Ute var det frost, klarvêr og stjerneklart. Gradestokken viste rundt 10–15 kuldegrader.
– Eg la merke til mange små figurar på eit område litt utpå isen, seier Ingunn Petrikke Larssen Ottem.
Det var på den tjukke isen som låg over Strandvannet i Bogen i Ofoten ho oppdaga at det hadde danna seg små formasjonar.
Ingunn Petrikke Larssen Ottem
Dukka opp fleire ballerinaer
Ottem, som ofte ser figurar av ting i naturen, har aldri sett noko liknande før. Ho bestemte seg for å forevige augeblinken.
– Det var jo for å få fram korleis det såg ut, at eg la meg på magen for å ta bilde. Og også for å få med utsikta nedover mot bygda, himmelen og terrenget.
Men det var først da ho kom heim at ho oppdaga ei ballerina på isen.
Først ein, og deretter fleire.
– Da eg såg litt nærare på bildet, såg eg at det likna nokon som dansa på isen. Når eg zooma inn på ein av figurane, så det ut som ei ballerina.
Ifølge Ottem var figurane omtrent tre centimeter høge, men dei verkar større fordi ho la seg på magen for å fotografere.
At formasjonane ser ut som «alvar» eller «ballerinaer», kjem av den naturlege variasjonen i krystallveksten. I røynda er dei berre nokre få centimeter høge, men mønstera kan vere overraskande komplekse.
Foto: Ingunn Petrikke Larssen OttemIkkje kvardagskost
– Det de ser er såkalla iskrystall eller rimformasjonar. Det er ikkje snø som har falle ned, men is som har «vakse» på overflata, seier statsmeteorolog, Sigrid Auganæs.
Dette skjer når temperaturen i lufta nær bakken er under null grader, samtidig som luftfukta er svært høg. Da slår vassdamp seg ned på kalde overflater.
– Vassdampmolekyla festar seg lettast på små ujamnskapar og spisse punkt. Når ein liten krystall først har danna seg, vil han tiltrekke seg fleire molekyl og vekse vidare, seier Auganæs.
Resultatet kan bli svært detaljert og dekorative former, som ofte minne om snøkrystall, blomstrar, eller som i dette tilfellet: små figurar.
Slike iskrystall er ikkje kvardagskost, men heller ikkje ekstremt sjeldne.
Fenomenet krev stille vêr, høg luftfukt og kulde over tid. Dei sest oftast om vinteren i skjerma område.
For eksempel på islagde vatn, kvister, gras eller på innsida av vindaugeruter – der vi kjenner dei som «isroser».
Sigrid Auganæs, Statsmeteorolog ved vêrvarslinga i Nord-Noreg.
Foto: Maria Constance Ferreira Maske / NRKPublisert 26.01.2026, kl. 12.18









English (US)