Invasjon eller avtale: Her er Trump sine alternativ i Iran

19 hours ago 2



Trump snakkar om konstruktive samtalar samtidig som han har truar med «fullstendig øydelegging».

Donald Trump skal vere villig til å avslutte krigen, sjølv om Hormuzsundet ikkje er fullstendig gjenopna, ifølge lukka kjelder, skriv Wall Street Journal.

Samtidig varsla han øydelegging av energianlegg innan 48 timar natt til laurdag 1. mars. Så blei fristen forlengd med fem dagar, før han blei utsett til 6. april.

Et bilde viser et rom med ødelagte vegger. En blå sofa og to blå lenestoler står fremdeles, men er dekket av rusk. Et maleri henger på veggen over sofaen. Flere ledninger og rør henger ned fra taket. Det ligger bygningsrester spredt rundt i rommet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ein bygning i hovudstaden Teheran er øydelagt etter eit amerikansk og israelsk angrep mot byen 23. mars.

Foto: Vahid Salemi / AP,NTB

Så kva skal vi tru?

Her er fem moglege scenario Midtausten-ekspertar ser for seg:

Bakkeinvasjon

Det er lite truleg at ein full bakkeinvasjon av Iran vil skje, men at avgrensa operasjonar er realistiske, ifølge ekspertar.

– Det kan vere raid inn mot strategisk viktig infrastruktur for Iran. Som at dei tar Kharg-øya, der Iran skipar ut 90 prosent av olja si, for å bruke det som eit forhandlingskort og pressmiddel overfor Iran.

Det seier Sigbjørn Halsne seksjonsleiar ved Krigsskolen til NRK.

– Det som taler imot, er at det vil forlenge konflikten og føre til enda høgare oljeprisar. Det som taler for, er at USA ennå ikkje har oppnådd dei strategiske måla sine med krigen, legg han til.

Satellittbilde av Kharg-øya i Hormuz-stredet

Satellittbilete av Kharg-øya som ligg i Hormuzsundet.

Foto: AFP PHOTO / © 2026 PLANET LABS PBC

USA har sendt fleire tusen fallskjermsoldatar og 5000 marineinfanteristar til Midtausten. Dette er soldatar som er trena til ein invasjon.

Det er ikkje snakk om nokon fullskalainvasjon, men det finst planar for angrep utført av infanteri og spesialstyrkar, seier ikkje namngitte tenestemenn til Washington Post.

Utanriksreporter Kjersti Strømmen forklarer kvifor Kharg er viktig i den pågåande krigen i Midtausten.

Ekspertar åtvarar mot invasjon av Kharg-øya, fordi iranske missil og dronar gjer det ekstremt farleg for amerikanske styrkar.

– Det vil påføre Iran eit psykologisk overbevisande slag, men det vil sette amerikanske soldatar i fare. Det er ikkje langt frå fastlandet, åtvarar Michael Eisenstadt overfor nyheitsbyrået AP.

Han er tidlegare amerikansk militæranalytikar som no leier programmet for militær- og tryggleiksstudium ved Washington Institute.

Eisenstadt seier Iran kan påføre USA store tap der. Ein bakkeinvasjon vil også utløyse aksjonar frå iranske allierte, som Houthi-militsen og Hizbollah.

Derfor er Kharg-øya viktig:

  • Kor ligg Kharg-øya?

    Kharg-øya ligg i Persiabukta og høyrer til Iran.

    Øya ligg rundt 25 km frå fastlandet og er om lag åtte kilometer lang og fire kilometer brei. Befolkninga består hovudsakleg av arbeidarar i oljeindustrien.

  • Kvifor er øya viktig?

    Øya har ein av dei største oljeterminalane i landet.

    Meir enn 90 prosent av oljeeksporten til Iran går frå Kharg-terminalane. Om USA invaderer Kharg-øya, er det òg ein stad dei kan angripe det iranske fastlandet frå.

  • Kvifor bruker Iran denne øya?

    Kysten ved det iranske fastlandet er for grunn til at oljetankskip kan kome til. Ved øya Kharg går lange brygger ut til djupt vatn, der store tankskip kan laste olja om bord.

  • Kva kan skje med øya?

    USA sin president Donald Trump seier til avisa Financial Times at han ønsker å ta olja i Iran, og at han kan kome til å ta over den viktigaste terminalen for oljeeksport i Iran på Kharg-øya. Trump seier òg at han vil utslette øya om det ikkje blir nokon avtale med Iran.

  • Kva seier Iran?

    Irans fungerande forsvarsminister Majid Ebne Reza seier til det iranske nyheitsbyrået IRNA at dei vil halde fram med å straffe aggressorar.

    Iranske styresmakter har òg sagt at dei vil angripe olje- og energianlegg knytte til USA og allierte. Dei vil òg angripe andre amerikanske mål i Midtausten.

Øydelegging av energianlegg

Måndag kom Trump med sin hittil kraftigaste trussel.

Truth Social skreiv presidenten at USA er i forhandlingar med det han omtalar som eit nytt regime. Dersom dei ikkje kom til nokon avtale, ville han «fullstendig utslette alle kraftverk, oljebrønnar og Kharg-øya».

Han sa det ville vere gjengjelding for alle amerikanske soldatar som blei drepne i løpet av dei 47 åra til regimet.

Oljerøyrleidningar på hamna på øya Kharg. Bildet er frå 1971.

Foto: Horst Faas / AP,NTB

Eit slikt angrep vil ha fleire negative følger for USA:

  • Oljeprisen vil gå opp, noko som er negativt for amerikanarar flest
  • Iran vil høgst sannsynleg svare med å angripe oljeanlegg i Midtausten
  • Det vil svekke eit eventuelt nytt regime i Iran

Halsne meiner mykje talar imot øydelegging av energianlegg.

– I det du øydelegg det, har du ikkje lenger det forhandlingskortet. Om du tar kontroll over det, kan du bruke det overfor motstandaren, resonnerer Halsne.

Øya Kharg ligg vest for Iran i Persiabukta.

Richard Nephew, tidlegare amerikansk spesialutsending for Iran, meiner også øydelegging av desse anlegga er lite strategisk.

– USA og Israel er klar over at dersom dei treffer det, risikerer dei at Iran rettar seg mot oljeinfrastrukturen i statane ved Persiabukta, seier Nephew til Financial Times.

Det langsiktige spelet til USA er å sikre at Irans oljereservar er i vennlege hender, meiner han.

Slutt på krigen utan avtale

Eit anna mogleg scenario er at det blir slutt på krigen utan einigheit mellom USA og Iran.

– Eg trur Trump kan måle det inn i biletet han ønsker. Han kan seie at dei har bytt ut regimet med ein annan leiar og at dei har oppnådd mykje militært, seier Halsne.

Han påpeikar at USA har store militære sigrar:

  • 10.000 angrep med fly har øydelagt Irans luftvern og sett Iran langt tilbake
  • Irans ballistiske missilstyrkar er sterkt reduserte
  • Veldig mange av utskytingsrampene er øydelagde
  • Iran skyt 80 til 90 prosent mindre no enn dei gjorde dei første dagane
  • Om lag 140 skip er senka
  • Dei siste dagane er stadar der dei produserer dronar slått ut.

Amerikanske marinesoldatar som førebur seg på å reise frå Kuwait for å forsterke ambassadeområdet i Bagdad, 29. mars.

Reuters

Halsne seier at internt politisk press i USA taler for at krigen blir avslutta. Det som taler imot er at USA ikkje har fått pressa Iran til forhandlingar ennå.

Utanriksminister Marco Rubio sa fredag at USA kan nå alle mål utan soldatar på bakken.

Pentagon utviklar «eit siste slag» i Iran, som vil inkludere bruk av bakkestyrkar og ein massiv bombekampanje, rapporterte Axios.

Trump skal no vere villig til å avslutte krigen sjølv om Hormuzsundet ikkje er opna, seier ei kjelde til avisa.

Ei moglegheit er at Trump vil presse europeiske land og statane i Persiabukta til å «gjenopne» Hormuzsundet, seier ei kjelde til Wall Street Journal.

To menn sitter i stoler og ser utover et havneområde. I bakgrunnen ligger to store skip til kai. Lys fra belysning langs havnen reflekteres i vannet. Det er skumring. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

To tankskip ligg ankra utanfor Muskat i Oman 9. mars.

Foto: Benoit Tessier / REUTERS,NTB

20 prosent av oljeeksporten i verda går gjennom Hormuzsundet. 84 prosent av olja og 83 prosent av den flytande gassen som gjekk gjennom sundet i 2024 skulle til Asia, ifølge USAs energibyrå.

Suzanne Maloney, Iran-ekspert og visepresident ved Brookings Institution i Washington, meiner det er «utruleg uansvarleg» om Trump avsluttar krigen utan nokon avtale om Hormuzsundet.

– USA og Israel starta krigen saman og kan ikkje gå bort frå konsekvensane, meiner Maloney.

– Energimarknaden er global. Den økonomiske skaden berre veks om sundet framleis blir halde stengt, seier ho.

Hormuzsundet

  • Kva er Hormuzsundet og kvar ligg det?

    Hormuzsundet er ei av dei viktigaste skipsrutene i verda for transport av olje. Sundet går mellom Iran og Oman, og skil Persiabukta frå resten av Arabiahavet.

    Gjennom sundet, som på det smalaste er i underkant av fem mil breitt, blir ein femtedel av olja og gassen i verda frakta. I 2025 vart rundt 20 millionar fat olje frakta gjennom Hormuzsundet kvar dag, ifølgje det amerikanske energidepartementet. Det svarer til ein energihandel for nær 600 milliarder dollar i året.

    Olja kjem ikkje berre frå Iran, men også frå Irak, Kuwait, Qatar, Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata.

  • Kvifor er Hormuzsundet viktig i krigen mellom USA, Israel og Iran?

    – Hormuzsundet er ein av dei stadene der det er enklast for Iran å påverke militært, noko som har stor effekt på verdøkonomien. Dette kan igjen påverke USA ved å skape uro i verdsmarknadene, fortel Kyrre Tromm Lindvig.

    Han er hovudlærar ved seksjon for strategi og fellesoperasjonar ved Forsvarets Høgskole.

    Kort tid etter at USA og Israel gjekk til åtak på Iran, truga Iran med å «stenge» Hormuzsundet og setje fyr på alle skip som prøvde å passere.

    USAs president Donald Trump har åtvara om at Washington vil slå endå hardare tilbake dersom Iran blokkerer oljeeksporten.

  • Kvifor skjer det angrep ved Hormuzsundet no?

    Lindvig forklarer at Iran har mista mykje av evna si til å angripe med avanserte missil, som tidlegare vart brukte mot mål i Persiabukta, USA og Israel.

    – Med Hormuzsundet kan Iran framleis påverke militært på ein veldig effektiv måte med relativt enkle middel, slik som dronar, småbåtar og miner, seier Lindvig.

    Iran meiner at alle amerikanske eller israelske skip, eller skip som fraktar olje for dei to landa, er legitime mål.

    Hittil er det meldt om minst 14 angrep mot skip i Hormuzsundet dei siste to vekene. Onsdag vart lasteskip som segla under flagga til Thailand, Japan og Marshalløyane angripne. Den iranske revolusjonsgarden innrømmer å ha stått bak angrepet på det thailandske skipet.

  • Kva er konsekvensen av å stenge Hormuzsundet?

    Sidan krigen starta, har så godt som all skipstrafikk gjennom Hormuzsundet stått på pause. Det fører til at transporten av olje og gass stoppar opp.

    Når trafikken blir forstyrra, hoppar olje- og gassprisane kraftig, noko som igjen har stor effekt på aksjemarknadene i verda, forklarer Lindvig.

    Analysebyrået Wood Mackenzie ventar oljeprisar på 150 dollar fatet dei neste vekene, føreset at Hormuzsundet framleis er stengt. Dei åtvarar også om at prisen kan stige til 200 dollar fatet i løpet av 2026. Før krigen låg prisane på omkring 70 dollar per fat.

    I tillegg må fleire produsentar redusere produksjonen fordi lagera deira blir fylte opp når eksporten stoppar opp, forklarer Lindvig. Irak, Qatar og Kuwait er nokre av landa som har bestemt seg for å redusere produksjonen av olje og gass.

    Dersom situasjonen i Hormuzsundet vedvarer, vil det vere 20 prosent mindre olje og gass i verda enn vi er vande med. Asia og Europa er dei mest sårbare regionane for forstyrringar i forsyninga, og er meir avhengige av import av råolje, gass og drivstoff frå Midtausten enn andre delar av verda.

Slutt på krigen med avtale

USA og Iran har kontakt via mellommenn. Mens Trump skryter av framgang i forhandlingane, speler Iran dette ned.

Framleis står USA sine fire sentrale krav igjen:

  • Ikkje noko iransk atomvåpenprogram
  • Sterk reduksjon i talet på ballistiske missil som kan true amerikanske basar og Israel
  • Stans i støtta av regionale proxy-grupper som Houthier, Hizbollah og Hamas
  • Regimeendring. Det er uklart om det held med byte av leiar eller om USA vil krevje fullstendig slutt på prestestyret i Iran.

– President Trump kjem til å gå uforstyrra vidare, og han forventar at det iranske regimet vil inngå ein avtale med administrasjonen», sa pressesekretær Karoline Leavitt i Det kvite hus på måndag.

En kvinne i en rosa kjole med blomstermønster taler bak et podium. Hun har blondt hår og ser mot siden. I bakgrunnen er en blå vegg med et insignium. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Pressesekretær Karoline Leavitt i Det kvite hus svarte på spørsmål frå pressa måndag.

Foto: Julia Demaree Nikhinson / AP,NTB

Irans utanriksminister Esmaeil Baghaei meiner at USA sine krav er «overdrivne, urealistiske og urimelege», seier han på ein pressekonferanse til Al Jazeera.

Tidlegare i veka la Iran fram sine eigne krav:

  • Ein fullstendig stans i «aggresjon og snikmord»
  • Etablere konkrete mekanismar for å sikre at krigen ikkje blir tatt opp igjen
  • Utbetaling av krigsskadeerstatning og oppreising
  • Krav om at krigen blir avslutta på alle frontar og for alle iranske stadfortredarar i regionen – noko som vil krevje slutt på Israel sine angrep mot Hizbollah i Libanon
  • Garanti for at Iran kan utføre suverenitet over Hormuzsundet

Baghaei understreka at samtalane med USA ikkje er ei formell forhandling, og at landet er førebudd på ein bakkeinvasjon.

Krigen held fram

Rubio har ved gjentatte høve understreka at krigen i Midtausten «ikkje kjem til å bli ein langvarig konflikt».

Men la oss tenke at ingen av dei fire scenarioa over skjer, og at krigen berre held fram.

Ekspertar meiner at dette er lite truleg ettersom krigen er upopulær i USA, og Trump møter eit politisk press for å avslutte krigen.

Donald Trump vinker med høyre hånd mens han ser mot kamera. Han er iført en mørk dress, hvit skjorte og et rødmønstret slips. Bak ham skimtes en lys himmel og en skrå lys flate, muligens fra et fly. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Trump si krigføring i Iran er upopulær i heimlandet.

Foto: Elizabeth Frantz / REUTERS,NTB

Halsne peikar på at det er mogleg at USA erklærer siger og reiser heim, medan Iran ikkje ser seg ferdig med krigen.

Iran kan då halde fram med å blokkere Hormuzsundet og gjennomføre angrep mot basar i området.

Slik det er no har Iran overtaket over sundet. Det ettersom dei ikkje eingong treng å angripe fartøy så lenge trusselbiletet er alvorleg nok til at reieria ikkje tør å segle gjennom. Slik vil Iran lukkast med å forstyrre den globale energihandelen, seier analytikarar til CNN.

Men dette kan føre til langvarige høge oljeprisar og mangel på viktige varer som ikkje kjem seg gjennom det mykje omtala sundet.

Følg utviklinga i Midtausten her:

Interessert i det som skjer i verda? Høyr Urix sin podkast-episode her:

Publisert 31.03.2026, kl. 20.55 Oppdatert 31.03.2026, kl. 20.59

Read Entire Article