Her var det 17 grader: – Rart svigermor ikkje har ringt

2 weeks ago 14



– Det er rart svigermor ikkje har ringt meg om dette, seier Olav Haugan og ler.

Han driv Kjerag Lysebotn Camping & Resort i Lysebotn. Haugan har, dessverre, vore på reise.

Han visste ikkje at Lysebotn blei målt til landets varmaste plass i går, og hadde temperaturar på heile 17,2 grader.

– Men når eg høyrer dette, skulle eg heller sprunge rundt heime i kortbukse og t-skjorte enn å vere på tur, seier han.

Det er ikkje så mykje kaldare i dag, fredag, med ein temperatur på 16,2 grader.

Uroa over klimaendringar

For sjølv om Haugan gjekk glipp av varmerekorden akkurat i går, har han lagt merke til det milde vêret den siste tida.

– Eg synest det er kjekt med slike rekordar. Noreg er ikkje bortskjemde med det flottaste vêret akkurat. Vinteren, den kjem snart nok.

Olav Haugan og Tanja Eike på tur i Lysebotn i Rogaland.

Olav Haugan driv Kjerag Lysebotn Camping & Resort i Lysebotn. Her saman med kona Tanja Eike på tur, ikkje i november, men ein annan dag med sol og varme.

Foto: Privat

Gustav Aukland, som har vakse opp i Lysefjorden, er meir bekymra for det varme vêret.

– Ja, vi merker jo det. Det er klimaet som endrar seg. Det har vist seg dei siste åra, seier han.

For to år sidan var det andre bollar i Lysebotn. Då var bygda isolert på grunn av is.

Og det er ikkje berre i Lysebotn det har vore varmt den siste tida. I stor delar av Sør-Noreg har dette vore ein uvanleg varm haust.

Lysefjorden sett fra utgangen av Fantehola. Ser innover mot Lysebotn, men ser ikke Lysebotn på dette bildet.

Lysebotn ligg i Lysefjorden i Rogaland.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ikkje vore så varmt på 20 år

Mellom 1. og 6. november låg temperaturen 4 grader over snittet samanlikna med målingar frå dei siste 30 åra.

Også temperaturane i oktober enda på nesten to grader over normalen. Aldri før har det blitt registrert ein så lang periode med gjennomsnittstemperaturar over normalen, ifølge Meteorologisk institutt.

Oktober blei også den 8. varmaste som er registrert i ei måleserie som går tilbake til 1901.

17,2 grader i Lysebotn er den femte høgaste temperaturen målt i Rogaland i november nokon gong.

Ifølge klimavakt i Meteorologisk institutt, Tone Braadland Husebye, har det ikkje vore så varmt den første veka i november sidan 2005.

– Det er mogleg at 2025 blir aller varmast. Det står att litt finrekning, seier Husebye.

Årsaka til varmen i Sør-Noreg er at det ligg eit lågtrykk vest for Noreg, som drar opp varmluft frå lenger sør.

Utsikt frå Lysebotn utover Lysefjorden. Isen startar først eit stykke ut i fjorden.

Det ser ut til å vere ei stund til det blir snø og is i Lysebotn.

Foto: Erik Waage / NRK

Det varme vêret fortset

Det er med andre ord ikkje berre heilt enkelt å skulde på klimaendringane.

– På ein måte speler det alltid inn. Heile vegen, på alt. Men det er alltid ein moglegheit for at det kunne ha vore likt utan klimaendringar og.

Ifølge klimavakta har det vore eit veldig tydeleg skilje mellom nord og sør den første veka i november.

– Om ein legg farge på kartet så er det blått i Nord-Noreg og raudt i Sør-Noreg, seier ho.

Neste veke vil halde fram på same måten. Mildt i sør, og kaldt i nord.

Publisert 07.11.2025, kl. 14.16 Oppdatert 07.11.2025, kl. 18.33

Read Entire Article