Hoseth gjer comeback i Molde: – Ei klubblegende som kjem «heim»

18 hours ago 6



Hoseth kjem frå rolla som assistenttrenar i Kristiansund BK. Han startar umiddelbart og vil vere ein del av trenarteamet frå og med dagens treningsøkt.

– Eg har aldri lagt skjul på at eg ein dag ønska å vere i trenarteamet til Molde. Når denne moglegheita kom var eg ikkje i tvil om at dette var det rette for meg, seier Hoseth i ei pressemelding.

Hoseth har vore assistenttrenar i KBK sidan januar i år. Han hadde også same rolle i 2019–2022. Han vektlegg at han har hatt ei veldig fin tid i KBK og at han alltid vil vere takksam for moglegheita han fekk der.

– Dessverre blei det siste opphaldet der litt kort, men slik er fotballen av og til. No er det fullt fokus på Molde. Potensialet er stort og eg ser veldig fram til å kome i gang, seier han.

No blir han ein del av trenarteamet til Per-Mathias Høgmo.

– Klubblegende som kjem «heim»

Hoseth har ei lang fortid i Molde FK. Allereie i 1998 kom han frå barndomsklubben Averøykameratene. Nordmøringen har vore i MFK i to periodar, 1998–2004 og 2006–2014.

Totalt har han spelt 503 kampar for Molde, som gjer han ein av spelarane med flest kampar for klubben.

Hoseth har vunne eliteserien tre gonger med Molde, i 2011, 2012 og 2014. I tillegg var han med på cupgulla i 2013 og 2014.

Med 84 mål i Eliteserien er Hoseth Molde FK sin mestscorande spelar gjennom tidene i den øvste divisjon i Noreg.

– Det er ei klubblegende som no kjem «heim», melder MFK.

 Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

Magne Hoseth er ein av dei som har spelt flest kampar for MFK.

Foto: Scanpix

Klausul i kontrakten

Hoseth erstattar Pål Arne «Paco» Johansen har slutte i klubben.

– Magne har vore viktig for KBK. Vi har stor forståing for at det er krevjande for dei å miste assistenttrenaren sin på kort varsel og midt i sesongen. Magne har hatt ein klausul i kontrakten som vi har valt å nytte oss av, og som gjer at han kan starte med oss allereie i dag, seier sportssjef Ole Jakob Valla Strandhagen i ei pressemelding.

Han vektlegg at dei har hatt ein god dialog med KBK og at dei takkar klubben for dette.

Publisert 13.06.2025, kl. 10.30 Oppdatert 13.06.2025, kl. 10.56

Read Entire Article