I Måløy går debatten høgt om plasseringa av eit leikeapparat i nærleiken av ein krigsbauta på torget i byen.
Ifølge kritikarar øver klatrestativet vald på verdigheita til minnesmerket, og tivoliserer alvoret.
«Dette er ein stad for ettertanke og respekt», skriv ein opprørt innleggsforfattar i avisa Fjordenes Tidende.
Han legg til:
– Ved å forvandle denne plassen til ein leikeplass, viskar kommunen ut skiljet mellom kvardagsleg moro og djup respekt for historia vår.
– Det er respektlaust overfor dei som fekk namna sine hogge i stein for innsatsen sin for fedrelandet.
Innleggsforfattaren i Fjordenes Tidende reagerte med «vantru» da han såg plasseringa til det nye huskestativet i Måløy.
Foto: Gjert Myrestrand / Gjert Myrestrand/Fjordenes Tidende– Minnesmerke bør vere der livet skjer
Til dette innvender andre at monumentet bokstavleg talt vaknar til liv om det er omgitt av leik og barnelatter.
I ei spørjeundersøking i lokalavisa er folk i byen delt meir eller mindre på midten.
I det foreløpig siste lesarinnlegget i avisa gjer lokalpolitikar Frank Willy Djuvik eit poeng av at freden barna leikar i, er sjølve resultatet av offeret monumentet markerer.
– Eit byrom der barn leikar, familiar samlast og relasjonar blir skapt. Eg har vanskeleg for å sjå føre meg noko meir verdig for eit minnesmerke over dei falne enn det, skriv han.
Å balansere behovet for eit aktivt byrom med behovet for ein verdig minnestad er ei kjent og konfliktfylt øving, gjerne løyst ved å bygge vasspegel og andre «tersklar» som naturleg dempar aktiviteten.
Sjå fleire døme under.
Reuters
Holocaust-minnesmerket i Berlin
Arkitekten Peter Eisenman ønskte at minnesmerket skulle vere ein del av kvardagen. Det har ført til at turistar smiler på selfiar, barn leikar gøymsel og ungdommar hoppar frå stein til stein. Diskusjonen går på om leiken er ein «fornærming» eller om den representerer livet sin siger over døden.
Bergen kommune
Den blå steinen i Bergen
Sjølv om steinen i seg sjølv ikkje er eit krigsminnesmerke, fungerer den som eit samlingspunkt for både leik, demonstrasjonar og minnemarkeringar. Her har det vore debatt om alt frå skatere til gateseljarar som «støyar» rundt monumentet.
Fredrik Varfjell / NTB
22. juli-minnestaden ved regjeringskvartalet i Oslo
Minnestaden er ein del av eit ope byrom der folk ferdast til dagleg, men det er markert med vasspegel og materialval som skaper ein naturleg dempar på aktivitet.
John-Andre Samuelsen
Minnehallen i Stavern
Dette monumentet ligg isolert på ei høgde, trekt heilt bort frå kjernen og kvardagsstøyen i byen.
NRK
Krigsseglarmonumentet på Bygdøy
Monumentet er plassert på ein liten «sokkel» av stein som skaper eit fysisk skilje frå graset. Det inviterer ikkje til leik på sjølve objektet, men aksepterer rekreasjon rett ved sida av.
– Alle minnesmerke har same problem: Dei blir gløymde
Offisielle retningslinjer er sparsame, men legg vekt på at tiltak i nærleiken av minnesmerke må ta omsyn til «den visuelle frisona til objektet».
På godt norsk betyr det at gravplassar og andre monument bør ha «luft» rundt seg for å behalde auraen og autoriteten sin.
– Eg forstår kjenslene som knyter seg til dette, men trur ikkje at det er ein god idé å halde barn unna minnesmerka våre, seier professor i kulturhistorie Helge Jordheim.
– Grunngivinga er enkel: Alle minnesmerka våre har same problem. Dei blir gløymde.
Han viser til at praksisen med å samle seg rundt minnesmerka så å seie syng på siste verset.
– I dag har vi veldig få slike offentlege ritual. Det betyr at vi gløymer minnesmerka våre, sjølv dei som står midt i bybildet, midt i glaninga.
Forsvaret: – Viktig at barn og unge får innsikt i historia vår
Talsperson for Forsvaret, Brage Steinson Wiik-Hansen, ser både fordelar og ulemper ved å kombinere krigsminne og leikeplass.
– Vi ser kor viktig det er å behalde respekt og ro rundt minnesmerke, men det er også viktig at dei fungerer som samlingsstader, og at barn og unge får innsikt i historia vår, seier han.
Ola H. Fjeldheim i Fortidsminneforeningen seier at gode minnesmerke er «til stades der vi er».
– Om ein mamma eller ein pappa som er med barnet sitt på leikeplassen tar ein kikk på minnesmerket mens dei står der, så fungerer det etter hensikta.
– Vi må behandle minnesmerket med respekt, men vi må også legge til rette for at flest mogleg ser dei, undrast over dei og blir lokka til å tenke over historia. Det er det som er den viktigaste funksjonen til minnesmerke i dag, seier Ola H. Fjeldheim.
Foto: Gjert Myrestrand / Gjert Myrestrand/Fjordenes TidendeKommunen: – Ikkje rett å bruke ord som «tivolisering»
Plan- og bygningslova gir kommunen stor fridom til å forme ut torg slik dei vil.
Kommunalsjef for samfunn, miljø og kultur i Kinn kommune, Rolf Bjarne Sund, forstår at plasseringa av huskestativet kan vekke reaksjonar, men står fast på at verdigheita til minnesmerket er intakt.
– Ord som «tivolisering» og «musealisering» blir ikkje rett å nytte i dette høvet.
– Å få til ei gate som legg til rette for liv og aktivitet for barnefamiliar har vore viktig. Kvalitetane for dette byrommet blir vesentleg betre no enn før oppgraderinga.
UiO
Helge Jordheim, professor i kulturhistorie
Sjølv om minnesmerke er uforanderlege, må dei få lov til å bety ulike ting for ulike menneske i ulike periodar av deira liv. Der vaksne held seg på ærbødig avstand, går barn heilt inntil, tar på, klatrar opp. Det er måten dei tileignar seg minnesmerket på. Dette styrker minnesmerket, og introduserer det for nye generasjonar.
Arne Stubhaug
Frank Willy Djuvik, Frp
Eit byrom der barn leikar, familiar samlast og relasjonar blir skapte. Eg har vanskeleg for å sjå føre meg noko meir verdig for eit minnesmerke over dei falne enn nettopp dette.
NRK
Ola H. Fjeldheim, leiar i Fortidsminneforeningen
Minnesmerke har fleire funksjonar. Den eine er jo å ære den eller dei som minnesmerket er reist til ære for. Når vi viser respekt for minnesmerket viser vi også respekt for den eller dei det er reist til minne om. Ein annan funksjon er at dei skal å minne oss på. Dei skal vere eit memento, dei skal kviskre oss i øyret: «hugs». Minnesmerke er kulturminne i destillert form.
Trond Isaksen
Hanna Geiran, Riksantikvar
Det er relativt få monument som er freda i Noreg. Dette er derfor ei sjeldan problemstilling, og fylkeskommunane, Sametinget og eventuelt Riksantikvaren må vurdere det frå sak til sak. I ei freding kan vi regulere kva tiltak som er tillatne rundt minnesmerka. Andre monument er utanfor ansvarsområdet vårt.
Publisert 14.03.2026, kl. 08.43













English (US)