Høgre-ordførarar vil ha ny kommunereform: – Dette er overmodent

2 days ago 4



Det er snart 12 år sidan det sist blei sett i gang ei kommunereform. Talet på kommunar i landet blei etter kvart redusert frå 428 til 357.

Men no slit mange kommunar med økonomien og med rekruttering av fagfolk.

No har Høgre tatt til orde for ei ny kommunereform, og utelukkar ikkje bruk av tvang. Saka skal opp i partiet sitt landsmøte til helga.

Ei ny spørjeundersøking gjort av NRK, viser også at eit klart fleirtal av ordførarane i partiet vil ha ny reform.

– 357 kommunar er alt for mange. Vi treng å få ned offentlege kostnadar og byråkrati. Vi må bruke pengane på innbyggjarane våre.

Det seier Andreas Vollsund, ordførar i Time kommune på Jæren.

– Må tenkje nytt

NRK har spurt Høgre sine ordførarar og fylkesordførar om dei ønskjer ei ny kommunereform, og korleis dei stiller seg til tvang.

Også Høgre sine byrådsleiarar og fylkesrådsleiarar har fått desse spørsmåla.

I alt har 121 fått spørsmål. 71 har svart. Av desse meiner 60 at det er behov for ei ny kommunereform. Berre sju vender tommelen ned.

– Eg er overtydd om at vi kan tilby betre tenester for same bruk av pengar dersom vi får ein ny kommunestruktur, seier Vollsund.

Tre ordfører i samme bilde

Kjartan Berland, Anne Marie Sveip og Andreas Vollsund meiner alle at det er behov for ei ny kommunereform.

Foto: NRK

Og han får langt på veg støtte frå ordførarkollegaen i Øyer kommune i Gudbrandsdalen, Anne Marie Sveipe.

– Situasjonen er krevjande. Vi må tenkje nytt. Eg trur at kommunane er litt for små til å handtere dei komplekse oppgåvene kommunane har. Mange kommunar er i manko når det gjeld arbeidskraft og fagkompetanse.

Ny storkommune på gang

Forslaget om ny reform skaper engasjement på grunnplanet i Høgre.

På Sunnmøre er tre Høgre-ordførarar allereie i gang med å planleggje ein ny, felles storkommune. Det skjer på eige initiativ.

Tre ordførere på Sunnmøre planlegger kommunesammenslåing

Ordførarane Stian Skorgen Scheide, Ann-Kathrin Storøy og Dag Vaagen planlegg for ei ny, stor kommune.

Foto: Trond Vestre / NRK

Målet er å samle Ulstein, Herøy og Sande, med til saman rundt 22.000 innbyggjarar, under same tak.

– Vi ser at kommunane har tøffe utfordringar. Vi skal levere tenester som innbyggjarane forventar, og vi ser at i framtida så klarer vi ikkje det åleine, seier Ulstein-ordførar Stian Skorgen Scheide.

Ordførar Stian Skorgen Scheide står og ser på kamera. Bak er det blå himmel, og nokre tre.

Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK

Tvang eller ikkje tvang?

Eit fleirtal av dei som har svart på NRK sine spørsmål, ønskjer ikkje at kommunar skal bli slått saman med tvang.

Men det er ikkje noko overveldande fleirtal. 19 er positive til tvang og ytterlegare 13 har svart at dette er noko dei er usikre på.

Fleire meiner at Stortinget bør bestemme dette ut frå faglege vurderingar. Andre ønskjer frivillige løysingar, men Stortinget bør kunne skjere gjennom i einskilde tilfelle.

– Eg meiner det er Stortinget si oppgåve å teikne kommunekartet. Det er Stortinget som må sørge for at vi har ein kommunestruktur som fungerer for heile landet, seier ordføraren i Lillestrøm, Kjartan Berland.

Tvang er heller ikkje noko eintydig omgrep. Dei økonomiske fordelane kan vere så store at det inneber eit tilbod du ikkje kan seie nei til. Dette blir ein indirekte form for tvang.

– Svært kritisk

Gjer heller noko med den statlege pengebruken og det statlege byråkratiet, seier den profilerte Høgre-ordføraren i Bø i Vesterålen, Sture Pedersen.

Pedersen som har vore ordførar sidan 2007, har ingen sans for ei ny kommunereform.

– Eg er svært kritisk til dette. Det er veldig fokus på at ein skal få betre tenester og betre tilbod til innbyggjarane. Men løysinga er ikkje å leggje ned kommunar.

En mann med hvit skjorte, blått slips og mørkeblå dressjakke ser rett inn i kamera og smiler.

Ordføraren i Bø i Nordland, Sture Pedersen, seier eit tydeleg nei til ei ny kommunereform.

Foto: Trude Furuly

Og blir kommunar slått saman med tvang, trur Pedersen det vil få konsekvensar for Høgre.

– Det blir ei veldig vanskeleg sak for Høgre dersom det blir brukt tvang. Det vil sette lokaldemokratiet på prøve. Skal kommunar bli slått saman må det skje nedanfrå.

Å byggje nedanfrå

Stemninga blant dei tre Høgre-ordførarane på Sunnmøre er håpefull. No har dei starta den vidare ferda mot éi felles kommune.

Men den nye kommunen må bli bygd nedanfrå. Stikkordet er forankring. Det er viktig å få med seg innbyggjarane, seier ordføraren i Herøy, Ann-Kathrin Storøy.

– Eg håpar denne prosessen vil føre til at vi får den same forståinga av verkelegheita, av kva vi står i no og korleis vi skal klare å løyse dette.

Ordføreren i Herøy, Ann-Kathrin Storøy (H)

Ordføraren i Herøy, Ann-Kathrin Storøy (H), meiner ein større regionkommune vil kunne møte innbyggjarane sine behov på ein betre måte.

Foto: Trond Vestre / NRK

Publisert 10.02.2026, kl. 07.11

Read Entire Article