Tysdag blir ein merkedag for dei tilsette ved Runde Miljøsenter i Herøy. Då må leiinga møte i retten for å forklare kvifor dei i 12 år gav arbeid til Suel Kassembo som oppheld seg ulovleg i landet.
Bedrifta har fått krav om å betale 300.000 kroner i bot for å få saka ut av verda.
Det nekta dei å gjere, dermed hamnar saka i retten.
Arild Humlen er advokat for Runde Miljøsenter. Han seier dei avviser noko skuld, og seier saka er heilt spesiell.
– Det var det offentlege sjølv som kontakta senteret for å høyre om dei kunne engasjere og tilsette ein person som hadde søkt tilskot frå Nav, hevdar Humlen.
– Eg har aldri vore ute for ein situasjon der det offentlege har spelt ei utslagsgjevande rolle i iverksetjinga av ei ordning som har vore i strid med utlendingslova.
Senteret skal ha orientert både UDI, politiet, Nav og skatteetaten om at han jobba der. Ifølgje skatteregisteret har Suel Kassembo betalt over ein halv million kroner i skatt fram til 2023 – samtidig som han hadde fått endeleg avslag på opphaldsløyvet i Noreg.
Advokat Arild Humlen representerer Runde Miljøsenter i retten.
Foto: Lars Eie / NRKSkulda for å ha brote lova grovt
Det er politimeisteren i Møre og Romsdal som har sikta miljøsenteret for brot på Utlendingslovens § 108 tredje ledd bokstav a for å ha gitt Kassembo arbeid i 12 år.
Politiadvokat Magne Kvalvik vil ikkje kommentere saka før rettsaka er i gang.
Han har tidlegare stadfesta overfor NRK at politiet i lang tid har kjent til at Kassembo både har budd og arbeidd i området utan å ha nødvendig løyve.
Tidlegare i år fekk han spørsmål om kvifor politiet ikkje greip inn dersom ein meinte dette var alvorleg. Då svarte han slik:
– Det er ikkje mitt bord, eg forheld meg til den saka som gjeld Runde Miljøsenter og ikkje utlendingssaka, sa han den gongen.
Politiadvokat Magne Kvalvik ønskjer ikkje å kommentere saka i forkant av rettsforhandlingane.
Avviser initiativ
Fylkesdirektør Stein Veland i Nav vedgår at saka er spesiell, men avviser at dei har tatt initiativ til arbeidsavtalen med Runde Miljøsenter.
– Ut frå dei papira vi har, har vi ikkje hatt noko arbeidsretta tiltak i forhold til vedkomande, verken opp mot Runde Miljøsenter eller andre, seier han.
–Har Nav betalt ut løn eller andre ytingar til Kassembo for arbeidet på Runde Miljøsenter?
– Nei, vi har ikkje betalt ut løn, så vidt eg kan sjå. Vedkomande har mottatt ytingar etter sosialtenestelova, som blei vurdert å vere rett på det tidspunktet, seier han.
Stein Veland er fylkesleiar i Nav i Møre og Romsdal.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKHar gått i kyrkjeasyl
Det har storma rundt Suel Kassembo tidlegare. Han har budd ulovleg i Noreg i over 20 år, krev opphald i landet, men har tapt i to rettsaker. Menneskerettsdomstolen har tidlegare sagt nei til å behandle saka hans, og no har han gått i kyrkjeasyl i Herøy.
Men i mange år arbeidde han på Runde Miljøsenter.
Han er ikkje glad for at arbeidsgjevaren hans no må møte i retten.
– Eg synest ikkje det er greitt når vi har følgt reglane, seier han til NRK.
Runde Miljøsenter er ein forskingsstasjon for kystøkologi og marin forsking, og ligg ytst i havgapet på Sunnmøre.
Suel Kassembo har gått i kyrkjeasyl i Herøy. Han er redd for å bli sendt ut av landet med makt.
Foto: Remi Sagen / NRKStøttespelar
Sjefen for Runde Miljøsenter, Nils Roar Hareide, har i ei årrekkje vore ein av støttespelarane for Suel Kassembo og har arbeidd for at han skal få opphaldsløyve i Noreg.
Det årelange arbeidsforholdet har vore eitt av momenta Kassembo har brukt som argument for å få opphald. No blir altså Runde Miljøsenter saksøkt nettopp for dette.
Publisert 18.11.2025, kl. 07.51



















English (US)