
Regjeringa ønsker eit mellombels forbod mot ny kryptoutvinning. I mellomtida er det ingen som veit nøyaktig kor mange som driv med kryptoutvinning, eller kor mykje straum dei bruker.
Foto: Truls AntonsenRegjeringa trur dei veit kor mykje kraft som går til kryptoutvinning. Det spørst.
Frå Styggevatnet i enden av Jostedalsbreen tar Jostedøla fart og dundrar nedover mot Sognefjorden.
Men idet elva når botnen av dalføret, og ho passerer Bluefjords datasenter i Gaupne, er det som om ho må kvile ut etter den lange ferda.
På innsida av datasenteret er det ingen kvile.
Til summinga frå kjølevifter blinkar det uavbrote i tusenvis av hyperaktive diodar, medan datamaskinene borar etter neste blokk med kryptomyntar.
Kryptoutvinninga har vore til forlegenheit for Luster kommune, som sponsar det utanlandskeigde datasenteret med rimeleg konsesjonskraft.
Lustringane trudde at krafta skulle gå til meir samfunnsnyttige formål, og har no fått signal om at eigarane tar sikte på å fase ut mining-verksemda i løpet av året.
Det er iallfall målsettinga.
Inntil vidare kan ikkje kommunen gjere stort anna enn å krysse fingrane og håpe at det engelskregistrerte eigarselskapet gjer alvor av det dei seier.
– Vi har ikkje oversikt over det faktiske forbruket
Regjeringa har i fleire år lova kamp mot kryptoutvinning på norsk jord, men så langt har innskjerpingane late vente på seg.
I mellomtida er det ingen som veit nøyaktig kor mange som driv med kryptoutvinning, og før jul åtvara NVE-sjef Kjetil Lund om ein eksplosiv auke i krypto-datasenter i dei delane av landet der straumprisane er lågast.
Til E24 sa han at det dreidde seg om eit «titals datasenter».
Til samanlikning: I det offisielle registeret er det ført opp ni kryptofabrikkar.
Ifølge regjeringa står desse for ein femtedel av datasenter-forbruket.
Anslaget baserer seg på kva datasenteroperatørane sjølv rapporterer at dei gjer.
Fleire spør seg om dette gir eit rett bilde på den faktiske kryptoaktiviteten i Noreg.
– Vi har ikkje oversikt over det faktiske forbruket, seier seksjonssjef i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Sander Norrøne Ask.
Han forklarer at Nkom berre har opplysningar om straumavtalen til dei ulike datasentera, ikkje kva som faktisk renn ut av stikkontakten.
Regjeringa ønsker eit mellombels forbod mot ny kryptoutvinning. I mellomtida er det ingen som veit nøyaktig kor mange som driv med dette, eller kor mykje straum dei faktisk bruker.
Foto: Lefdal Mine Datacenter / NRK– Det som tidlegare var spekulasjonar, har blitt bekrefta
For å danne oss eit inntrykk av det reelle forbruket kan vi studere marknadsdata frå Elhub, som overvaker den norske straummarknaden.
Grafen som openberrar seg viser ein påfallande samvariasjon mellom bitcoin-prisen og straumbruken til norske datasenter:
Den nærliggande forklaringa er at fleire datasenter intensiverer «gruvedrifta» når det er mest lukrativt.
Eit dagsaktuelt og handfast eksempel på dette finn vi i prisområdet som strekker seg frå Sognefjorden i sør til Salten i Nordland.
I oktober, då Bitcoin-verdien låg på eit høgt nivå, stod datasentera for om lag 7 prosent av det totale kraftforbruket i denne prissona (NO3).
Eit halvt år seinare hadde valutakursen falle med nesten 40 prosent i verdi. I same tidsperiode stupte datasentera sin del av straumforbruket til 4 prosent.
Den same marknadssensitiviteten blei demonstrert då ein av dei største børsane for kryptovaluta (FTX) gjekk over ende.
Elhub trekker fram «kryptokrakket» i 2022 som eit bevis på korleis kryptomarknaden påverkar den norske straumbruken.
«Det som tidlegare var reine spekulasjonar, har blitt nærare bekrefta», skriv dei i denne rapporten.
Norsk straum skal ikkje brukast til produksjon av kryptovaluta. Det meiner regjeringa. Det meiner eit fleirtal på Stortinget. Og det meiner LO. Likevel går ein femdel av datasenter-straumen går til kryptoutvinning, om ikkje enda meir.
Foto: Lefdal Mine Datacenter– Kunne vore ei samfunnsnyttig teneste
Anders Lie Brenna, redaktør i EnergiWatch, meiner det er «fleire indikasjonar» på at kryptoaktiviteten i Noreg er større enn det som blir rapportert.
– Datasenter med kryptoutvinning kan vere relativt enkle løysingar som raskt kan settast opp, og som raskt kan stengast ned eller flyttast til prisområde med gunstige straumprisar.
På den andre sida seier han at denne av og på-mekanismen kan bidra til «sårt trengt» fleksibilitet i straumsystemet:
– Hadde denne bransjen fått strenge og tydelege krav, kunne det blitt ei samfunnsnyttig teneste.
Fem grunnar til at kryptoutvinninga i Noreg «sluker» meir straum enn det regjeringa legg til grunn. Sjå under.
Sondre Skjelvik
Avslørande prissensibilitet i straumnettet
Måledata frå Elhub viser at når kryptomarknaden svingar, gjer straumforbruket til datasentera det same. Då Bitcoin-prisen fall i 2022 og gjennom vinteren og våren 2026, stupte forbruket i prisområde NO3 i nøyaktig same periode. Om stabile tenester som skylagring og samfunnskritisk data var ein større del av «dietten», ville ikkje denne samanhengen vore så tydeleg.
NRK
Små sniker seg under radaren
Ein annan årsak til dei mørke tala er at mindre kryptofabrikkar gjer ein «strategisk tilpassing» for å sleppe unna kontroll. Regjeringa si registreringsplikt gjeld berre for datasenter over 0,5 MW, og RME (Reguleringsmyndigheten for energi) stadfestar at dei har varsla Energidepartementet om stor pågang frå mindre aktørar i Nord-Noreg som nettselskapa ikkje har kontroll på.
Petter Larsson / NRK
Rein eigenrapportering utan kontroll
Nkoms register byggjer på kva operatørane sjølv kryssar av for. Sidan krypto er politisk uglesett og regjeringa ønsker forbod, har ikkje aktørane sterke insentiv til å flagge verksemda ope. Myndigheitene har førebels ingen uavhengig kontrollinstans som fysisk sjekkar kva som faktisk føregår på innsida av datahallane.
Even Lusæter
Krypto leiger seg inn hos andre
Mange datasenter driv med såkalla co-location. Det betyr at dei berre eig sjølve bygget, straumtilkoplinga og kjøleanlegget, og leiger ut serverplass til eksterne kundar. Ein operatør kan i god tru rapportere til Nkom at dei driv med «generell datalagring». Men kva kunden som leiger serverane faktisk bruker datakrafta til på innsida har ikkje myndigheitene innsyn i.
Siri Løken
Forskjellen på «bestilt effekt» og «reelt forbruk»
Anslaget til regjeringa på 20 % gjeld reservert kapasitet, ikkje reelt forbruk. Reknestykket tek ikkje høgd for at vanlege datasenter gjerne har variabel last, medan kryptofabrikkar kan køyre på full gass for å maksimere profitten. Krypto kan slik utgjere ein langt høgare del av dei faktiske kilowattimane som forsvinn ut av straumnettet enn det den reserverte kapasiteten tilseier.
Reynir Jóhannesson er dagleg leiar i Norsk datasenterindustri. Han understrekar at kryptoutvinning er konsentrert i dei to nordlegaste straumsonene (der straumprisen tradisjonelt er lågare enn i sør), og at han forventar at medlemmene hans snakkar sant til myndigheitene.
– Eg har aldri høyrt om at det er store mørketal, og ville naturlegvis blitt svært skuffa om selskapa ikkje gir rett informasjon til myndigheitene, seier han.
I april 2024 annonserte regjeringa at Noreg skal «lukke døra» for kryptoutvinning på norsk jord.
– Dette er ein type verksemd vi ikkje ønsker i Noreg, sa energiminister Terje Aasland.
To år seinare er døra like open: Kryptofabrikkane kan halde fram som før, så lenge dei registrerer seg.
Digitaliseringsminister Karianne Tung har derfor presisert at formuleringa om å lukke døra ikkje var ein konstatering, men uttrykk for ein ambisjon:
– Målet er å lukke døra, sa ho i Politisk Kvarter.
– Dette er det fyrste steget.
Digitaliseringsminister Karianne Tung var på besøk hos Lefdal Mine Datacenter før jul. I den gamle olivingruva under Nordfjord er kryptoaktørar ikkje velkomne. Ei ny undersøking frå Opinion viser at berre 8 prosent av befolkninga meiner Noreg bør tillate at bedrifter vinn ut kryptovaluta, medan 52 prosent er imot.
Foto: Sigma2 ASStatsråden: – Bevisste avvik vil vere lovbrot, og vil bli følgt opp
Før jul var statsråden på besøk hos Lefdal Mine Datacenter utanfor Måløy.
Den gamle olivingruva blei i 2017 omskapt til Nord-Europas største datasenter, og lokka til seg selskap med ulike interesser, mellom anna eit tysk kryptoselskap.
Sidan tok datasenteret eit verdival om å avvise alle «krypto-mistenkelege» aktørar.
– Vi seier konsekvent nei til alle førespurnadar der vi skjønnar at det ligg i krypto i botn, sa leiaren til NRK i 2022.
Han la til at kryptoutvinning har «øydelagt omdømmet til datasenterbransjen».
– Det har vore fleire uheldige historier rundt krypto. Det vil vi ikkje vere ein del av.
NRK har konfrontert digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) med at det reelle kryptoforbruket kan vere høgare enn det som er rapportert.
Ho forsvarer kravet om at alle som driv med krypto må registrere seg, men erkjenner det metodiske gapet mellom bestilt kapasitet og straumen som faktisk blir brukt.
– Regjeringa har sørgt for regulering av datasenternæringa i Noreg for første gong, slik at vi no har god oversikt over aktørane og næringa.
På spørsmål om ho stoler på bransjen sine eigne tal, svarer statsråden:
– Vi må føresette at næringsdrivande følger lova og rapporterer til Nkom i samsvar med krava i forskrifta. Bevisste avvik vil vere lovbrot, og vil bli følgt opp.
William Jobling / NRK
Frøya Skjold Sjursæther, MDG
Det er naivt å basere seg på papirarbeid når vi ser korleis straumforbruket svingar i takt med spekulasjonen på krypto-børsane. Desse tala viser at regjeringa har sove i timen og lèt seg føre bak lyset av bransjen. Dei aksepterer i praksis at fellesskapet sine ressursar forsvinn ut av stikkontakten til inga samfunnsnytte.
Live Austgard / NRK
Sofie Marhaug, Raudt
Vi får ikkje det fulle biletet, og rapporteringa må bli langt meir gjennomsiktig. Det er eit faktum at det føregår kryptoutvinning i storskala i Noreg, trass i at Stortinget har vedteke eit forbod minst tre gonger. At regjeringa ikkje leverer på dette og berre skyv på problemet, er sterkt kritikkverdig.
Nkom
Sander Norrøne Ask, seksjonssjef i Nkom
Vi har oversikt over opplysningane om den abonnerte effekten per datasenter basert på registreringsplikta vår, men vi har ikkje oversikt over det faktiske, reelle forbruket deira i sanntid.
Elhub
Eigil Gjelsvik, leiar for analyse i Elhub
Våre måledata viser det samla forbruket for alle datasenter under éin felles næringskode. Det gjer det mogleg for andre å gjere analysar der ein samanstiller Elhub-tala med til dømes bitcoin-kursen for å avdekke samanhengar. Vi har per no ikkje analysert dette nærmare, og har ingen kommentar til om kryptoandelen er høgare eller lågare enn det selskapa sjølv oppgir.
Norsk datasenterindustri
Reynir Jóhannesson, fagleg leiar i Norsk datasenterindustri
Det er ein større konsentrasjon av kryptoutvinning i Midt- og Nord-Norge, og det er bra at Nkom kartlegg bransjen så vi forstår kva straumen blir brukt til. Eg har aldri høyrd om store mørketal, og ville sjølvsagt blitt svært skuffa om selskapa ikkje gir rett informasjon til myndigheitene. For ordens skuld har vi ingen kryptoanlegg som medlemmer hos oss.
NRK
Sverre Alvik, leiar for energiomstilling i DNV
Energiforbruk i datasenter kan vere så mangt, alt frå helsedata til språkmodellar. At Noreg er attraktivt som vert for datalagring, er eit godt utgangspunkt. Men då bør den mest meiningslause bruken – kryptomining – strengt regulerast og fasast ut, slik at det blir plass til viktigare bruk i eksisterande og framtidige datasenter.
Leif Dalen / NRK
Tor Reier Lilleholt, sjefanalytikar i Volue Data & Forecast
Eg deler ikkje mistanken om store mørketal, og meiner kryptoforbruket i den store samanhengen er beskjedent. Framtidas vekst vil uansett kome frå kunstig intelligens og industriell digitalisering. Bransjen bruker gjerne huskeregelen om «dei tre K-ane» for å skildre kva datasentera faktisk blir brukte til: Krypto, Kattevideoar og KI.
NVE
Torfinn Jonassen, seksjonssjef i RME
Nettselskapa har fått ein del førespurnader om tilknyting av små datasenter for kryptoutvinning. Grunnen til at vi brukte formuleringa «eit titals», var usikkerheit om eksakt tal – mellom anna fordi nettselskapa ikkje nødvendigvis veit kva straumen til desse mindre anlegga skal brukast til.
Ukjent
Anders Lie Brenna, redaktør i EnergiWatch
Kryptoutvinning har eit veldig fleksibelt straumforbruk. Viss straumprisen er høg eller kryptoprisane låge, er det uproblematisk å slå av serverane fordi ingen brukarar blir sinte. Krypto-anlegg kan fungere som midlertidige «supervikarar» i straumsystemet fordi dei fort kan slåast av og på, men utfordringa er at denne fleksibiliteten ikkje blir utnytta godt nok i dag
Daniil Thorkild Ryvænge / NRK
Karianne Tung (Ap), digitaliseringsminister
Regjeringa har sørgt for regulering av datasenternæringa for første gong, slik at vi no har god oversikt. Av dei registrerte sentera er det ni som har rapportert at dei heilt eller delvis utvinn kryptovaluta. Vi må føresetje at næringsdrivande følgjer lova og rapporterer rett. Bevisste avvik er lovbrot og vil bli følgd opp.
Publisert 05.06.2026, kl. 21.46













English (US)