Her kokar det på innsida av Jakob Ingebrigtsen: – Eg blir ofte veldig nervøs

1 month ago 41



Eg blir ofte veldig nervøs. Alle konkurransane mine betyr så mykje for meg sjølv, og eg vil gjerne lykkast. Samtidig er det ei fysisk påkjenning som ein gjerne gruer seg litt til, seier Jakob Ingebrigtsen til NRK.

Nordmannen tok seg oppskriftsmessig vidare til semifinalen på 1500 meter i Paris. På beherska vis la han seg på halen av feltet, avanserte gradvis ut på sisterunden og passerte målstreken.

To menn var framfor Ingebrigtsen, men det er ubetydeleg. Han brukte ikkje meir energi enn nødvendig. Nervane under kontroll.

Dei innleiande rundane er ofte dei mest nervøse med mange uerfarne meisterskapsløparar, som alle drøymer om å gjere det best mogleg.

– Veldig kynisk

Ingebrigtsen gir oss eit innblikk i kvifor nervane kjem og korleis det slår ut på ein konkurransedag i meisterskap.

Eg set det høgt av ting i livet – det å konkurrere, kjempe mot dei beste løparane i verda. Og forhåpentleg lykkast. Eg bruker mykje nervar til min fordel for å komme i ein posisjon der eg kan yte 100 prosent.

Men du ser ikkje så nervøs ut?

Det er berre ein måte å handtere det på. Inn mot konkurransar er eg veldig kynisk rundt korleis eg bruker kreftene og energien min. Om det er eit uttrykk eller noko ein gjer som er synleg for andre, er det ein energilekkasje, forklarer Ingebrigtsen – og fortset:

Det å vere mest mogleg nøytral, ikkje gå i trapper, ikkje gjere ditt eller datt, trur eg er det beste. Da ser ein litt apatisk ut. Det ser ut som ein har kontroll, men det er berre ein del av rutinane mine for at eg skal kunne prestere så godt som eg kan.

Nordmannen står med OL-gull, fire VM-medaljar og seks EM-gull. Han er ein av dei mest erfarne heat- og finaleløparane i feltet trass i dei 23 åra sine.

– Nesten ikkje tid til å tenke

Når han et det siste måltidet til løpsdagen, tre timar før start, begynner han å merke nervane for alvor.

– Og så aukar det kanskje litt før det når ein topp i transporten til stadion, og rett før eg skal varme opp. Derfrå til start har ein del rutinar som ein skal gjennom, så det går veldig i eitt.

Når han har fått lagt frå seg sekken i det norske teltet, stramma joggeskoa og kanskje kasta på seg ein kjølevest tek automatikken over.

Ein skal jogge litt, gjere øvingar, tøye, drill, køyre drag, inn i «Call Room», gå og skifte, så inn på stadion. Det går veldig i eitt, så ein får nesten ikkje tid til å tenke eller grue seg til noko.

Sommer OL i Paris 2024

KONTROLL PÅ FELTET: Jakob Ingebrigtsen kikkar seg til sida og har ingen problem med å ta seg inn blant dei seks beste.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Storebror Filip Ingebrigtsen kjem til å vere tett på veslebroren når det dreg seg til i Paris, og bidrog som medhjelpar på den siste høgdesamlinga i St. Moritz. Han ser på nervøsiteten som noko positivt.

– Nervøsitet er bra. Det har han også bevist. Er ein ikkje nok nervøs så klarer ein ikkje å ta seg ut så mykje som ein ønsker. Det ligg veldig mykje energi i nervøsitet, men det må ikkje bikke, seier 31-åringen til NRK.

Storebror: – Han går inn i ei boble

Filip Ingebrigtsen understrekar at det ikkje er ei farleg kjensle.

– Det handlar om å bygge det opp nok, men ikkje til at det bikkar over og tapper energi. Han får nok nokre drypp av nervøsitet gjennom dagen. Han bryt det opp når ein trenar og gjennom måltid, fortset storebroren, som understrekar at Jakob Ingebrigtsen ikkje blir «heilt borte» dei siste timane før start.

Chiavenna

SISTE LEIR: Filip Ingebrigtsen heldt farten oppe for veslebror under dei siste dagane av høgdeleiren i St. Moritz. Her er dei i Chiavenna i Italia.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Nøkkelen ligg i at alle konkurransar ser mest mogleg like ut – enten det er NM i Sandnes, Diamond League i Monaco eller OL i Paris.

– Ein prøver å ha det kjenneleg og ha bygd det opp slik ein skal. Han går inn i ei boble og går veldig inn i det å maksimere eigne moglegheiter.

PS! Jakob Ingebrigtsen sitt neste løp blir semifinalen på 1500 meter søndag, klokka 21.10.

Publisert 04.08.2024, kl. 12.01

Read Entire Article