Innan forsking og utvikling susar våre naboland av garde, medan Noreg er på søndagstur.
Publisert: 21.11.2025 08:00
I Noreg brukar ein urovekkande lite ressursar på forsking og utvikling (FoU). Gjennom meir enn 20 år har målet vore å løfte den samla FoU-aktiviteten til 3 prosent av BNP. 1 prosent skulle kome frå offentleg sektor og 2 prosent frå næringslivet.
Rett nok er ein nær målet for offentleg finansiert FoU. Men næringslivet sin FoU-innsats tilsvarar 0,89 prosent av BNP (2024), tilnærma det same som for 20 år sidan.
For samla FoU-innsats ligg OECD-gjennomsnittet på 2,7 prosent av BNP (2023), medan Sverige og Danmark ligg over 3 prosent. Innan forsking og utvikling susar våre naboland av garde i nærmare 100 km/t, medan Noreg er på søndagstur i 60 km/t.
Berre for å stabilisere etterslepet må norsk næringsliv investere 50 mrd. kroner meir enn i dag – kvart år. Og om ein vil innhente forspranget, så trengst det mykje meir.
Resultat av politikken?
Ei populær forklaring på etterslepet er at oljerikdommen i Noreg legg ein dempar på risikovilje og innovasjonsevne. Næringsstrukturen i Noreg er uansett annleis enn i andre land, blant anna på grunn av olje- og gassverksemda.
Teknologiintensive føretak og verksemder er vesentleg større og meir viktige i Danmark og Sverige, medan næringar som ikkje driv så mykje med FoU, er større og meir viktige for Noreg.
Eit vanleg omkvede er elles at den svake utviklinga i FoU-aktivitet i næringslivet kjem trass i ein velmeinande og ambisiøs politikk på feltet. Etter 20 år utan framgang er det tid for å spørje seg om den svake utviklinga heller kan vere eit resultat av politikken.
Morgondagens næringar
I Noreg er viktige verkemiddel innretta anten mot vitskapleg eksellens og tunge forskingsmiljø eller mot breie generelle mobiliseringsordningar. Dette har gitt store ressursar til dei største forskingsinstitusjonane, tidvis framifrå forskingskvalitet, men samstundes lite målretting av verkemidla til utviklingsarbeid i næringslivet. Noko oppsving i samla FoU-aktivitet i næringslivet er det vanskeleg å spore som resultat.
Den norske modellen gir stor makt til dei rådande særinteresser og kan dermed bidra til ei konservering av økonomiske strukturar og maktforhold. For mykje offentlege FoU-midlar kan difor ha gått til dagens (og gårsdagens) næringsinteresser. For å starte eit sjølvforsterkande løft i FoU-aktiviteten treng ein større merksemd og investeringar i det som kan bli morgondagens næringar.
Forsking tydar elles på at fysisk nærleik mellom næringsliv og forskingsmiljø er viktig for FoU-aktiviteten i næringslivet (sjå td Jaffe, 1989).
Offentleg ressursbruk burde difor reflektere lokaliseringa av næringsaktivitet og verdiskaping. I Noreg har FoU-politikken snarare ført med seg ei sentralisering av midlar til forsking og innovasjon, til dei fire byane med gamle universitet, og spesielt til Oslo og Trondheim.
Symptomatisk
I forlenginga av dette er det nær sagt symptomatisk at regjeringa no foreslår å skrote ordningar for forskingsbasert innovasjon i regionane og samstundes tildele 50 millionar i året til kvart av universiteta i Oslo og Trondheim for satsing på framveksande teknologiar.
At dette er bra for dei store vitskaplege fagmiljøa, er det ingen grunn til å tvile på. Men om justeringa vil løfte FoU-innsatsen i næringslivet, er heller tvilsamt.
FoU-politikken har ikkje lykkast i å mobilisere forsking og utvikling i næringslivet. Tida er moden for ein grundig gjennomgang av innretting av politikk og samansetjing av verkemiddel for forsking og utvikling, og gjerne gjennom ein regjeringsoppnemnt FoU-kommisjon.

1 hour ago
2











English (US)