Ikkje grunnlag for usikkerheit kring godkjente arealplanar

3 weeks ago 18



Statsforvaltaren i Agder vitja Bygland og Valle 14. og 15. mai. Her drøfta vi det såkalla kommunebiletet – eit verktøy som tek utgangspunkt i utvalde data frå ulike fagområde, og med det teiknar eit overordna augeblinksbilete av kommunane.

Foto: Jacob J. Buchard

Det å byggje gode, tillitsbaserte og etterrettelege relasjonar med kommunane i fylket er noko som gjer oss betre i stand til å forstå situasjonen og særlege forhold i den enkelte kommunen. Etter desse to dagane i Setesdal opplever eg den dialogen som både nyttig og fruktbar.

I eit innlegg i Setesdølen skriv Steinar Kyrvestad i ettertid at eg som statsforvaltar i Agder skaper «usikkerheit kring eksisterande og godkjente arealplanar i dette område, planar som statsforvaltaren har godkjent». Dette med bakgrunn i min uttale om at «Det er grunn til bekymring for videre utbygging i Brokke inkludert Everdalen og Myklevatn».

Verken sitatet som visast til, eller det som er skrive i kommunebiletet, gir grunnlag for usikkerheit rundt gjennomføring av vedtatte reguleringsplanar.

Agder fylkeskommune har lagt fram tal som viser at 58 prosent av planlagd arealbruk framover er tiltenkt fritidsformål. Det pågår diskusjonar i mange kommunar på Agder om dette er ein framtidsretta bruk av areala. Det eg påpeika i Valle er at kommunen har ein berekna planreserve tiltenkt til fritidsformål som er nær like stor som alt det som er bygd ut i Valle kommune fram til i dag, og at dette gir eit perspektiv som kan vere eigna for refleksjon. Kommunen har vedtatt «planvask» i Brokke, og vil då kunne gjennomgå kommuneplanens arealdel og urealiserte planar for å sjå om desse legg til rette for ei ynska og bærekraftig utvikling, eller om det er behov for å gjere endringar.

Read Entire Article