Høgre-leiaren har snudd om innvandring: – Må fungere betre

1 hour ago 3



– Integreringa må fungere betre, seier den nyvalde Høgre-leiaren til NRK.

I sin første tale som Høgre-leiar slo ho fast «at norsk innvandrings- og integreringspolitikk ikkje har fungert godt nok». Samtidig kom ho med ei personleg erkjenning:

– Eg ser nok på dette med andre auge i dag enn eg gjorde for 10 og 20 år sidan, sa Ine Eriksen Søreide.

Saman med dei to nyvalde nestleiarane sine, Henrik Asheim og Ola Svenneby, følger ho opp bodskapen i talen overfor NRK. Trioen vil gjere det vanskelegare å få familiegjenforeining og vil skjerpe krava til asylsøkarar og flyktningar for å betre integreringa.

– Vi er først og fremst opptekne av å ta godt vare på og integrere dei som er her, seier Eriksen Søreide.

– På grunn av kriser og konfliktar i verda, har Noreg og andre europeiske land dei siste tiåra tatt imot mange flyktningar og innvandrarar på éin gong. Og vi skal hjelpe, men då må også integreringa henge med, poengterer ho.

Høyreledelsen

Dei tre Høgre-toppane valde å snakke om innvandring og integrering i sitt første felles utspel etter landsmøtet.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Når NRK ber henne konkretisere kva ho meiner ikkje fungerer med dagens integreringspolitikk, viser ho til at mange innvandrarar verken er i jobb eller utdanning.

– Dei lærer seg ikkje språket godt nok.

– Er det eit Høgre som skal inn på Frps banehalvdel ved første høve?

– Integreringsspørsmålet er det ikkje så mange parti som tar ordentleg tak i. Derfor ønsker vi å gjere det.

Fem punkt

Høgre samanfattar den nye politikken i fem konkrete punkt:

  • Stramme inn reglane for kven som kan søke familiegjenforeining. Som hovudregel seie nei til familiegjenforeining for einslege mindreårige asylsøkarar
  • Ikkje busette flyktningar i kommunar og bydelar med høg innvandrartettleik
  • Ny borgarkontrakt: Straff for innvandrarar som ikkje følger norske lover og verdiar
  • Auke forsørgarkravet, altså kor høg inntekt ein person som bur i Noreg, må ha for å kunne hente ektefelle, sambuar eller barn til landet
  • Som hovudregel gi ytingar berre i den første busettingskommunen dei første ti åra i Noreg

– Vi har fremma forslag i Stortinget om ein borgarkontrakt som set krav og forventningar til jobb, språkopplæring, utdanning og praksis. Vi har vore klare på at underhaldskravet må aukast, altså kor mykje du skal tene for å kunne få familiegjenforeining, seier Eriksen Søreide.

Men på spørsmål om kor høgt forsørgarkravet bør vere, har ikkje Høgre-leiaren noko svar:

– Vi har ikkje fastsett eit beløp på det no, men vi meiner at det på generell basis bør aukast.

Høyreledelsen

Høgre skal bli best på integrering, er bodskapen frå Ola Svenneby, Ine Eriksen Søreide og Henrik Asheim.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

– Gammalt nytt

Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) ønsker Høgre velkommen etter og seier regjeringa allereie er i gang med det partiet foreslår.

– Eg er litt forundra over at den nye Høgre-leiaren ikkje følger betre med og lanserer dette som ny politikk, seier ho.

Debatten om innvandring deltakere

I GANG: Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng (Ap) meiner regjeringa allereie er i gang med det som Høgre foreslår.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Stenseng seier samtidig at det er fint at Høgre og Arbeidarpartiet er «einige om å forsterke integreringspolitikken». Ho viser til forslaget om ein ny integreringsstønad med aktivitetsplikt, justert forsørgarkrav og ei integreringserklæring med det ho skildrar som «tydelege forventningar og krav».

– Så alt dette er vi godt i gang med, seier ho.

Borgarkontrakt

Ine Eriksen Søreide meiner forslaget om tydelege sanksjonar ved brot på det Høgre kallar ein borgarkontrakt og regjeringa ei integreringserklæring er blant dei viktigaste tiltaka for å betre integreringa.

– Poenget er å stille klare krav og forventningar til dei som kjem til Noreg, seier ho.

Å stille krav til flyktningar og asylsøkarar, inneber også krav til kommunane om å bidra til språkopplæring, utdanning, praksis og jobb, meiner ho.

Høgre vil gjere det til hovudregel at ytingar berre blir gitt i den første busettingskommunen dei første ti åra i Noreg. I dag får kommunane støtte i inntil fem år gjennom det såkalla introduksjonsprogrammet.

– Betyr dette at de vil spreie integreringsstønaden tynt utover, eller vil de legge meir pengar inn i ordninga?

– Vi har ikkje tatt full stilling til det enno. Det må vi komme tilbake til i budsjetta.

– Mange kommunar seier at dei ikkje får dekt kostnadene dei har. Kor mykje meir har Høgre lagt inn til dette i dei alternative budsjetta?

– Vi har ikkje lagt inn noko no, men vi kjem til å jobbe med dette framover. Vi har mange alternative budsjett igjen. For oss har det vore viktig på landsmøtet å stake ut ein kurs som skal føre oss framover, svarer ho.

Ingen hauk

På spørsmål om korleis ho kan seie at integreringa blir betre av at det blir vanskelegare å få familien sin til Noreg, svarer ho som følger:

– Når det er familiegjenforeining, der det er store familiar, så kan det utfordre integreringa. Vi skal ikkje ha parallelle samfunn, som vi ser nokre tendensar til nokre stader. Det betyr at vi også må vere tydelege på at vi må sette nokre grenser.

– Har du blitt ein hauk i innvandringspolitikken?

– Absolutt ikkje. Poenget er ikkje at vi skal vere strengast mogleg. Alle skal kjenne seg velkomne i Noreg. Men når vi ser at det på enkelte område ikkje har fungert godt nok, så meiner eg vi er forplikta som politisk parti å prøve å rette på det.

– Arbeidarpartiet vil vel seie at regjeringa allereie er i gang med dette?

– Integreringa har ikkje fungert godt nok under Arbeidarpartiet si tid i regjering. Og dei har heller ikkje vore villige til å stille krav og forventningar til ein borgarkontrakt. Det er jo det som skil oss i denne saka.

Over tid Støtten til Høyre

Høyre ble stiftet i 1884. Grafen viser partiets oppslutning i stortingsvalgene etter krigen og frem til 2025, samt siste meningsmåling fra januar 2026.

Parallellsamfunn

Høgre-nestleiar Ola Svenneby meiner det må nye løysingar til for å forhindre at flyktningar og asylsøkarar samlar seg i presskommunane rundt dei store byane, der integreringsutfordringane allereie er store.

– Alle skal ha likt høve til å lykkast, uavhengig av kva bakgrunn ein har. Då må vi unngå parallellsamfunn der det er vanskelegare å lære seg norsk og komme ut i arbeid. Då må vi sørge for at vi buset spreidd i heile landet.

– Har vi parallellsamfunn i Noreg i dag?

– Heldigvis har Noreg lykkast med ganske mykje, samanlikna med ein del av nabolanda våre. Men det er alltid ein risiko for at det kan oppstå i Noreg òg.

Høyreledelsen

Høgre skal bli best på integrering, er bodskapen frå Ola Svenneby, Ine Eriksen Søreide og Henrik Asheim.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

Svenneby seier Høgre vil at folk skal bu lenger i den første kommunen ein blir busett i, framfor å flytte.

Men er det lov å nekte folk å flytte dit dei vil i dette landet?

– Ein skal få lov til å flytte dit ein vil. Forslaget vårt går først og fremst ut på at retten til arbeidsløysepengar eller rettar i folketrygda blir knytt til kor ein bur.

Svennebys nestleiarkollega Henrik Asheim seier det er viktig å knyte borgarkontrakten til det han omtalar som «norske liberale verdiar».

– Det handlar om å akseptere reglane vi har i samfunnet vårt. Har du ei dotter, så skal også ho kunne gifte seg med kven ho vil. Har du ein son eller dotter som er skeiv, så skal dei ha dei same rettane som alle andre, heilt uavhengig av kva bakgrunn du har.

– Korleis sikrar ein dette i praksis?

– Du treng ikkje å like dei verdiane, men du må akseptere dei. Og det er faktisk forbode å nekte barna sine å gifte seg med kven dei vil.

Publisert 26.02.2026, kl. 19.29

Read Entire Article