Det bekreftar Kjerkol til NRK.
– Eg kjenner på både takksam og vemod. Eg har fått lov til å vere med i dette partiet og prege politikken i fleire tiår. Så eg er først og fremst veldig takksam for dei oppgåvane eg har fått, seier Kjerkol til NRK.
Det var Trønder-Avisa som omtalde saka først.
Gir seg etter årsmøtet
Kjerkol seier det er viktig for henne at ho først er ferdig som fylkesleiar etter årsmøtet i Trøndelag Ap i mars.
– Vi har mykje arbeid vi skal komme i gang med nå frå nyttår for å planlegge valkampen godt, så ingen må oppfatte at eg har gått av ennå.
Ho seier Arbeidarpartiet har mykje arbeid som må gjerast med å planleggje valkampen.
– Så vi kjem til å jobbe som vanleg, og med ein litt høgare intensitet i og med at det er valgår, seier Kjerkol.
Leia Trøndelag Arbeidarparti sidan 2020
Kjerkol har vore leiar for Trøndelag Arbeidarparti sidan august 2020.
Frå 2021 var ho også helse- og omsorgsminister, men gjekk i fjor av etter at det blei funnen tekstlikheitar i masteroppgåva hennar.
I november i fjor tapte ho kampen om å stå øvst på lista for Trøndelag Arbeidarparti.
Publisert 02.01.2025, kl. 16.46 Oppdatert 02.01.2025, kl. 16.56