I dag kan Giske si stortingsskjebne avgjerast: – Han har gode sjansar

1 month ago 21



– Dersom Trond Giske svarar ja på om han ønsker plass på Stortinget, så ligg det også an til at han har fleirtal i representantskapet i Trondheim Arbeidarparti.

Det seier politisk redaktør i Adresseavisen, Siv Sandvik, i forkant av det avgjerande møte.

På møtet klokka 18 i kveld skal dei velje kven dei ønsker på Stortinget frå Ap i valkrinsen Sør-Trøndelag.

– Medlemmane skal få sagt sitt og til slutt bestemme korleis dette skal sjå ut for Trondheim Arbeidarparti.

Det seier leiar i Trondheim Ap, Pål Sture Nilsen, kvelden før det viktige møtet. Han vil ikkje seie røpe noko om kven som ønsker å stille til Stortinget frå Trondheim Ap.

Men mykje av spenninga er knytt til om Trond Giske blir ein av dei.

– Han har gode sjansar. Nettopp fordi han har bygd opp eit lokallag der ein av dei viktigaste sakene for medlemmane der er å få Giske inn på Stortinget, legg Sandvik til.

Kaotisk oppkøyring

I februar, under årsmøtet til Trondheim Ap, måtte sittande leiar gå av og interne uro kom fram i lyset og opp på talarstolen.

Og uroa internt partiet har ikkje lagt seg, forklarar Sandvik.

– Oppkøyringa til dette møtet viser at Trondheim Ap ikkje er eit samla parti. Splittingane me såg under det opprivande årsmøtet i februar, riv framleis i partiet.

Ein av dei som fekk skulda for dei interne uroa var Trond Giske. På årsmøtet blei han vald inn som nestleiar i Trøndelag Ap.

I etterkant av møtet bad statsminister Jonas Gahr Støre Trondheim Ap om få slutt på bråket.

Men partiet er framleis splitta.

Det er ingen tvil om at Arbeidarpartiet, som nyleg vedtok ein visjon om å vere eit samla parti, ikkje er eit samla parti i Trondheim, seier Sandvik.

– Det er særleg rundt prosessane og måten ting blir gjort på at kritikken kjem frå den eine sida. Medan den andre sida, som støttar Trond Giske, har ei oppfatning om at dei andre er dårlege taparar som ikkje skjøner at dei ikkje har fleirtal i organisasjonen, legg ho til.

Politisk kommentator i NRK Tone Sofie Aglen sa under årsmøtet i februar det er tydeleg at Giske har all makt i Trondheim Ap.

Ikkje avgjort enno

Tidlegare i sommar leverte lokallaga i Trøndelag Ap innspela sine til Stortingsnominasjonane.

Men det var få lokallag som leverte inn sine forslag og enno færre som gav si stemme til Giske.

– Det er jo påfallande få lokallag som har spelt inn Trond Giske sitt namn, med tanke på kor mykje merksemd han har fått i media. Mitt inntrykk er jo at mange har vore skråsikker på eit come-back.

Det sa politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen, i juni.

Men ting kan framleis endre seg fram til dei endelege nominasjonane er spikra. Og i Trondheim Ap har Giske sitt lokallag, Nidaros sosialdemokratisk forum, har 84 av 178 delegatar.

– Trond Giske har ein del støttespelarar, men det er også ein del som er oppteken av å halde han unna. Nominasjonskampen vil nok bere preg av dette, sa Aglen.

For det er framleis ikkje endeleg avgjort kven som blir representantane frå Trøndelag Ap på Stortinget etter valet neste år.

Fleire av dei noverande representantane tar ikkje attval og det er knytt stor spenning til kven som skal erstatte dei.

I Nord- og Sør-Trøndelag valkrets er dette dei mest omtala kandidatane:

Trondheim Ap – val

Bjarte M. Johannesen / NRK

Trond Giske

Trond Giske seier han ikkje har bestemt seg for om han vil tilbake til Stortinget:

– Eg er open for det, men eg har ikkje konkludert på det, har Giske tidlegare uttalt.

Karianne Tung

William Jobling / NRK

Karianne Tung

Karianne Tung har sidan oktober 2023 vore digitaliserings- og forvaltingsminister. Ho var Stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag frå 2013 til 2017. Så trakk ho seg frå politikken før eit comeback som minister.

Det er uklart om Tung ønsker å stå på stortingslista for Sør-Trøndelag i perioden 2025–2029.

Ein smilande og klappande fylkesordførarkandidat Per Olav Skurdal Hopsø

Bjarte Johannesen / NRK

Per Olav Hopsø

Per Olav Skurdal Hopsø har sidan desember 2023 vore statssekretær for arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap). Før det var han gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Trøndelag fylkeskommune.

Hopsø ønsker å stå på stortingslista for Sør-Trøndelag i perioden 2025–2029.

Tore O. Sandvik

Morten Andersen / NRK

Tore O. Sandvik

Tore O. Sandvik er tidlegare fylkesordførar i Sør-Trøndelag og Trøndelag frå 2003 til 2023. Frå 2023 har han vore statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet.

Det er uklart om Sandvik ønsker å stå på stortingslista for Sør-Trøndelag i perioden 2025–2029.

DSC09720

Per Sveinung Larsen / NRK

Ingvild Kjerkol

Ingvild Kjerkol var helse- og omsorgsminister til ho gjekk av i april i år. Ho er leiar i Trøndelag Arbeidarparti.

Kjerkol ønsker å stå på stortingslista for Nord-Trøndelag i perioden 2025–2029.

Nominasjonsprosessen vidare

Etter at alle kommunepartia har levert sine lister med 20 kandidatar skal nominasjonskomiteen utarbeide forslag til ei felles liste.

Denne lista skal så kommunepartia gje tilbakemelding på og sende inn eventuelle endringsforslag tilbake til nominasjonskomiteen.

Så skal nominasjonskomiteen utarbeide sitt endeleg forslag.

Deretter skal det endelege forslaget debatterast og vedtakast på nominasjonsmøtet 30. november.

Publisert 15.08.2024, kl. 08.08

Read Entire Article