Hoppfrue arbeider for laget i hoppveka: – Prøver å halde det profesjonelt

1 month ago 23



– Alle er jo kvalifiserte, så da tenker eg jobben min er gjord, seier Karoline Nilsen til NRK.

Ho er sambuaren til Halvor Egner Granerud, og har tatt på seg litt ekstrajobb på ferieturen til hoppveka.

Laurdag lósa ho dei norske hopparane trygt i hamn gjennom hoppveke-kvalifiseringa i Oberstdorf.

– Nå er eg på dugnad, men det er veldig kjekt å vere med og bidra. Idretts-Noreg er tufta på dugnad, seier ho.

Ho er den første hopparane møter nede på sletta, og har ansvaret for å hjelpe utøvarane med skobagar og ski.

– Ho er glad i å jobbe, så ho stilte spørsmål om det var noko ho kunne bidra med. Og har da fått den luksuriøse jobben med å bere bagar opp og ned for oss. Men det er gull verd for oss, seier Granerud til NRK.

vyKNX3j5r48

GULLØRN: Karoline Nilsen var på plass da Halvor Egner Granerud vann nyttårsrennet i Garmisch-Partenkirchen i 2023.

Foto: NTB

– Må passe litt på

Sambuaren har vore med Granerud på tur sidan Engelberg før jul. Dei feira jul saman i den sveitsiske vinterbyen. Og nå er ho med vidare på reisa.

– Vi må passe litt på. Det kan vere litt sinne når vi kjem ut her, men eg synest ho gjer ein god jobb. Vi prøver å halde det profesjonelt akkurat i exit-gata, smiler Granerud.

Samarbeidet har nesten gått knirkefritt. Ho hjelpte dei også i Engelberg like før jul.

– Kan han bli sur?

– Ja, eg sleppte heldigvis å bli vitne til det nå, da. Men det var litt verre i Engelberg. Da var det berre å ta eit steg til sidan, gi han tinga sine og så fiksa det seg, seier Nilsen.

– Det er fint at dei melder seg, Vi manglar litt hender i laget, så vi tar all arbeidskraft vi kan få, seier Johann André Forfang til NRK.

Damebonanza

Forfang, som blei beste nordmann på ein åttandeplass i kvalifiseringa, har også med seg den gravide kjærasten sin Kristin Solberg.

– Eg har det veldig fint på tur når eg får ha med henne, og vi har det fint saman. Eg kjenner på ei herleg ro i kroppen inn i hoppveka, seier han.

Men Solberg og Nilsen er ikkje berre med på tur – dei bur også på rom med sine utvalde.

– Damer på rommet for skihopparar har alltid vore vanleg. Akkurat dette har blitt ein tradisjon dei siste åra, smiler han.

ACDZlQwJCGQ

VENTAR BARN: Johann André Forfang og Kristin Solberg (til høgre) ventar barn til neste år.

Foto: NTB

Det stoppar likevel ikkje der. Til nyttårshopprennet kjem også kjærastane til både Marius Lindvik og Fredrik Villumstad. Da blir det litt logistikk.

– Eg trur Karoline skal flytte inn med Helene i Garmisch, som er sambuaren til Marius, seier Granerud.

Lindvik er ikkje heilt sikker på kor sambuaren skal bu.

– Eg trur vi faktisk blei einige på førehand om at ho skulle halde seg litt på sida der, så eg trur ho skal bu på rom med dama til Halvor.

Ezz1cKXEJvE

FÅR EIGE ROM: Marius Lindvik seier at kjærasten Helene Braathen truleg må bu på eit anna rom enn han.

Foto: NTB

– Eg er singel, så det blir vanskeleg

Hopparane er heilt samla og klare på éin ting: Det er berre positivt å ha med damene på tur.

– Karoline veit veldig godt at eg er på tur for å vere kjedeleg og gjere akkurat det eg skal, når eg skal, og elles gjer eg så lite eg kan, seier Granerud.

– Vi fokuserer godt i lag, så det er veldig fint, seier Forfang.

– Nokon kommentarar frå gutane?

– Nei, det får vi ikkje. Dei tenker sikkert nokon tankar i det stille, svarer Forfang.

Kristoffer Eriksen Sundal synest det er heilt fint at lagkameratane har med seg besøk, og han har ikkje planar om skaffe seg ein date for nyttårsfeiringa.

Eg er singel, så det blir vanskeleg. Eg har ikkje tenkt å berre raske med meg nokon her, seier Sundal til NRK og ler.

– Kunne du ønske at du hadde ei dame med deg, eller er du glad for å vere i fred?

– Ingen kommentar.

Publisert 30.12.2024, kl. 15.07

Read Entire Article