Hetsast fordi dei bygger vindmølle­parkar

2 weeks ago 16



Fleire stader går debattane om vindmølleparkar. Motstanden er stor. Og dei som jobbar med å sette opp vindmøllene får kjenne på det.

Eg synest det er krevjande å stå i, i mange settingar. Samtidig synest eg vi gjer eit viktig samfunnsoppdrag.

Det seier Sven Lersveen, som er prosjektutviklar i Eidsiva.

Han er ved Søre Osen i Åmot kommune i Innlandet. I vindmølleparken ruvar 31 vindmøller i naturen i Åmot og Trysil. Parken som stod ferdig i 2018.

Når Lersveen og Eidsiva no planlegg for nye parkar merkar dei at motstanden er blitt større og meir nasjonal, fortel han.

Vindmøller debatt

Raskiftet vindkraftverk har 31 vindmøller ved Søre Osen. Åmot og Trysil er vertskommunane for denne parken.

Foto: Reidar Gregersen / NRK
  • I Rogaland meiner fleire naboar til vindkraftparken at bråket frå turbinane er helsefarleg. Dei krev stans.

Vart dratt opp under folkemøte

«Skyt disse» og «Burde bli sett i gapestokk og lynsja», er blant det som blir skrive på sosiale medium i forbindelse med planlegginga av ein ny vindmøllepark i Innlandet.

Det er ein del hets og ein del på nett. Men det må vi stå i. Eg synest det er verre for grunneigarar og politikarar, seier prosjektutviklaren i Eidsiva.

Han har sjølv opplevd å bli konfrontert fysisk. Under eit folkemøte mot vindkraft vart han kalla opp på scena. Han seier det nokon gonger har vore ubehageleg og gå på jobben.

Det var eit prosjekt der ein var så frustrert at han kom og drog meg i arma. Det er ikkje noko all right, fortel Lersveen.

Ole Erik Hørstad, som er ordførar i Åmot kommune, seier det var ein god og ryddig prosess då dei bygde ut parken der.

Vindmøller debatt

Ordføraren i Åmot, Ole Erik Hørstad kan ikkje svare på kvifor folk synest det er så vondt når ein bygger ut vindmøller. Men han trur det handlar om kjensler, og han erkjenner at det er snakk om store naturinngrep.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Inntektene frå vind- og vasskraft i kommunen er på mellom 50 og 60 millionar, fortel han.

Sjølv har han ikkje blitt hetsa for at dei bygde ut i naturen, men han seier han forstår kor motstanden kjem frå.

Det er krevjande, og eg skjønar det, for det er store naturinngrep. Derfor må vi kommunar vege dette for og mot. Nokon stader skal vi ikkje ha vindmøller, seier Hørstad.

Folk blir redde

Organisasjonen Motvind Noreg jobbar imot vindmølleutbygging. Vindkrafta tar av livskvaliteten til dei som bur i kommunane, ifølge Johnny Snerten, som er leiar i Motvind Innlandet. Han vil ein skal finne betre alternativ til å produsere kraft.

Dei har arrangert fleire folkemøte, men har ikkje opplevd slike ting som Eidsiva skildrar, der folk er dratt opp på scena.

Johnny Snerten, leder i Motvind Innlandet

Johnny Snerten i motvind Innlandet har ikkje opplevd dårleg klima på sine folkemøte.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Han trur frykt og kjensler kan vere bakgrunnen for nokon av dei verste reaksjonane frå folk.

Eg trur folk blir redde. Når dei får dette i ansiktet, så trur eg heile kjensleregisteret kjem på ein gong, og så gjer folk ting og seier ting i affekt.

Men han støttar ikkje den typen hets som ein har sett i sosiale medium.

Det blir meiningslaust. Det er ikkje det som er greia her. Alt kokar jo ned til ein arealplan i kommunen. Då handlar det om å finne argument og forklare ting til politikarane våre, seier Snerten.

Vindmøller debatt

Organisasjonen Motvind meiner vindkraft er eit ran. Johnny Snerten seier det handlar om naturinngrep og at folk i nærområdet blir påverka av møllene.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Publisert 09.12.2024, kl. 12.19

Read Entire Article