IDF: Israel har tatt kontroll over delar av Rafah

1 week ago 12



Den israelske hæren IDF seier at styrkene deira tok kontroll over området natt til tysdag.

Overgangen er no stengd på grunn av israelske pansra køyretøy i området, ifølge talspersonar frå grensestyresmaktene i Gaza. Det melder Reuters.

Ifølge fråseigna frå hæren, har meir enn 150 Hamas-mål vorte øydelagte.

20 medlem av Hamas skal vere drepne, og fleire tunnelar øydelagte. Ifølge kjelder frå IDF skal tunnelane vere ein del av Hamas' sine underjordiske gangar, men ikkje krysse grensa til egyptisk territorium. Det skriv den israelske avisa Haaretz.

Styrkene har no full kontroll over den palestinske sida av overgangen.

Israel skal ha informert om at dei vil trekke seg ut etter operasjonen, som skal vere avgrensa i omfang, melder AP.

Rafah-overgangen er no stengd fordi israelske pansra køyretøy framleis er der.

IDF skal kome med ei offisiel fråseign snart, ifølge Reuters.

Rafah har blitt ein tilfluktsby for over ein million palestinarar. Måndag fekk dei beskjed om å reise til Khan Younis.

Både egyptiske og palestinske tenestepersonar fortel natt til tysdag til Associated Press (AP) at stridsvognene tok seg inn i byen sør på Gazastripa, og at dei på det næraste var 200 meter unna den egyptiske grensa.

Rafah ligg heilt sør på Gazastripa og grensar til den egyptiske Sinaihalvøya.

Tidlegare måndag blei palestinarar i Rafah bedne om å dra til såkalla humanitære område i påvente av den lenge varsla israelske bakkeinvasjonen, og Israel seier at det er gjennomført «målretta angrep» mot Hamas-mål i Rafah.

Kraftige angrep mot Rafah i natt

Nyheitsbyrået AFP melder at det har gått føre seg kraftige angrep mot Rafah natt til tysdag.

Israel har bomba byen både frå lufta og frå bakken.

Det kuwaitiske sjukehuset i Rafah melder at dei har fått inn minst elleve drepne og fleire titals skadde etter israelske angrep.

Pressar på i forhandlingane

Søndag braut forhandlingane om ei våpenkvile på Gazastripa saman. Tysdag var dei planalgt å starte opp igjen.

Måndag kveld vart det kjent at Hamas hadde godtatt eit forslag om våpenkvile frå Egypt og Qatar. Nyheita vart feira i Rafah, der folk frykta ein israelsk bakkeinvasjon.

Palestinere i Rafah feiret da nyheten kom om at Hamas hadde godtatt et forslag til våpenhvile. Gleden ble kortvarig.

Palestinere i Rafah feira da nyheita kom om at Hamas hadde godtatt eit forslag til våpenkvile. Gleda blei kortvarig.

Foto: Doaa al Baz / Reuters

Gleda vart likevel kortvarig då Israel avviste forslaget.

Ei israelsk kjelde var raskt ute og sa at forslaget såg ut som eit forsøk på å få det til å sjå ut som at Israel er den parten som nektar å gå med på ein avtale.

No fortset forhandlingane. Det gjer også angrepa.

Tysdag sender Qatar ein delegasjon til den egyptiske hovudstaden Kairo. Israels president Benjamin Netanyahu seier også at dei vil sende ein israelsk delegasjon.

Han har flerie gongar, seinast i går kveld, sagt at han vil gå vidare med planane om ein bakkeinvasjon av Rafah uavhengig av forhandlingane. Hamas' aksept av våpenkvileforslaget endrar ikkje på dette.

No fortset forhandlingane. Det gjer også angrepa.

Røykskyer etter et israelsk luftangrep mot Rafah mandag. Egyptiske og palestinske kilder opplyser til AP at israelske stridsvogner entret byen mandag for en begrenset operasjon.

Aust i byen Rafah fekk innbyggarane beskjed om å forlate bydelane måndag morgon. Timar seinare sette Israel i gang med luftangrep mot dei same områda. Natt til tysdag gjekk dei også inn med stridsvogner på bakken.

Foto: Ismael Abu Dayyah / AP

Har beordra evakuering

Israel beordra evakuering av 100.000 innbyggarar i Rafah måndag morgon. Det innebar å sleppe ut flygeblad, ringe og sende melding til dei som oppheldt seg i dei austlege bydelane av byen, med tydeleg beskjed om å forlate området.

Dei har fått beskjed om å flykte til det Israel kallar eit utvida humanitært område. Det ligg i Khan Younis, som er den største byen sør på Gazastripa. Same by vart angripen frå luft og land i desember og januar etter at sivile i det nordlege Gaza hadde fått beskjed om å evakuere dit.

Publisert 07.05.2024, kl. 02.59 Oppdatert 07.05.2024, kl. 07.20

Read Entire Article