Frivilligheita har alltid stått sterkt i Noreg.
No ser forskarane ei endring.
Det merkast hos dei som ønskjer bruke tilbod som skal hjelpe dei ut av einsemda.
Lange ventelister
Hos Røde Kors er det no over 600 personar som står på venteliste for å få ein besøksven.
– Det er ingen tvil om at det er eit behov her, seier Annelise Flor, seniorrådgjevar i Røde Kors.
Ho har ansvaret for den høgt akta besøksvenordninga til Røde Kors. Sjølv om dei framleis har eit høgt antal frivillige, har dei ikkje nok til å dekke behovet.
– Vi har mista ein del av dei kjernefrivillige, rett og slett fordi dei er blitt eldre.
Må tenke annleis
Medan Røde Kors har lange ventelister for tenesta, har det private selskapet «VilMer» eit overskot av folk som vil hjelpe.
Dei har nemleg byrja å ta betalt for tenestene.
– Vi prøvde å løyse det med frivillige, men behovet var for stort. Difor tilbyr vi løn og krev ein liten sum av dei som brukar tenestene, seier Ola Them-Enger Anfinset, leiar for VilMer Hverdagsvenn.
Her kan du nemleg betale 299 kroner i timen for ein kvardagsven.
– Vi såg dette som det beste alternativet for å fylle det store og raskt aukande behovet. Viss nokon har betre idéar, er det berre å komme med dei.
Stort behov
Befolkninga blir stadig eldre, og fleire må bu heime lenger. Stadig fleire kjenner seg einsame.
Samstundes skrik helsevesenet etter fleire hender på jobb.
Hovuddelen av verksemda til VilMer er å kople frivillige saman med sjukeheimar. Samstundes såg dei eit behov ute i dei norske heimane, og ville supplere tilbodet til Røde Kors med tilsvarande tenester.
Det var enklare sagt enn gjort. Dei klarte ikkje rekruttere nok frivillige.
– For å tiltrekke oss folk, så tilbyr vi løn slik at studentar og andre kan få arbeidserfaring, tene litt ekstra pengar, samtidig som vi dekkjer eit behov som heilt tydeleg er der, seier Anfinset.
Etter at dei byrja å tilby løn til kvardagsvenene, blei rekrutteringa enklare.
– Det hjelpte veldig. For kvar person som har eit behov, så har vi no fem til ti personar som står klare til å hjelpe.
Han meiner dette er den beste av dei tilgjengelege løysingane.
– Det er vanskeleg å rekruttere frivillige. Pårørande har nok å tenke på. Kommunane har ikkje pengar. Då er alternativet å tilby ein betaling. Det bør kanskje ikkje vere sånn, men det er der vi er.
– Vi meiner også det er heilt rimeleg å tilby ei moderat løn til personar som er med å løyse eit enormt samfunnsproblem, samstundes som folk får arbeidserfaring.
Ser ei endring
Daniel Stoltenberg har forska mykje på frivilligheita i Noreg, og understrekar at frivilligheita lever i beste velgåande.
Likevel ser dei ei endring.
– Samfunnet vårt er nok blitt meir individualisert. Vi ser at frivilligheita kanskje er blitt meir instrumentell, i at folk i større grad ønskjer å gjere konkrete tiltak som ein får noko igjen for med ein gong.
Sjølv om verdiar og eit ønskje om å bidra framleis er ein stor motivasjon for at folk er frivillige, ser dei at det er blitt eit større fokus på ytre motivasjonar.
– Dette blir ein spekulasjon, men utviklinga gir uttrykk for ei dreiing der ein ønskjer få noko meir igjen for å vere frivillig. Det kan vere pengar, rabattar eller andre gode som til dømes CV-bygging.
Store forventningar
Han seier det generelt har vore ei auke i frivillig aktivitet i nyare tid, men at det meste er knytt til kultur og fritidsfeltet.
Mellom fire og fem prosent av frivillig aktivitet skjer innanfor helse- og sosialfeltet.
Samstundes er det store forventningar og krav til kva frivilligheita skal løyse.
– Ein ser i den offentlege debatten og i politiske dokument at det blir stilt stadig fleire krav til kva frivilligheita skal løyse. Det kan godt tenkast at det finst ei grense for kva frivilligheita klarar.
Eskalerer fort
Hos VilMer har dei merka ein jamn auke i pågangen frå folk som ønskjer ein kvardagsven, sidan dei starta opp med tenesta for litt over eit år sidan.
Anfinset seier dei ønskjer å gjere sin del for avlaste helsetenesta, pårørande og brukarane som treng tenestene.
– Eg trur frivilligheita er i god form. Hovudutfordringa er at behovet eskalerer såpass fort.
Annelise Flor i Røde Kors seier frivilligheit alltid skal vere gratis og eit sosialt tilskot, men seier trenden viser kor stor behovet faktisk er.
– Eg tenker dette viser kor stort problem vi har med einsemd i Noreg. Det er ein marknad for det.
– Er du uroa for at dette vil bidra til å skape eit større klasseskilje?
– Det klasseskilje ser vi uansett. Dei med ressursar og midlar vil komme betre ut. Vi jobbar aktivt for å nå dei mest sårbare.