– Eg flirer jo litt av det han seier nokre gonger. Eg blir frustrert over måten han ser på det og at han ikkje ser realitetane.
Det seier Trine Haug, ei av dei fornærma, når ho høyrer forklaringa til sin tidlegare fastlege i Frostating lagmannsrett.
– Det var både godt og litt ekkelt. Alt på ein gong. Men det er greitt å høyre kva han seier, seier ho om forklaringa til Bye.
Arne Bye er dømd for både valdtekt og misbrukt av stilling mot Haug.
– Det er framleis ikkje noko anger. Han meiner framleis at det han har gjort er rett, seier Haug.
Trine Haug sit heime og følger Arne Bye si forklaring i lagmannsretten.
Foto: Jøte Toftaker / NRKFleire av dei fornærma følger saka digitalt heimanfrå, om lag 72 kilometer frå der Arne Bye igjen gjev si forklaring, no i Frostating lagmannsrett.
– Det er viktig at me får høyre det ordrett og sjå han, sjå uttrykka i ansiktet og kroppsspråket hans, seier Haug.
Frosta-saka
- Kvifor skal saka mot Arne Bye gå for retten igjen?
Den 6. juni blei den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta dømt til 21 år i fengsel i Trøndelag tingrett. Han blei funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for å oppnå seksuell omgang.
Men så anka Arne Bye dommen, både straffeutmålinga og skuldspørsmålet. Han ville ha ei ny vurdering av om kvinnene var ute av stand til å motsette seg det som skjedde på legekontoret.
Frostating lagmannsrett avgjorde at Bye si anke over straffeutmålinga og anke over skuldspørsmålet for 18 tiltalepostar skal fremmast til ankeforhandling.
Men så trakk Bye anken over skuldspørsmålet, men lagmannsretten skal framleis behandle Bye si anke over straffeutmålinga.
Dermed er skuldspørsmålet rettskraftig avgjort, men lagmannsretten skal i ankeforhandlinga avgjere kva straff han skal dømmast til for desse lovbrota.
- Kva skal lagmannsretten behandle i ankesaka?
Frostating lagmannsrett skal behandle Arne Bye si anke over straffeutmålinga – altså kva straff Bye skal få for lovbrota han blei funnen skuldig i ved Trøndelag tingrett sin dom frå 6. juni.
I tingretten blei han funnen skuldig i 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av stilling for å oppnå seksuell omgang. Dette er med andre ord rettskraftig avgjort.
- Kvifor har maksstraffa Arne Bye kan får blitt kortare?
Når Frostating lagmannsrett no skal behandle Bye si anke over straffeutmålinga, gjer ei lovendring at han maksimalt kan dømmast til 16 år i fengsel.
Den tidlegare kommuneoverlegen blei i Trøndelag tingrett mellom anna funnen skuldig i 38 brot av § 292 i straffelova.
Paragrafen inneheldt bestemmingar knytt til valdtekt ved innføring av gjenstandar.
Strafferamma for brot på denne lova var 15 år. Når ein blir dømt for fleire brot, kan ein få seks år ekstra straff.
Dermed blei Arne Bye dømd til 21 år fengsel i Trøndelag tingrett, den 6. juni 2025.
Då lovendringane som blir kalla «samtykkelova» trådde i kraft 1. juli finst ikkje denne paragrafen lenger.
I tillegg fjerna lovendringa minstestraffa på tre år og øvre strafferamme på 15 år ved valdtekt til samleie.
Dermed vil strafferamma for lovbrota Bye er dømd for vere 16 år etter lovverket som er gjeldande i dag.
Dersom han skal dømmast til 21 år i fengsel, må det bevisast at ei av valdtektene har vore grov.
- Det har kome fleire nye saker mot Arne Bye. Kva skjer med dei?
Ankesaka som no går for retten påverkar ikkje etterforskinga av dei nye sakene mot Arne Bye.
Dette er to parallelle løp: Sakene som går for retten og dei nye sakene som er under etterforsking.
Den tidlegare kommuneoverlegen er sikta for 33 nye valdtektshandlingar overfor 16 fornærma.
Dette har vore under etterforsking sidan desember 2024 – parallelt med at saka mot Bye er under behandling i rettssystemet.
Politiet har bekrefta at dei leiter etter manglande videomateriale i forbindelse med denne etterforskinga.
Den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen er dømd for 70 valdtekter og 82 tilfelle av misbruk av sin stilling som lege for å oppnå seksuell omgang.
I ankesaka skal lagmannsretten avgjere kva straff Bye skal få for desse lovbrota, som han er dømd for.
Ei lovendring gjer at han no kan få kortare straff:
Bye: – Høgst uetisk og ikkje akseptabelt
På dag to av tre i ankesaka i lagmannsretten forklarar Bye seg for retten.
– Eg føler eg har bidratt og eg har følt ansvar for å ta vare på befolkninga, seier Bye i retten.
Den tidlegare kommuneoverlegen seier han var redd for å oversjå noko i jobben som lege og at han ville vere ein garantist for folk si helse.
– Eg har bestandig sett på meg sjølv som ein slags garantist for folk si helse, seier Bye.
Men på grunn av frykta for å oversjå noko begynte han å filme konsultasjonane på legekontoret. På det meste filma han med opptil tolv kamera samtidig.
– Det er sjølvsagt noko som er høgst uetisk og ikkje akseptabelt.
Rettsteikning av Arne Bye i lagmannsretten torsdag.
Illustrasjon: Ane Hem / NTB– Ekstremt smertefullt når eg ser den belastinga eg har medført for veldig mange av dei fornærma, legg Bye til.
Haug som følger forklaringa frå Frosta, seier det var fint å høyre at Bye synest det er vondt å sjå smerta han har påført dei.
– Det er godt å høyre, seier ho.
I forklaringa si seier Bye også at undersøkingane han gjorde og utstyret han brukte var velgrunna.
Han brukte mellom anna delar av ein astmainhalator på gynekologiske undersøkingar.
– Eg skal ikkje gå så mykje inn på det, men eg følte det var eigna. Men dei sakkunnige var av ein annan oppfatning, kommenterer Bye.
Det alternative utstyret Bye brukte under gynekologiske undersøkingar blei lagt fram i lagmannsretten. På brettet ligg det mellom anna ein deodorant, ei plastflaske og delar av ein astmainhalator.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK– Føler du deg eigentleg, rett og slett, uskuldig dømd?
Etter Bye si frie forklaring fekk han fleire spørsmål frå både eigne forsvararar, aktor og bistandsadvokaten.
– Ser du på det som overgrep? spør aktor Eli Reberg Nessimo.
– Eg vil ikkje kommentere det med overgrep. Eg synest det er eit forferdeleg ord, svarar Bye.
Statsadvokat Eli Reberg Nessimo og statsadvokat Rikhard Haugen Lyng.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK– Tenker du på pasientane dine? Er du bekymra for korleis det går med dei? spør Nessimo.
– Ja, det kan eg trygt seie at eg er, svarar Bye.
Lagdommar Sven-Jørgen Lindsetmo tok ordet, lente seg fram og sette blikket i Bye, og stilte den tidlegare kommuneoverlegen fleire spørsmål.
Lagdommar Sven-Jørgen Lindsetmo stiller Bye spørsmål i retten. Framfor han sit rettspsykiatrisk sakkunnig Kåre Nonstad
Foto: Kim Nygård / Adresseavisen– Føler du deg eigentleg, rett og slett, uskyldig dømt? spør lagdommaren.
– Nei på ingen som helst måte, svarar Bye.
Lindsetmo spør vidare kva Bye tenker om tingrettsdommen på 21 år i fengsel.
Bye gjentar at motivasjonen hans som lege har vore å bidra til folk si gode helse og tryggleik.
– Og då synest eg 21 år er svært lenge, kommenterer Bye.
– Han synest litt synd på seg sjølv
Samstundes som ankesaka går for retten, er fornærma Randi Vinge på dugnad i idrettshallen, i Frosta kommune.
Ho høyrer på medan hennar tidlegare fastlege forklarar seg på nytt.
– Eg føler at han synest litt synd på seg sjølv. At det er synd på han som har sete i fengsel så lenge.
Randi Vinge seier det blir godt å sette eit punktum for denne delen av saka mot Arne Bye.
Foto: Jøte Toftaker / NRKBye er dømd for valdtekt mot Vinge, men frifunnen for misbruk av stilling for å oppnå seksuell omgang mot ho.
– Han seier jo at han har hatt god tid til å tenke og at han lurer på kva han eigentleg har halde på med. Så det var veldig merkeleg, samanlikna med korleis han oppførte seg i tingretten, legg Vinge til.
– Synest du han verkar som ein angrande syndar?
– Nei, ikkje angrande. Han vil rettferdiggjere at han er så grundig og han meiner at det er tvang som fører til dei handlingane, svarar Vinge.
– Korleis hamna eg i denne situasjonen?
– Korleis har eg hamna i denne situasjonen? spør Bye seg sjølv i retten.
Deretter går han inn på det han ser på som tvangsliknande trekk hos seg sjølv, for å gje ei forklaring på dette.
– Eg ser jo det at min tvangsprega tendens til å gjenta ting og gjere ting unødvendig grundig, inklusiv filminga, har vore eit kjempeproblem.
I tingretten diagnostiserte dei rettspsykiatrisk sakkunnige Arne Bye tentativt med tvangsprega personlegdomsforstyrring.
Rettspsykiatrisk sakkunnig i saka er psykologspesialist Kåre Nonstad.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKDette meiner psykologspesialist Kåre Nonstad er tydelegare etter å ha høyrd Bye si forklaring i lagmannsretten.
– Personlegdomsforstyrringa er klarare no enn ho var i februar 2024, seier han i lagmannsretten.
– Han søker perfeksjonisme, er oppteken av kontroll for å unngå angst og verkar noko pedantisk i forklaringar og rettferdiggjering, legg Nonstad til.
Hei!
Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven eg burde snakke med?
Då vil eg veldig gjerne høyre frå deg!
All informasjon blir behandla konfidensielt.
Publisert 27.11.2025, kl. 15.07 Oppdatert 27.11.2025, kl. 15.36






















English (US)