Iran-angrep kan skje måndag

1 month ago 31



Kjelder til Axios

Etter drapa på leiarar i Hizbollah og Hamas har Iran trua med å gjengjelda tenesta. Ein amerikansk general er allereie i regionen for å mobilisera eit motangrep.

 ATTA KENARE / AFP
TRUAR: Øverste leiar i Iran, ayatolla Ali Khamenei har uttalt at det er regimet si plikt å hevna drapet. Her frå ein pressekonferanse tidlegare i år Foto: ATTA KENARE / AFP

Publisert 04.08.2024 21:18

Frykta for storkrig i Midtausten har auka betrakteleg etter at Hizbollah-topp Fuad Shukr og Hamas-leiar Ismail Haniyeh vart drepne tidlegare denne veka. 

Øvste leiar i Iran, Ayatollah Ali Khamenei, har tidlegare beordra hemn på Israel. 

Fleire amerikanske militære kjelder forventar at hevnangrepet kan skje allereie på måndag, ifølge Axios

 AP/IDF/AFP
DREPNE: Nestkommanderande i Hizbollah, Fouad Shuk, hjernen bak terrorangrepet 7. oktober, Mohammed Deif og Hamas sin øvste politiske leiar, Ismail Haniyeh, har alle blitt drepne nyleg. Foto: AP/IDF/AFP

Netanyahu: – I krig mot vondskap

Benjamin Netanyahu brukar harde ord når han skildrar situasjonen mellom Iran og Israel. 

– Israel er i krig på fleire frontar mot ondskapens akse, leia av Iran. Me er førebudd på eitkvart scenario, både i forsvar og angrep, sa Netanyahu tidlegare i dag. 

Han understrekar at motangrep kjem til å kosta fiendane hans dyrt, uansett kva front dei må kjempa på. 

 Abir Sultan / AP
KRASS: Statsminister i Israel, Benjamin Netanyahu, lovar å slå hardt tilbake på eit potensielt motangrep. Foto: Abir Sultan / AP

Fleire land kan bli involvert

I tida etter drapa har Iran stengt luftrommet over landet, og sendt ut 14 såkalla NOTAM, eller «Notice to Airmen».

Dette har auka frykta for at eit angrep er nærståande. USA har allereie sendt over fleire jagarfly, krigsskip og fleire tusen soldatar for å assistere Israel. 

– Om det (angrepet) skjer i morgon eller ikkje. Det som er sikkert, er at Iran kjem til å gjengjelda etter dei har blitt audmjuka på heimebane, seier Dag Henrik Tuastad, som er professor i Midtaustenhistorie på Universitetet i Oslo. 

 Erik Monrad-Hansen / TV2
UROA: Professor i Midtaustenhistorie på UiO, Dag Henrik Tuastad Foto: Erik Monrad-Hansen / TV2

Han meiner Iran er tvungne til å svara på desse angrepa for å oppretthalda autoriteten til støttespelarar og allierte, sjølv om dei kanskje ikkje ynskjer ein krig med Israel.

– Kva kan ein storkrig, som mange fryktar, gjera med denne regionen?

– Det kjem litt an på responsen. I angrepet i april bidrog Jordan og Saudi-Arabia til å skyta ned iranske missil. Gjer dei det no, kjem houthiane til å angripa Saudi-Arabia og irakisk milits kjem til å angripa Jordan. Då har ein plutseleg ein krig med mange fleire land involvert, seier Tuastad. 

Professoren trur at Jordan og Saudi-Arabia no er redde, og at dei einaste som er klare militært er USA. 

Han trur derfor at denne konflikten kan bli ganske avgrensa. 

Unntaket er viss Hizbollah angrip Israel frå nord. Då får ein fort 150 til 200.000 rakettar som kan bli svært dystert, ifølge Huastad. 

Det har foreløpig vore uklart om Hizbollah og Iran skal gjennomføra eit koordinert angrep eller om dei gjer det separat. 

Read Entire Article