Her må du passe deg for kjøttetande bakteriar

4 hours ago 5



Skal du på ferie i sommar, er det særleg ein plass du må vere merksam. Men også i Noreg kan det bli trøbbel.

 Goran Jorganovich  / TV 2
PASS PÅ: Enkelte stader bør ein vere merksam om du skal bade i sjøen. Foto: Goran Jorganovich / TV 2

Publisert 07.07.2025 18:33

Viss vatnet blir varmt over ein lenger periode, kan det bety gode forhold for den kjøttetande bakterien vibrio.

Vibrio kan i verste fall føre til alvorlege infeksjonar, som kan vere livstruande.

 Adobe Stock
ILLUSTRASJON: Denne digitale illustrasjonen skal vise den generelle formen til bakterien vibrio vulnificus. Foto: Illustrasjon: Adobe Stock

Sommaren i Noreg har kanskje ikkje vore mykje å skryte av så langt i år, men fleire stader er faktisk vasstemperaturen høg nok til at bakterien får blomstre.

– Vi veit det er vibrio i Oslofjorden, men vi veit ikkje kor stor konsentrasjon det er av den, seier Cecilie Smith Svanevik, forskar på Havforskingsinstituttet.

 Goran Jorganovich  / TV 2
NO KJEM VARMEN: Det er venta strålande sommarvêr i Sør-Noreg framover. Foto: Goran Jorganovich / TV 2

Kan vere livstruande

I snitt blir det rapportert om 57 tilfelle av vibrio-infeksjonar i Noreg kvart år. 

Som oftast er det snakk om milde infeksjonar, men bakterien kan i sjeldne tilfelle føre til alvorlege sårinfeksjonar, som nekrotiserande faciitt.

– Nekrotiserende faciitt er ein svært alvorleg infeksjon som utviklar seg raskt. Felles for infeksjonane er at bakteriane kjem inn i underhuda, seier Ettore Amatao, seniorrådgjevar i Folkehelseinstituttet. 

Infeksjonen kan vere livstruande. I 2016 måtte ei kvinne amputere beinet som følge av ein infeksjon ho fekk etter ein svømmetur. 

Råd for å førebygge infeksjon

  • Personar med opne sår bør ikkje bade i sjøvatn viss ikkje såret kan tildekkast med heildekkande, vasstett plaster. Det gjeld også tatoveringar.
  • Personar med immunsvikt, leversjukdommar, hemokromatose og eldre er råda til å bruke badesko for å hindre at ein pådreg seg sår under bading.
  • Skylling med reint ferskvatn etter sjøbad er råda til alle personar som har sår eller pådrar seg sår under bading.
  • Risikoen blir redusert ved å berre ta korte bad og tørke seg grundig med reint handkle etter bading.
  • Alle som badar med sår eller pådrar seg eit sår under bading bør følgje med på eventuell forverring av såret og raskt ta kontakt med lege/legevakt ved teikn til sårinfeksjon, feber eller nedsett allmenntilstand. Gi då beskjed til legen at du har bada. Ein eventuell infeksjon vil oftast vise seg i løpet av eitt til to døgn.

Kjelde: Fhi

– Infeksjonen oppstår veldig akutt med eit raskt forløp der ein fort kan bli svært dårleg. Symptoma startar ofte innan eit døgn etter smitten, seier Amatao. 

 Per Haugen / TV  2
FØLGJER MED: Ettore Amatao, seniorrådgjevar i FHI, seier dei følgjer med på antal infeksjonar av vibrio, og ser ingen grunn til å auke beredskapen på noverande tidspunkt. Foto: Per Haugen / TV 2

Så langt i år er det meld om færre infeksjonar enn i fjor. 

Ifølgje forskarane, er det likevel grunn til å tru at vi vil sjå meir til denne bakterien i framtida.

– Kan bli problematisk

Cecilie Smith Svanevik er forskar på havforskingsinstituttet. Ho fortel at vibrio er ein bakterie som veks raskt og trivst best i høge temperaturar i vatn som er lite salt. 

– Det er venta at klimaet vil bli både varmare og våtare. Difor ventar vi at større delar av norskekysten vil få forhold som er gunstig for bakterien, seier ho. 

– Kor alvorleg er det? 

– Dersom forhalda ligg til rette for det, kan vi sjå fleire infeksjonar i framtida. Men det er mykje vi ikkje veit om denne bakterien og kva forhold han lever under, seier forskaren. 

 Anders Jacobsen / Havforskingsinstituttet
TRENG KUNNSKAP: Cecilie Smith Svanevik etterlyser eit krav til overvaking slik at det blir lettare for forskingsinstitusjonane å forske på vibriobakterien. Foto: Anders Jacobsen / Havforskingsinstituttet

Treng meir kunnskap 

Svanevik seier det framleis er store kunnskapshol når det gjeld vibriobakterien. FHI overvakar sjukdomstilfelle, men det har ikkje vore eit krav til å overvake bakterien i havet. 

Det meiner Svanevik bør på plass.  

– Vi treng meir kunnskap for å fange opp endringar som kjem som følge av eit endra klima. Område ein ser på som uproblematiske i dag, kan bli problematiske i framtida, seier Svanevik. 

 Johanna Marcussen / Havforskningsinstituttet
MEIR FORSKING: Julia Storerud og Cecilie Svanevik forskar mykje på vibriobakteriar i havet. Foto: Johanna Marcussen / Havforskningsinstituttet

Ho meiner det er viktig å vere i forkant og førebu seg på klimaendringane, slik at ein kan sette inn tiltak dersom det blir nødvendig. 

– For dei aller fleste er ikkje vibrio eit problem, men for dei som blir råka kan det vere dramatisk. 

Desse er ekstra utsett

Ikkje alle er like utsett for å utvikle alvorlege infeksjonar.

Eldre og personar med leversjukdom og svekka immunsystem, har høgare risiko for alvorlege infeksjonar enn unge og friske vaksne.

Personar med sår og ferske tatoveringar bør ta forholdsreglar.

Kjelde: Fhi

Havforskingsinstituttet har difor starta eit pilotprosjekt der dei jobbar med å skaffe data. Målet er å finne ut kva for vibriobakteriar ein finn i Oslofjorden. 

– Vi veit det er ein samanheng mellom høge badetemperaturar over lengre tid og infeksjonar. Spørsmålet då er jo om det er fordi vibrio blomstrar opp, eller om det er fordi fleire badar når det er varmt, seier Svanevik.

 Stian Lysberg Solum / NTB
FULLT: Når sola glimtar fram, strøymer folk til badeplassane. Enkelte bør ta forholdsreglar for å beskytte seg mot kjøttetande bakteriar. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Her er det verst 

Etter ein laber start på sommaren, er no sommarvarmen på veg også til Noreg. 

Det kan altså bety betre forhold for vibriobakterien. 

Til dei som skal utanlands på ferie, er det særleg ein stad ein må passe seg. 

– Det er Baltikum som er ein av stadane i verda med størst utfordringar knytt til dei mest alvorlege vibrio-infeksjonane, seier Svanevik. 

– Men skal du til Middelhavet, er det liten fare. Den mest alvorlege arten trivst dårlegare der fordi vatnet er for salt. 

Dette er likevel dårleg nytt for Noreg. 

– Kyststraumen til Noreg kjem frå Baltikum. Når temperaturane også aukar og det blir ferskare vatn, ventar ein det vil gjere at vibrio trivst betre også langs norskekysten. 

Read Entire Article