Her skal 313 personar kunne søke tilflukt

2 days ago 7



Noreg har knappe 20.000 tilfluktsrom. Mange av dei blir brukt som lager og står ikkje klare til bruk om alarmen brått skulle gå.

Ein fersk gjennomgang i eit av landet mest folkerike fylke, Vestland, viser store manglar ved fylkeskommunen sine eigne offentlege tilfluktsrom.

Bak ei tung ståldør finn vi Flora vidaregåande skule sitt tilfluktsrom i kystbyen Florø.

Tilfluktsrommet blir brukt som lagringsplass for ulike typar utstyr. Det er ikkje plass andre stader på skulen. Rommet har vesentlege manglar og skal oppgraderast.

Blant manglane som må utbetrast er merking og instruksar, naudsamband, elektriske føringar, utbrytarutstyr, lykter og brannsløkkingsapparat. Tilfluktsrommet skal ha plass til 313 personar.

Fann manglar i alle tilfluktsromma

Tilfluktsrommet i Florø er ikkje åleine om å ha vesentlege manglar. Av til saman 16 kontrollerte rom eigd av Vestland fylkeskommune hadde alle manglar. 11 hadde vesentlege manglar, fem hadde enkelte manglar.

Dei registrerte avvika omfattar mellom anna tekniske installasjonar og ventilasjon, at rommet ikkje er tett og generelt vedlikehaldsbehov.

Tilfluktsrom ved Florø vidaregåande skule

Tilfluktsrommet ved Flora vidaregåande skule er som mange andre tilfluktsrom fylt opp med møblar og utstyr.

Foto: Bård Siem / NRK

– Uheldig

Jostein Fjærestad er direktør for eigedom og utbygging i Vestland fylkeskommune.

– Det er uheldig at det er oppdaga manglar ved alle tilfluktsromma våre. Vi vil setje inn tiltak raskt, seier han.

Men kvifor er ikkje tilfluktsromma allereie sette i stand?

– Det har vore manglande fokus på dette i mange år. Men dei siste par åra har det endra seg. Målet er å få oppgradert alle tilfluktsromma våre innan sommaren neste år, seier Fjærestad.

Jostein Fjærestad, eigedomsdirektør Vestland fylkeskommune

Jostein Fjærestad, direktør for eigedom og utbygging i Vestland fylkeskommune, vedgår at det er uheldig at det er oppdaga manglar ved alle tilfluktsromma som er kontrollerte.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Nasjonal oversikt manglar

Det er per i dag ingen nasjonal oversikt over kor mange av dei nær 20.000 tilfluktsromma som tilfredsstiller krava til tryggleik. Dette vedgår Mona Brygard, seksjonssjef i Sivilforsvaret.

– Vi veit at tilfluktsromma rundt om har varierande kvalitet. Mange er gode og tilfredsstiller krava, men vi veit også at det er mange rom som har behov for oppgradering.

Men burde ikkje de har full oversikt over kor mange tilfluktsrom som tilfredsstiller dagens krav?

– Det er ikkje eit ansvar vi har å ha den fullstendige oversikta. Det er eigarane av tilfluktsromma som har ansvar for å halde ved like og ha oversikt over tilstanden.

Mona Brygard, Seksjonssjef i Sivilforsvaret

Mona Brygard, seksjonssjef i Sivilforsvaret, vedgår at dei ikkje har oversikt over alle tilfluktsrom i Noreg.

Foto: Stian Olberg, DSB

Brygard fortel at dei får meldingar om at stadig fleire oppgraderer tilfluktsromma sine, noko som blir applaudert av Sivilforsvaret.

– Det er veldig bra at Vestland fylkeskommune har kontrollert og vil utbetre tilfluktsromma sine, seier ho.

Brygard ønskjer å presisere at også tilfluktsrom som har manglar gir grunnleggande vern mot konvensjonelle angrep.

– Vernet ligg i sjølve måten tilfluktsrommet er konstruert på.

En mann i svart Sivilforsvaret-jakke i og ved tilfluktsrom

Slik såg det ut då NRK gjesta eit tilfluktsrom i Tønsberg. Arkivfoto

Foto: Philip Andre Johannesborg / NRK

– Ny situasjon

Justid- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) peikar på at det er viktig at tilfluktsromma fungerer slik dei skal.

– Vi har hatt mange år der tilfluktsromma ikkje har vore så viktige for oss, men no har situasjonen endra seg. Dette gjer at vi har sett Sivilforsvaret i gang med å sjå på situasjonen ved tilfluktsromma. Det er viktig at tilfluktsromma blir sette i stand til å fungere slik dei skal, seier ho.

Astrid Aas-Hansen, justisminister, står ved siden av et skilt

Justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) peikar på at det er viktig å få sett i stand alle tilfluktsromma i Noreg, slik at dei fungerer som dei skal.

Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK

Har plass til 2,5 millionar

I dag har Noreg i underkant av 20.000 tilfluktsrom med plass til 2,5 millionar personar. 600 er offentlege tilfluktsrom med plass til 300.000 personar. 19.000 er private tilfluktsrom med plass til 2,2 millionar personar.

Offentlege tilfluktsrom er for alle som oppheld seg i det aktuelle området. Kommunen eig desse romma og har ansvaret for vedlikehald, medan Sivilforsvaret har ansvaret for drift og klargjering i ein beredskapssituasjon.

Private tilfluktsrom er for personar som oppheld seg på eigedomen eller i bygget. Døme på private tilfluktsrom er skular, barnehagar, kontorbygningar, bedrifter og hotell.

Beredskap i Vardø. Tilfluktsrom.

Skilt som dette finn ein over heile landet. Dei skal romme folk i naud, men i mange tilfelle er i tilfluktsromma allereie fylt opp som lager.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Har 72 timar på seg

Tilbake i tilfluktsrommet i Florø har dei 72 timar på seg til å rydde ut alt utstyret dersom det skulle bli akutt behov for å bruke rommet. Dette ifølgje det nasjonale regelverket for tilfluktsrom.

Publisert 02.05.2026, kl. 19.29

Read Entire Article