Høgsesong for svindel: – Både unge og gamle blir svindla

39 minutes ago 1



– Eg heldt faktisk på å gå på ein! Eg fekk ei melding frå Posten om at det låg ein pakke og venta på meg. Det stod at eg måtte logge inn for å sjå kor han var. Kjærasten min redda meg frå den, seier Robin Ingvaldsen.

Saman med studiekameratane Truls August Ulriksen og Mashal Jabarkil sit han i kantina på Høgskolen i Østfold.

Studentane synest svindelforsøka blir vanskelegare og vanskelegare å avsløre.

– Eg opplever det både på e-post, SMS og sosiale medium. Eg trur ikkje eg har gått på nokon sjølv, men det er farleg nærme iblant, seier Ulriksen.

Somme ting har blitt nesten umogleg å skilje, meiner han.

– Dei får jo også til å lage banksider, der bank-id sida ser prikk lik ut. Det er ikkje lenge til eg går på ein sånn, altså.

Både Ingvaldsen og Jabarkil har opplevd å bli ringt av svindlarar. I tillegg har dei fått tekstmeldingar.

– Eg har ikkje gått på nokon smell der, og håpar ikkje eg gjer det i framtida heller, seier Jabarkil.

Unge blir også svindla

– Før var det kanskje litt fleire eldre og dei som ikkje var like gode på det digitale. Men no ser vi at både unge og gamle blir svindla, seier Chris Magne Martinsen.

Han er direktør for privatmarknaden i SpareBank 1 Østfold og Akershus.

Fram mot jul og under «Black Friday/Black Week», med tilhøyrande tilbod, ser banken fleire og fleire som blir forsøkt svindla.

Bildet viser Chris Martinsen i Sparebank 1.

Chris Magne Martinsen i SpareBank 1 Østfold og Akershus, ser alvorleg på at mange blir utsette for svindelforsøk.

Foto: Sparebank 1 / Sparebank 1

Falske nettbutikkar, falske meldingar frå Posten eller falske e-postar frå Autopass er det mykje av no, forklarer Martinsen.

– Vi får spørsmål frå folk fleire gonger dagleg.

Han seier det er viktig at kundar raskt tar kontakt med banken for å få hjelp. Då kan dei prøve å stanse transaksjonen eller hjelpe på andre måtar.

Mange kjenner på skam, seier Martinsen og ber folk om å prøve å skyve den kjensla unna.

– Ikkje føl på den skamma. Ta heller kontakt med oss, så skal vi prøve å hjelpe så godt det går. Og vi har gode metodar for å følge opp kundane våre på det.

Svindel autopass, sendt på e-post.

Dette er eit forsøk på svindel ved bruk av autopass. Skjermbildet er delt med NRK av SpareBank 1.

Foto: Skjermdump / Sparebank 1

Vanskelegare å avsløre

– Det kan sjå akkurat like stilig og Instagram-vennleg ut som ein vanleg seriøs nettbutikk.

Forbrukarjurist Nora Glørsen i Forbrukarrådet har sett mange tilfelle av forsøk på svindel.

Dei har laga ei eiga liste over alle falske nettbutikkar dei er klar over, men ho er langt frå uttømmande, seier ho.

Nora Wennberg Gløersen ser mot kamera og smiler med lukket munn. Hun har lyst, skulderlangt hår og på seg en svart topp.

Forbrukarjurist i Forbrukarrådet Nora Glørsen seier det er viktig å vere skeptisk.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Svindlarane får stadig nye verktøy, og det kan lure folk i alle aldrar. Det er ikkje lenger så lett å skilje ein falsk nettbutikk frå ein ekte berre på utsjånaden. Det kan vere perfekt norsk, flotte logoar og fine bilde, seier Glørsen.

– I dag har svindlarane blitt veldig gode på digitale verktøy, og dei kan bruke kunstig intelligens.

Kor alvorleg er det, tenker du?

– Eg tenker at det er veldig alvorleg. Det er jo ein mykje høgare risiko for å bli lurt no. For det er jo ikkje lenger sånn at vi kan stole på det vi ser. Og då må vi vere smarte forbrukarar, vi må vere skeptiske.

Publisert 23.11.2025, kl. 07.50

Read Entire Article