– Vi har faktisk sett solrekord for januar, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.
Aldri før har det vore målt like mange soltimar i ein januarmånad som det bergensarane har fått servert i starten av 2026.
Rekorden er frå 2021 med 61,4 timar. I år har det vore 63,6 timar.
Store delar av Noreg har hatt stabilt og kaldt vintervêr denne månaden.
Og Sør-Noreg får ei ny runde. Meteorolog Emili Carin Rønning forklarar at høgtrykket som ligg over landet, vil halde fast på kulden i fleire dagar framover. Det betyr mykje sol og lite nedbør for store delar av landet.
– Vi går inn i ei ny kald periode igjen, seier Rønning, og peikar på at temperaturen fleire stadar kan falle ned mot 20 minusgrader om natta.
Ho beskriv vêret sør for Lofoten som kaldt og tørt, og legg til at austavinden er med på å halde nedbøren unna Vestlandet.
Solrike dagar i vente
Meteorolog Rønning ser ingen teikn til større endringar i vêrsituasjonen med det første. Høgtrykket ser ut til å bli liggande over landet i lang tid.
– Det kan bli ei god stund til før vi får nedbør. Eg ser ingen indikasjon på at det skal kome noko med det første, seier Rønning. Ho meiner at dei som er glade i sol, både på Vestlandet og i austlandsområda, kan glede seg.
Ho understrekar at ein ikkje treng å stresse viss ein har gått glipp av soldag. For meir blir det.
Emili Carin Rønning melder ein ny periode med kaldt og stabilt vintervêr.
Foto: Simen Wingstad / NRK– Om ein går glipp av ein soldag i dag eller i morgon, så kjem det fleire. Fredag og søndag ser til dømes veldig fine ut, seier ho.
– Så vestlendingane (bergensarane) treng ikkje å finne fram paraplyen i næraste framtid?
– Nei, den trur eg kan ligge og støve etter godt ut i neste veke og kanskje litt til, seier Rønning.
Det kan likevel bli meir skya dei neste dagane, ifølgje Fagerlid.
– Men av og til kjem det ein sprekk i skydekket, og det hjelper på solrekorden.
Sjølv om vêret er stabilt, minner Rønning om at låg tåke og skyer kan overraske i slike høgtrykksperiodar.
– Skyer kan vere veldig uføreseielege. Dei kan legge seg og bli liggjande. Men slik varsla ser ut no, får vi fleire dagar med sol også inn i neste veke, seier Rønning.
Skogbrannfare i 20 minus: – Det handlar ikkje om temperatur
Trass i streng kulde er det sendt ut skogbrannvarsel fleire stader i Sør-Noreg. Det kan verke ulogisk for mange, men Rønning understrekar at det er vegetasjonen, ikkje temperaturen, som avgjer risikoen.
– Det har ikkje så mykje med kulden å gjere. Det handlar om tørre gras- og lyngområde og vind, forklarar ho.
Når det først tek fyr, kan brannen spreie seg svært raskt. Faren gjeld no i store delar av Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag.
Ho seier at det er lett å tenkje at minus 20 betyr låg brannfare, men slik er det ikkje når bakken er snøfri.
Faren for gras- og lyngbrann gjeld i område som ikkje er snødekte.
Foto: Rune Møklebust / NRK– Det er lite snø og veldig tørr vegetasjon. Difor er det lett at det tar fyr, og vinden gjer at det kan gå fort, seier Rønning.
Dårleg luftkvalitet i byane
Kuldeperioden har også påverka luftkvaliteten i dei største byane.
Denne veka sende Miljødirektoratet ut raudt varsel for dårleg luft i både Oslo, Trondheim, Bergen og Stavanger.
– Når vi har kaldt og tørt vêr, blir ikkje lufta skifta ut. Då blir forureining frå mellom anna biltrafikk og vedfyring liggande og samle seg nær bakken, sa meteorolog Espen Biseth Granan då.
Luftkvaliteten har vore dårleg i fleire norske byar, mellom anna i Bergen.
Foto: Jan Børge Leirvik / NRKHan forklarte at mangelen på vind og omrøring i lufta gjer at forureininga blir verande, noko som gir dårleg luftkvalitet, særleg i byane.
På Miljødirektoratet sine nettsider kan du sjekke luftforholda der du bur.
Publisert 29.01.2026, kl. 07.40 Oppdatert 29.01.2026, kl. 08.41










English (US)