Ho var kona til Gud

1 month ago 16



Det skjer med 37 prosent av alle ekteskap i Noreg. Det endar i skilsmisse.

Det eine er om du eller naboen skil seg. Det er noko heilt anna når sjølvaste Gud må gjennom eit samlivsbrot.

Men hald an litt, hadde Gud verkeleg ei kone?

Det rimar dårleg med kva 2,3 milliardar kristne trur på i dag.

Ho blei utkonkurrert. Eg likte henne, seier bibelforskar og professor Anne Katrine de Hemmer Gudme.

Mann og kone

Ashera og Gud blei eit par da Gud ennå ikkje var den einaste guden, og kristendommen ikkje hadde blitt til. For 3000 år sidan hadde han namnet Jahve.

Spora finst i arkeologiske funn, og tidlege tekstar.

Han var eigentleg ei ganske standard utgåve av ein oldtidsgud, fortel Gudme. Ho jobbar på Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo.

Portrett av professor i bibelhistorie, Anne Katrine de Hemmer Gudme, som ser inn i kamera. Hun har satt opp håret og har på seg en blå genser. Uskarpt i k bakgrunnen er det trær med grønne blader.

Professor Anne Katrine de Hemmer Gudme er interessert i den historiske og kulturelle konteksten til Det gamle testamentet.

Foto: UiO

Jahve blei blant anna tilbeden i to kongerike i Midtausten; Israel og Juda. Og det var her han møtte Ashera.

Ho blir nemnd i inskripsjonar saman med Jahve. Ein kan bli velsigna av Jahve og «hans Ashera», der det blir nemnt som at dei jobbar saman som eit par.

Gudme understrekar at det ikkje er lett å vite kva som er rett tolking av så gamle tekstar og arkeologiske funn.

Vi har ganske mange hol som vi må fylle ut med spekulasjonar.

Ho beskriv Ashera som ei vakker kvinne, med ein stilig, egyptiskinspirert hårsveis.

I tillegg hadde ho stor barm. Det er ikkje er så rart sidan ho var ein fruktbarheitsgud.

Det er veldig sannsynleg at dei ikkje berre var kollegaer, men at dei også var mann og kone, seier Gudme.

Ei tegning av ei krukke med flere fruktbarhetssymboler og velsignelser til «Jahve og hans Ashera». Krukka blei funnet på Sinai-halvøya.

Denne krukka blei funnen på Sinaihalvøya. På ho er det fleire fruktbarheitssymbol og velsigningar til «Jahve og hans Ashera».

Ashera og Jahve var kanskje saman gjennom den israelittiske kongetida som varte frå rundt 1000 f.Kr til 586 f.Kr.

Men forholdet byrja å rakne.

Skilsmissa

På eit tidspunkt, kanskje rundt år 600 før tidsrekninga vår byrja nokre av dei som tilbad Jahve å skrive ned religiøse tekstar. Desse blei etter kvart ein del av den jødiske Tanákh og enda seinare den kristne Bibelen, forteljar Gudme.

Dei tekstane gjenoppfinn Jahve. Dei «rebrander» han. Han går frå å vere ein relativt gjennomsnittleg guddom, til å vere Gud med stor G.

Jahve blei den einaste guden ein skulle tilbe, ifølge dei lærde. Og da var det ikkje plass til Ashera i det gode selskap.

Men ho forsvann ikkje heilt.

En figur av gudinna Ashera står på et nøytralt bord.

Denne figuren står utstilt i Jerusalem.

Foto: Françoise Foliot / Wikimedia Commons - CC - BY

Dyrka som avgud

Mange heldt fram med å tilbe Ashera. Det blei sett opp statuar av henne i templa.

Faktisk var ho såpass plagsam for dei som følgde det første bodet til Gud at ho dukka opp i Det gamle testamentet i ei ny rolle.

Måten tilhengarane til Jahve omtalte henne, minner litt om nokon som dissar eksen til kameraten sin.

Gudme seier Ashera blei tilsverta og rekna som ulovleg. Det var ein måte å få folk til å forstå at dei ikkje skal ha andre gudar enn ... jah ... Gud.

Her blir ho omtalt som ein stereotypisk avgud. Ho blir nemnd side om side med guden Baal. Dei blir trekt fram som gudar som ein utan omsyn til kostnaden må halde seg borte frå.

Jean-Léon Gérôme, 1895-1900, Moses på Sinai-fjellet

Moses møtte Jahve, eller Gud, på Sinaifjellet. Moses skreiv ned dei ti bod på nokre steintavler. Første bod er «Du skal ikkje ha andre gudar enn meg».

Forholdet til Gud og Ashera varte lenger enn dei fleste norske ekteskap. Men i dei siste par hundreåra før tidsrekninga vår var det nok over.

Ideen om éin allmektig Gud hadde festa seg.

Snart dukka det opp ein snikkar frå Nasaret, og Jahve fekk nye tilhengarar i stadig nye delar av verda.

Forskning.no har tidlegare skrive om opphavet til den kristne Gud, og kona hans.

Publisert 02.06.2024, kl. 07.59

Read Entire Article