Høgre-folk i heile landet gler seg over avklaring

3 hours ago 1



Dette er ei gledeleg og viktig avklaring, seier Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik.

– Ho er den beste kandidaten og den rette til å løfte Høgre tilbake til det leiande partiet på borgarleg side.

Fleire Høgre-profilar seier i morgontimane at dei er glade for at Ine Eriksen Søreide opnar for å bli ny Høgre-leiar.

Sjå nokre av reaksjonane som strøymer inn under.

I eit stille møterom på Stortinget onsdag kveld kom avklaringa som heile det politiske Noreg har venta på sidan Erna Solberg kunngjorde sin avgang som Høgre-leiar 12. september i år.

Ei natt seinare kom sjølve kunngjeringa.

  •  Unge Høyre-leder Ine Marie Eriksen sammen med Høyre-leder Jan Petersen under partiets valgkampåpning i Spikersuppa. Smilende.

    Lise Åserud / NTB

    Jan Petersen, tidlegare Høgre-leiar

    Eg skal ikkje legge skjul på at eg har synst dette har vore ein god idé lenge. Eg er veldig fornøgd med at ho har avklart dette, og det er berre å gratulere henne. Eg er temmeleg sikker på at dette vil partiet også gå for. Nå kan vi komme vidare.

  • Sandra Bruflot

    Alf Simensen / NTB

    Sandra Bruflot, nestleiarkandidat

    Det er veldig gode nyheiter. Med Ine får vi ein dyktig leiar og statsministerkandidat som nyt stor tillit. Ho kjem til å gjere ein kjempejobb.

  • Jaime Arnold sitter ved et bord

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Anna Molberg, stortingsrepresentant og sentralstyremedlem frå Innlandet

    Dette var ein veldig fin ting å vakne til. Det var mange varsel å på telefonen da eg vakna, der det stod at Ine Eriksen Søreide vil bli Høgre-leiar. Det kjente eg at eg faktisk blei litt rørt av.

  • Vegard Bjørnevik (H), ordførar i Kvinnherad

    Oddgeir Øystese

    Vegard Bjørnevik, ordførar i Kvinnherad

    Det er i viktig avklaring, det er mange flinke folk som kan leie Høgre, og det blir spennande å følge prosessen fram mot landsmøte, og valkomiteen si vidare arbeid.

  • Einar Arve Nordang, ordfører i Stranda kommune.

    Stranda kommune

    Einar Arve Nordang, ordførar i Stranda

    Det er gledeleg at Ine har bestemt seg. Å velje ny leiar i Høgre er lett, mange flinke folk som vil gjere ein innsats for partiet

  • Noralv Distad representerer Høyre i fylkestinget i Vestland.

    Trond Vestre

    Noralv Distad, fylkestinget i Vestland

    Ine Eriksen Søreide vil bli ein svært god Høgreleiar. Røynd, tydeleg og samlande. Høgre vil heilt sikkert få ny framgang med Ine og eit sterkt leiarteam der Peter Frølich må ha ein naturleg plass.

  • Ove Trellevik under Høyres valgvake i Bergen stortingsvalget 2025

    Benjamin René Dyrdal / NRK

    Ove Trellevik, stortingsrepresentant

    Dette var ei gledeleg nyheit. Brikkene fell plass og vi kan rette fokuset i mykje større grad framover. På politikk og gjenreising av partiet.

  • En mann i dress

    John-Andre Samuelsen / NRK

    Erlend Larsen, stortingsrepresentant for Vestfold

    Søreide har mange kvalitetar som er bra for Høgre og Noreg. Ho er både smart og folkeleg.

  • en mann som sitter i en stol

    ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

    Mahmoud Farahmand, stortingsrepresentant for Telemark

    Det er veldig bra for at fleire kapable kollegaer har lyst og er villige til å leie partiet. Dette er eit sunnheitsteikn.

Med dette fell brikkene på plass

Kinn-ordførar Bengt Solheim-Olsen karakteriserer det som «ei strålande nyheit å starte dagen med».

Med dette fell brikkene på plass, og vi kan rette fokuset i mykje større grad framover: På politikk og gjenreising av partiet.

Gruppeleiar for Høgre i Bergen bystyre, Chris Jørgen Knudsen Rødland, meiner det ligg an til å bli ein «slagkraftig og klok leiing» – med éin føresetnad: at Peter Frølich (frå Bergen) blir nestleiar.

NRK har tidlegare skrive at «Bunad-Høgre» pressar på å få fleire representantar frå distrikta inn i den nye leiar-kabalen.

I eit brev til valkomiteen har Nordland Høgre spelt inn fleire «svært dyktige» distriktskandidatar som dei meiner kan bidra til å parere det som blir ella kan bli ei Oslo-dominert høgre-leiing.

I tillegg til ny leiartrio skal Høgre sette saman eit nytt arbeidsutval (AU).

Høgre har 108 ordførarar

Nikolai Astrup viste til sprengkrafta i spørsmålet om geografisk representasjon da han erklærte at det stod om leiarvervet – eller ingenting.

Med ein Oslo-kandidat på topp – slik Ine Marie Eriksen Søreide er – vil det med dagens «reglar» for representasjon ikkje vere politisk berekraftig å plassere Astrup blant nestleiarane.

Høgre har i dag 108 ordførarar spreidde omkring i heile landet.

Noralv Distad, som representerer Høgre i fylkestinget i Vestland, etterlyser ei leiargruppe som speglar breidda i ordførar-kollegiet, og legg til at det er «svært viktig at Peter Frølich kjem inn i toppleiinga».

Han karakteriserer Eriksen Søreide som «røynd, tydeleg og samlande».

Høgre vil heilt sikkert få ny framgang med Ine.

– Viktig at valkomiteen set saman eit godt lag

Fylkesvaraordførar i Innlandet, og sentralstyremedlem i Høgre, Hanne Alstrup Velure, synest det er gledeleg at Ine Eriksen Søreide torsdag har kunngjort at ho vil bli Høgre-leiar.

– Det er viktig at valkomiteen set saman eit godt lag med breidde i kompetanse, skriv ho til NRK.

Alstrup Velure meiner det er viktig at den framtidige leiartrioen består av menneske som kan samarbeide godt og målretta i tida framover.

Publisert 06.11.2025, kl. 08.47

Read Entire Article