Interpellasjon nr. 6 (2025-2026)
VG har avslørt at fleire legar som har mista autorisasjonen i andre land, fortsatt har kunna jobbe som lege i Noreg. Statens helsetilsyn har svikta og har ikkje behandla varslingane dei fekk om legar som har skadd eller feilbehandla pasientar i andre land, og som kan utgjera ein fare for norske pasientar. Dette handlar om legar som er dømde for alvorlege feilbehandlingar, utskriving av store mengder narkotiske stoff til seg sjølv eller nærståande, utnytting av pasientar seksuelt, og så vidare. At Statens helsetilsyn ikkje har hindra slike legar frå å jobbe i norsk helsevesen, er ein stor skandale.
Saka sin karakter er så alvorleg at eg vil be statsråden snarast informera Stortinget om korleis dette i heile tatt kunne skje, kva omfanget er, konsekvensar det har hatt for pasientane, og kva som no vert gjort for å rette opp i skandalen?
Oversendt regjeringen: 30.10.2025
Til behandling
Spørsmål
Kjersti Toppe (Sp): VG har avslørt at fleire legar som har mista autorisasjonen i andre land, fortsatt har kunna jobbe som lege i Noreg. Statens helsetilsyn har svikta og har ikkje behandla varslingane dei fekk om legar som har skadd eller feilbehandla pasientar i andre land, og som kan utgjera ein fare for norske pasientar. Dette handlar om legar som er dømde for alvorlege feilbehandlingar, utskriving av store mengder narkotiske stoff til seg sjølv eller nærståande, utnytting av pasientar seksuelt, og så vidare. At Statens helsetilsyn ikkje har hindra slike legar frå å jobbe i norsk helsevesen, er ein stor skandale.
Saka sin karakter er så alvorleg at eg vil be statsråden snarast informera Stortinget om korleis dette i heile tatt kunne skje, kva omfanget er, konsekvensar det har hatt for pasientane, og kva som no vert gjort for å rette opp i skandalen?

















English (US)