på forsvarlege helsetenester, uansett økonomisk situasjon i kommunen. Så dette er noko ein må prioritere, uansett om ein vil eller ikkje.

Bruvik meiner kommunane må bli flinkare å samarbeide med kvarandre. Og at terskelen for å kjøpe inn private tenester må bli lågare.

Portrett bilde av kvinne

Pasient- og brukarombod Jannicke Bruvik meiner kommunar ofte berre ignorerer det er lovpålagde å tilby.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Viser dårleg økonomi

Kommunesektorens Organisasjon (KS) meiner statistikken viser at det er stort press på tenestetilboda i kommunane.

Dei viser til at det er no vert brukt meir ressursar gjennom heimebasert tenester på dei under 50 år, enn dei over.

– Vi er ikkje kjende med at stadig fleire kommunalt let vere å tilby dei tenestene dei er lovpålagde, seier Helge Eide, områdedirektør i KS.

– Samstundes er det liten tvil om at presset på helse- og omsorgstenester, og somme gonger tilgang på kvalifisert personale, gjer at det i aukande grad oppstår eit gap mellom tenestetilbodet brukarar og pårørande melder behov for, og kva kommunar kan tilby.

Skien kommune, heimkommunen til Isak, kan ikkje kommentere saka hans.

Men på generelt grunnlag seier dei at det er varierande ventetid frå sak til sak. Kommunen gjer no tiltak for å auke kapasiteten noko.

Helge Eide, Områdedirektør Samfunn, velferd og demokrati Kommunenes Sentralforbund

Helge Eide er områdedirektør for samfunn, velferd og demokrati i KS.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

– Lågt prioritet

– Det er fantastisk å vere mor til Isak. Men samstundes er det særs krevjande.

Irene Åsen seier ei avlastingsnatt kvar 14. dag kunne gje dei ei mogelegheit til å senke skuldrene, vere litt kjærastar og få ei heil natt med søvn.

Ho har ein heil perm full av utgreiningar, vedtak og avslag i sjukdomshistoria til Isak.

– Kommunen må jo få ressursane til å strekke til alt. Men vi føler jo at vi er pårørande til ei sårbar gruppe, og vi føler vi stadig vekk er dei som vert nedprioriterte.

Publisert 06.03.2026, kl. 15.55

Read Entire Article