Ingen veit kor tid toga kan køyra igjen

1 month ago 28



Fredag kveld for ei veke sidan spora eit godstog av på Arna stasjon i Bergen. Havarikommisjonen har sagt at toget køyrde på raudt lys, men veit ikkje kvifor dette skjedde. Ingen blei alvorleg skadde.

Oppryddinga har halde på sidan søndag. Onsdag kveld blei lokomotivet fjerna frå ulykkesstaden, og då var den siste delen av toget rydda vekk.

Likevel står det att mykje arbeid før det går an å køyra tog forbi ulykkesstaden.

Strekninga Arna-Vaksdal er stengt for all togtrafikk. Inntil vidare må passasjerar mellom Bergen og Oslo ta buss på delar av strekninga, og gods mellom aust og vest må fraktast på andre måtar.

Reparasjonsarbeid på Arna stasjon

Fredag ettermiddag blir det jobba for fullt med å bygga opp igjen alt som blei øydelagt i togulykka sist fredag.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Store skadar på linja

– No har vi sett alle krefter i sving med å gjenoppbygga infrastrukturen som er øydelagt, slik at Bergensbanen kan opna igjen mellom Arna og Vaksdal. Vi kjem til å jobba 24/7 gjennom påska med gjenoppbygginga, seier Hans Gunnar Dokken, regiondirektør Sør-Vest i Bane Nor.

Bane Nor opplyser i ei pressemelding at det er store skadar på infrastrukturen. Både skjenegangen, kontaktleidningsanlegget og signalanlegget har fått skadar som må reparerast.

– Det var først då heile godstoget var fjerna at vi fekk den fulle oversikta over kva komponentar som må bytast ut, skriv dei i pressemeldinga.

Reparasjon etter togulykke

Arbeidet med å reparera skjenegangen og det elektriske anlegget held på for fullt, opplyser Bane Nor.

Foto: Bane Nor

– Vil ikkje spekulera

Pressekontakt Øystein Stavdal Paulsen i Bane Nor seier til NRK fredag føremiddag at dei ikkje vil skapa nokon forventningar om tidspunkt for gjenopning. Derfor vil det ikkje seia noko om tidshorisonten.

– Vi er i gang med full styrke med å gjenoppbygga det som er øydelagt. Det er så langt ikkje mogleg å svara på kor lang tid det arbeidet vil ta. Vi ønskjer heller ikkje å spekulera og gje forhåpningar som kanskje ikkje blir innfridd, seier Stavdal Paulsen.

– Er det snakk om dagar eller veker?

– Nei, vi ønskjer som sagt ikkje å spekulera i det. Men vi jobbar for fullt til vi er ferdige.

Stavdal Paulsen opplyser at det meste må byggast opp igjen på ei strekning på om lag 200 meter, både i og utanfor tunnelen.

Passasjerar som skal reisa med Bergensbanen blir bedne om å følgja med på Vy sin app og nettside for å få oppdatert trafikkinformasjon.

Publisert 29.03.2024, kl. 17.21

Read Entire Article