Norsk 19-åring tiltalt i England:
19-åringen frå Stavanger vart pågripen på eit hotell i Huddersfield. Alt var fanga på politiets kroppskamera.
Publisert 10.06.2026 18:36
Klokka var blitt 05.15, natt til 19. mars 2025, i Huddersfield nord i England.
På rom 207 på Briar Court Hotel budde ein 19 år gamal mann frå Stavanger.
Han brukte kvelden før på å hente våpen og sørge for fluktbil, på instruksjonar frå to personar i det svenske Foxtrot-nettverket.
«Vi har mykje å gjera i morgon», skreiv Foxtrot-toppen «Agent47» til 19-åringen på Signal.
Men så nærma det væpna britiske spesialpolitiet seg hotelldøra hans.
Så banka dei på.
Hadde to våpen på rommet
Den dramatiske «bodycam»-videoen blei lagt fram som bevis for juryen i rettssalen onsdag.
TV 2 har fått den tilsendt frå antiterrorpolitiet som har etterforska saka. TV 2 har vald å sladde den tiltalte 19-åringen frå Stavanger.
Han vart teken med mellom anna to fungerande våpen på hotellrommet sitt. No er han sikta for «conspiracy to murder», altså for å ha hatt planar om å drepe, i England.
Britisk påtalemakt meiner drapet berre var timar unna då han blei pågripen.
Han nektar straffskuld.
Norsk 19-åring nektar straffskuld – sende slengkyss i retten
Lata som han skaut
19-åringen opna døra til hotellrommet etter at politiet hadde banka på.
Ifølge påtalemakta løfta den tiltalte hendene då han kom til døropninga, som om han heldt i eit skytevåpen.
– Og så lata han som han skaut mot ein av politibetjentane. Dette i seg sjølv gir kanskje eit visst innblikk i kva han var her i England for å gjera, sa aktor Alistair Richardson under sitt opningsforedrag i førre veke.
Etter arrestasjonen vart 19-åringen sett i varetekt.
I rettssaka har vitne frå Norge skildra tenåringen som ein populær og svært talentfull fotballspelar.
Så skal han ha fått store rusproblem under koronapandemien då aktivitetane stengde ned.
– Han var psykisk sjuk då han reiste til England. Han hadde ikkje fri vilje og vart utnytta i ein sårbar situasjon medan han var under aktiv behandling i norsk helsevesen, har mora sagt i eit intervju med TV 2.
Dette fann dei på rommet
Etter arrestasjonen gjekk politiet gjennom hotellrommet til 19-åringen i Huddersfield.
Der fann dei følgande:
Ei halvautomatisk Luger 9mm med magasin
Ein revolver
17 patroner av kaliber 9 mm
Ein iPhone 12
Ein Nokia-telefon
2.000 britiske pund i kontantar
Tre par nitrilhansker
Eit utløpt norsk pass i hans namn
Eit bankkort
Fleire klesplagg (jeans, svart Nike-jakke, gensar, undertøy og sokkar)







English (US)