Hyllar VM-grep: – Nokre gonger er straff nødvendig

1 hour ago 1



– Han må jo få tøye krampa!

Det melde kommentator Kasper Wikestad i dei dramatiske sluttminutta i kampen mellom Noreg og Senegal.

Høgreback Marcus Holmgren Pedersen vart liggande med krampe inne i eigen 16-meter. Dommaren viste ingen nåde.

– Dommar tvingar faktisk Holmgren Pedersen ut av bana, sa NRKs ekspertkommentator Kristoffer Løkberg.

Sjå situasjonen i her:

Marcus Holmgren Pedersen får krampe og blir tvunge av banen i eitt minutt.

Noreg måtte spele med ein mann mindre i over eit minutt.

Eit tydeleg teikn på Fifa sine nye revolusjonerande reglar. Og dei ser ut til å fungere.

Fem sekund eller så ...

– Det er større bevisstheit rundt det. Nokre gonger er reglar og sanksjonar, til og med straff nødvendig, seier NRK sin fotballekspert Bengt Eriksen.

Eit fotball-VM har aldri hatt fleire nyvinningar i moderne tid som årets utgåve. Og det har vist seg å bere frukter. I alle fall med tanke på effektiv speletid.

Dommeren viser et gult kort til en spiller som ligger på bakken. Kampen vises på en stor skjerm i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

NYTT: VM-debutant Espen Eskås er ein av dommarane som må handheve dei nye reglane til Fifa.

Foto: Rebecca Blackwell / AP,NTB

Før meisterskapet vart det innført fleire nye reglar for å hindre det mange har eit ambivalent forhold til, nemleg drøsing av tid.

Totalt elleve tiltak er innført av Fifa, her er dei mest synlege:

Om ein spelar må få behandling undervegs i kampen, må han stå på sidelinja i eit minutt før han får komme innpå igjen.

– Det er jo litt vanskeleg å sjå kven som vel å ikkje legge seg ned. Men det er nok ein del som potensielt kunne tenke seg å legge seg ned, som har vore litt småskada, som ikkje gjer det, fortset Eriksen.

Fotballekspert Bengt Eriksen står på grønt gress og smiler.

OPTIMIST: Bengt Eriksen er positiv til at det blir slått hardare ned på sløsing av tid

Foto: Malene Laura Solheim / NRK

Spelarane må ta kast før det har gått fem sekund, elles får motstandar kastet. Og målvakta har fem sekund til å kvitte seg med ballen.

Det gjekk gale då Kongo sin keeper Lionel Mpasi-Nzau brukte for mange sekund mot Portugal slik at det vart hjørnespark til Ronaldo & co.

DR Kongo bruker for lang tid på utspark frå keeper. Det resulterer i hjørnespark for Portugal.

Ueinige England-profilar

– Du kan kritisere Fifa for mange ting, men eg trur dei har fått til dommar-reglane. Eg trur det er gode introduksjonar og vil gjere fotballen betre for fansen, sa den tidlegare Manchester United-kapteinen Gary Neville.

I podkasten «The Overlap» diskuterte han dei nye reglane med sin tidlegare lagkamerat Roy Keane. Sistnemnde er meir kritisk.

To fotballkommentatorer, Roy Keane og Gary Neville, ser på hverandre. Begge mennene har på seg ørepropper for kommunikasjon. Bakgrunnen er uskarpt og viser muligens et stadion eller et annet sportsarrangement. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ueinig: TV-profilane Roy Keane og Gary Neville har kvar si meinig på dei nye regelinnføringane i VM.

Foto: GLYN KIRK / AFP,NTB

– Nokre av reglane som handlar om fortgang i spelet er rart å innføre akkurat no, med tanke på omgivnadane meisterskapet vert spelt i. Viss spelarar vil senke tempoet vil det no vere grunna varmen på stadion, svara Keane på reglane.

Likevel kan dette no legge til rette for nye metodar på å unngå regelverket.

– Reglar hastar som regel etter åtferd. Folk finn måtar å løyse ting på når det blir nye reglar, fortset ekspert Eriksen.

Han dreg fram kast-varianten som er blitt brukt under VM.

– Som fleire har skjønt; «no tar vi ikkje opp ballen når vi skal kaste før vi ser oss om. Vi prøver å ha ein plan før vi skal kaste inn. Så ventar vi med å plukke opp ballen med hendene, for då går dei fem sekunda.»

Tala si klare tale

Visjonen er klar frå Fifa si side.

– Målet er å hindre moglegheiter for å dra ned tempo i kampane, sa Pierluigi Collina, dommarsjef i Fifa før meisterskapet.

No viser Opta sin statistikk at ting har blitt betre.

Pierluigi Collina i dress og slips

SJEF: Dommarsjef i Fifa, Pierluigi Collina.

Foto: MANAN VATSYAYANA / AFP,NTB

Årets VM har ein høgare prosent effektiv speletid enn dei føregåande meisterskapa. Etter den første runda i gruppespelet ligg effektiv speletid på 59.38 prosent.

Totalt er ballen i spel 57.22 minutt og ein gjennomsnittleg kamp varer i 96.08 minutt.

I 2018 var det 56.25 prosent effektiv speletid, og i 2022 var det 56.86 prosent.

Til samanlikning hadde Premier League 55.3 prosent effektiv speletid, målt etter 29 rundar av årets sesong.

Er dette eit steg i riktig retning?

– Eg håpar jo det. Forsøk på trenering og obstruering av tid skal jo ikkje lønne seg. Så er det sikkert ikkje hyggeleg å innføre nye reglar for å få bukt med det. Men nokon gonger er det nødvendig for at folk skal oppføre seg betre, avsluttar Eriksen.

Sjå ei detaljert oversikt her:

NB: Merk at vasspausane er ekskludert frå denne statistikken.

Publisert 25.06.2026, kl. 16.49

Read Entire Article