– Perfekt taktisk spel, seier NRKs ekspert Maren Lundby.
Det norske laget hoppa inn til ein sølvmedalje under blanda lagkonkurranse i Predazzo i Italia tysdag.
Ingen kunne gjere noko med Slovenia, som vann med 31 poeng meir enn Noreg. Japan kom på tredjeplass.
– Sølv i dag er råsterk. Eg er berre så drit fornøgd, seier Kristoffer Eriksen Sundal til NRK etter rennet.
Anna Odine Strøm, Kristoffer Eriksen Sundal, Eirin Maria Kvandal og Marius Lindvik hoppa for Noreg.
FULL JUBEL: Noreg tok sølv
Foto: Terje Pedersen / NTB– Eg er veldig fornøgd. Eg må heim å skifte underbukse, for det var ein nervepåkjenning på slutten. Eg trur ikkje eg har vore så nervøs nokon gong som på siste hoppet til Marius, seier hoppsjef Jan-Erik Aalbu til NRK etter rennet.
Taktisk spel
Kvandal blei justert ned ein avsats av trenar Christian Meyer og leverte akkurat nok til å få kompensasjonspoeng då ho landa på 102 meter i den første omgangen.
– Det er perfekt taktisk spel frå dei norske trenarane, sa NRKs Maren Lundby etter hoppet.
Også fleire lag valde å bruke «coach request» i den siste puljen.
– Dei vel å gamble litt. Tyskland klarer lengda, men ikkje Japan. Så det var veldig spennande. At dei (Noreg) klarer sølv i dag var det beste dei kunne gjere, seier Aalbu.
I finaleomgangen var Kvandal nest best i si pulje og tok tilbake sølvplassen frå Japan.
Slovenia leia halvvegs 9,7 poeng føre Japan og 16,1 poeng føre Noreg.
Marius Lindvik hoppa 100,5 meter i siste hopp og sikra sølvmedaljen 4,3 poeng framfor Japan.
Sølvmedaljen er den andre medaljen til dei norske hopparane i dette meisterskapet. Anna Odine Strøm tok den første norske gullmedaljen i OL førre veke:
Publisert 10.02.2026, kl. 20.39 Oppdatert 10.02.2026, kl. 20.57









English (US)