Kvinna handla aktlaust då ho let sonen køyre i 150 kilometer i timen under øvingskøyring i sommar, står det i dommen frå Hordaland tingrett. Køyringa skjedde i samband med eit uformelt biltreff.
Kvinna vart dømd til 21 dagar vilkårslaust fengsel og tap av førarretten i 13 månader.
– Ho er skuffa over å bli domfelt, men samstundes glad for at retten har vurdert tapsperioden annleis enn politiet, seier forsvarar Jørgen Riple.
Dei har førebels ikkje bestemt seg for om dei vil anke domen, eller ikkje.
Eitt sentralt spørsmål
Målinga vart gjort mellom Eidsvågtunnelen og Glaskartunnelen, i nordgåande retning på E39 i Bergen. Før bilen kom inn i tunnelen, vart han målt til 150 kilometer i timen.
På den aktuelle strekka er fartsgrensa 80 kilometer i timen.
Kvinna vart først fråteken førarkortet, men tingretten gav ho førarkortet tilbake grunna uvisse knytt til ansvaret hennar, skriv Bergensavisen.
At sonen øvingskøyrde, med mora som følgjeperson, var det ingen tvil om.
Det sentrale spørsmålet i straffesaka mot kvinna, var kva som skjedde i bilen, mellom førar og følgjeperson då fartsoverskridinga skjedde.
– Særskilt (...) om tiltalte gjorde noko for å få føraren til å redusere farten, står det i avgjerda.
Her har politiet og kvinna ulik oppfatning.
– For at følgjeperson skal bli dømd, så må følgjeperson ha handla aktlaust. Vi meiner ho sa ifrå, og det vart vi ikkje trudde på, seier forsvarar Riple.
Advokat Jørgen Riple seier dei førebels ikkje har bestemt seg for å anke dommen eller ikkje.
Foto: Oskar Rennedal / NRKLågare tapstid for førarrett
Politiadvokat Beate Musemakweri Seth seier at målinga vart gjort i ein fartskontroll med bruk av laserapparat.
– Ein fart på 150 km/t vil i seg sjølv representere eit alvorleg faremoment, og det vart vektlagt skjerpande at saka dreier seg om ei øvingskøyring i samband med eit biltreff, seier Seth.
Påtalemakta har ikkje teke stilling til om dei skal godta eller anke dommen enno.
– Tingretten har idømt betydeleg lågare tapstid for førarrett enn min påstand, seier ho.
«Ro ned farten!»
Retten festa lit til politiet si oppfatning, og la til grunn avhøyr gjort i opptak av dei involverte partane same kveld.
Her hevda kvinna at ho ikkje forstod at bilen køyrde så fort, og at ho ikkje hadde sett på speedometeret.
Då bilen akselererte ut frå Eidsvågtunnelen, var hennar første reaksjon overfor sonen: «Ro farten ned!», forklarte ho.
Ifølgje dommen bremsa sonen då ned.
Dette hevda kvinna også å ha sagt i avhøyr den aktuelle kvelden, noko politibetjentane avviste. Retten meiner forklaringane, både til kvinna og sonen, var oppkonstruerte, og ikkje stemde overeins med dei faktiske opplysningane i saka.
Den dømde mora må gjennom ein ny førarprøve når ho skal ta førarkort igjen.
Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK– Har eit særskilt ansvar
Tingretten konkluderer difor med at kvinna utan tvil var aktlaus då ho let sonen nå «ein uvanleg høg og risikabel fart» under øvingskøyringa, utan at ho verken oppdaga den farlege farten eller prøvde å gripe inn.
Assisterande distriktsleiar i Utrykkingspolitiet, Eivind Hellesund, seier at hendinga er nok ei påminning om at ein følgjeperson har eit særskilt ansvar for øvingskøyring i trygge rammer.
– Slike ting skjer, men det er heldigvis sjeldan, seier han.
Sonen vart i september dømd til fengsel på vilkår i 21 dagar, og sperrefrist til juli 2027 for å ta førarkort.
I tillegg til fengselsstraff og førarkortbeslag, må mora gjennom full ny førarprøve når ho skal ta førarkort igjen.
Publisert 07.11.2025, kl. 20.34 Oppdatert 07.11.2025, kl. 20.41

















English (US)