Her skal Märtha Louise og Durek gifte seg

1 month ago 20



Laurdag 31. august blir det stor ståhei i turistbygda Geiranger. Det er kjent at bryllaupsfesten til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett skal vere på hotell Union Geiranger.

I dokument frå politiet til NRK kjem det fram at vigselen skal skje utandørs. Nærare bestemt på Vinjevollen. Dette er eit naturskjønt område på ein gard like ved hotellet.

TV 2 og NRK har fått tillating til å filme med drone, men i vedtaket frå Møre og Romdal politidistrikt kjem det fram at det ikkje er lov å filme når gjestane kjem, under vigselen på Vinjevollen og under transport av personell med sikringstiltak.

Märtha Louise og Durek Verrett går arm i arm og smiler. Prinsessen er ikledd en rosa kjole, mens Verrett har på seg en smoking.

Bryllaupet mellom Märtha Louise og Durek Verrett er privat og ikkje i kongeleg regi.

Foto: Lise Åserud / NTB

Ukjent kven som kjem

Det prest Margit Lovise Holte som skal vie paret. Ho er ei venninne av prinsessa.

Bryllaupsfesten startar i Ålesund torsdag. På fredag skal gjestane dra med båt til Geiranger.

Det er ikkje kjent kven som er gjestar i bryllaupet, men det er venta at det kjem både kongelege og kjendisar frå inn- og utland.

Møre og Romsdal politidistrikt har budd seg på bryllaupet i lang tid og har bedt om ekstra løyvingar frå Politidirektoratet.

Politiet skal sikre og beskytte arrangementet dersom gjestar har krav på vern.

– Det er så viktig for meg, alle menneska som er til stades og kva dei bringer inn i bryllaupet av energi og kjærlighet, sa Märtha i ein podkast-episode av «HeartSmart Conversations» tidlegare i sommar.

 Kongeskipet "Norge" på Geirangerfjorden fulgt av en cruisebåt, vedc Vinjevollen i Geiranger. i 2006

Dette biletet er tatt frå Vinjevollen i 2006. Då var kongeskipet på veg inn fjorden.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Publisert 08.08.2024, kl. 10.34

Read Entire Article