– Balsfjord er ein viktig stad i norsk historie – og i vår familie si historie, sa kong Harald frå talarstolen.
Kongeskipet «Norge» segla onsdag føremiddag frå Tromsø og inn Balsfjorden.
Kong Harald og dronning Sonja gjekk i land for sitt aller første offisielle besøk i fjord- og landbrukskommunen i Troms. Ein kommune med 5500 innbyggjarar.
Hundrevis har møtt opp i Moan idrettspark festkledde og med flagg.
Kong Harald og dronning Sonja er på plass på sitt første offisielle besøk i Balsfjord i Troms.
Foto: Malin Straumsnes / NRK– Balsfjord var far og farfar si trygge hamn
Besøket til kongeparet har eit historisk bakteppe. Balsfjord har nemleg hatt storfint kongebesøk før.
Då kongefamilien måtte flykte etter at tyskarane invaderte Noreg, drog dei nordover. I nærare fem veker våren 1940 budde kong Haakon og dåverande kronprins Olav i ei trehytte i Balsfjord.
Dei kom til Trangenhytta ved Langvannet rundt midnatt, 2. mai. Dei var slitne. Heilt sidan 9. april hadde dei vore på flukt frå Oslo, opp mot Nord-Noreg.
Kong Haakon, kronprins Olav og to av dei som oppheldt seg i hytta Trangen i Balsfjord saman med dei.
Den sterke kongehistoria til kommunen sør for Tromsø, var sentral i talen kong Harald heldt for balsfjordingane.
– Balsfjord var min far og farfar si trygge hamn i ei skjebnetid for landet vårt. Her budde dei, i nærleiken av familiane til mange av de som er her i dag. Dei blei tekne vare på av sine landsmenn og -kvinner, og for det er vi dykk evig takknemlege, sa 88-åringen til dei frammøtte.
– Landet var delt i to. Enn så lenge var det tryggast her nord. Eg veit jo ikkje kva far og bestefar tenkte inst inne. Men sikkert er det at dei var bekymra. Bekymra for landet vårt, og sjølvsagt bekymra for oss barna og mor.
Kongefamilien delte seg under flukta. Kong Harald reiste med mor og søstrene sine til Sverige, og seinare til USA.
Kong Haakon og dåverande kronprins Olav budde i denne hytta ved Langvannet i Balsfjord våren 1940. Hytta er i dag i privat eige.
Foto: Kari Anne Skoglund / NRKSterkast støtte til monarkiet i Nord-Noreg
I år markerer vi at det er 80 år sidan frigjeringa, etter fem år under tysk okkupasjon.
– Aldri meir krig. Fred og fridom er viktigast. Vi må bidra med alt vi har, for å bevare fridommen vår. Fridommen til å leve gode og trygge liv i eit demokratisk Noreg, sa kongen frå talarstolen.
Ei fersk meiningsmåling Norstat har gjennomført for NRK, viser at støtta til monarkiet har auka blant folket. 69 prosent støttar monarkiet.
Tala har halde seg stabile sidan februar, men det er ei auke frå før jul, då 64 prosent støtta monarkiet.
Balsfjord tek imot kongeparet på deira første offisielle besøk i kommunen.
Foto: Malin Straumsnes / NRKTala viser dessutan at monarkiet står sterkast blant folk i nord. 75 prosent støttar kongehuset som styreform. I Oslo er støtta nede på 58 prosent.
NRK-journalist med ansvar for kongehuset, Kristi Marie Skrede, har ein teori om kvifor:
– Meiningsmålinga viser ikkje kvifor, men den slår jo fast at støtta er så stor. Kanskje er bakteppet noko med krigen. At det blei knytt varige band, og at Nord-Noreg som landsdel følte seg sett.
Meiner Balsfjord var hovudstad
Tre statsråd fann stad i tømmerhytta i Balsfjord i 1940, og NRK sende 17. mai-talen til kongen derifrå det året.
Historikar Lill-Karin Elvestad meiner Balsfjord var hovudstad i Noreg nokre veker i mai 1940.
Ho peikar på dei sterke banda kommunen har til kongehuset. Fleire regjeringsmedlemmer, i tillegg til kong Haakon og kronprins Olav, oppheldt seg her denne våren.
– Trangenhytta blei på den måten eigentleg hovudkvarteret for alt det kongen og regjeringa måtte ta av avgjerder desse dramatiske dagane, seier ho.
Kong Harald er tilbake i kommunen der faren og farfaren hans flukta våren 1940 under den tyske okkupasjonen.
Foto: Malin Straumsnes / NRKHytta i Balsfjord vart den dåverande kongen og kronprinsen sin skjulestad fram til 7. juni, då dei flykta ut av landet – og til England.
Sjølv om kong Harald er på det første offisielle besøket i Balsfjord, har han vore innom hytta og sett kor faren og farfaren budde. Det har også kronprinsen.
– Det er nesten litt som å komme heim, når vi besøker dykk i dag, sa kong Harald i talen.
Historikar Elvestad seier at det absolutt er ein historisk dag.
– Kanskje mange i Balsfjord har lurt litt på kvifor vi ikkje har hatt offisielt kongebesøk før, nettopp på grunn av kongehuset si tilknyting hit. Kanskje vil kong Harald kjenne litt på historisk sus i det han trør i land på kaia på Tennes, sa Elvestad til NRK tidleg onsdag.
– Det er ein festdag i Balsfjord, og det skal vi vise heile Noreg, legg ho til.
– Ein bit av Balsfjord
Etter innseglinga til Balsfjorden onsdag, ventar ein køyretur på eit kvarter til kommunesenteret Storsteinnes.
Langs vegen har fleire pynta med flagg, blomar og landbruksutstyr for kongeparet.
Kong Harald trekte også fram meieriet på Storsteinnes i talen sin, som i år har 100-årsjubileum. Her vart det også halde statsråd i 1940.
Statsrådsprotokollen frå møtet i Balsfjord ysteri den 31. mai 1940.
Foto: Arkivverket– Det kan godt hende at mange av oss dagleg får i oss ein bit av Balsfjord når vi et brunost. Meieriet skaper store ringverknader – og ikkje berre i Nord-Noreg, men også langt borte, som i Sør-Korea, der dei har blitt glade i «det brune gullet».
– Der har nokre brunost på pizzaen. Brunost og pizza kvar for seg er jo godt. Eg er derimot litt usikker på kombinasjonen, la han til – og fekk latter frå publikum.
Kong Harald held tale til dei frammøtte i Balsfjord onsdag føremiddag. Der takka han lokalbefolkninga for hjelpa faren og farfaren hans fekk under andre verdskrig.
Foto: Malin Straumsnes / NRKTi kommunar igjen
Kong Harald «samlar» på norske kommunar. Verken Balsfjord og Kvænangen, som kongeparet dreg vidare til, har hatt offisielt besøk før no.
Kong Harald kan dermed krysse av to nye kommunar i samlinga si, og har berre ti igjen.
Etter fylkesbesøket i Troms, set kongeparet kursen mot Svalbard søndag, der dei har eit innhaldsrikt program måndag og tysdag. Om vêret tillèt det, blir det eit stopp på Bjørnøya laurdag.
Publisert 11.06.2025, kl. 11.51 Oppdatert 11.06.2025, kl. 12.28