– Nett no sit eg på eit hotellrom i Brønnøysund og kjenner på eit ansvar, seier ho til NRK.
Dei siste dagane har Furuseth og mange andre jobba for å få på plass dei signaturane som skal til for å starte eit nytt politisk parti.
For om alt går etter planen møter ho opp på Brønnøysundregistra tysdag morgon med 5000 underskrifter.
Samstundes er nokon underskrifter på veg i posten.
Underskriftene kjem frå 5000 menneske som har signert at dei støttar «Ensomhetspartiet».
Eit parti som skal legge press på dei etablerte politiske partia for å prioritere utanforskap, psykisk helse, einsemd og inkludering.
Då ho kom til Brønnøysund var det kraftig uvêr:
Har møtt mange
– Bak dei 5000 signaturane så er det jo 5000 møte med menneske og gode samtalar. Det blir ein illustrasjon på kva dette handlar om, at saman er vi mindre aleine, seier Furuseth.
Komikaren og programleiaren fortel at ho forstår at einsaksparti sjeldan når heilt igjennom med det dei kjempar for.
Men ho håpar at det kan bidra til at temaet blir prioritert når avgjerder faktisk skal takast og budsjett skal vedtakast.
– Det nye yndlingsuttrykket mitt er å vere ein stein i skoen, sånn at andre parti ikkje kan nedprioritere saka sånn som eg opplever at noko blir gjort i dag.
Gjennom historia har ei rekke små parti stilt til val i Noreg.
Dei færraste har fått noko særleg makt, men Furuseth håpar dei kan vere med og påverke.
Open om psykisk uhelse
På telefon frå Brønnøysund peikar ho på at einsemd er ein viktig årsak til psykisk uhelse.
Det kan vere alt frå lette psykiske plager til tung psykiatri og sjølvmord.
– Eg meiner det handlar både om individuell behandling og tiltak som møteplassar i samfunnet.
Else Kåss Furuseth har mista både mora og broren til sjølvmord, noko ho har vore open om i ulike samanhengar.
No krev ho meir pengar til den såkalla nullvisjonen.
– Eg veit jo at mange jobbar med dette, men eg vil auke presset på dette, seier ho.
Har fått komikar-hjelp
Komikar-kollega Lars Berrum er ein av mange som har hjelpt Else Kåss Furuseth med å samle inn alle signaturane.
– Eg meiner at det er kjempeviktig. Alle som gidd å gjere noko ekstra for saker generelt, bør bli hylla, seier Berrum.
Han har tatt på seg vervet som partisekretær i det nye partiet.
Men Berrum ser ikkje nett føre seg noko heiltidsverv.
– Else startar som partileiar, men er det ei veke folk er litt misnøgde med henne eller noko sånt, så berre rullerer vi internt. Her er vi for folket og for ei god sak.
Klar når kontoret opnar
Furuseth hadde eit håp om å rekke å levere inn listene til Brønnøysundregistra alt måndag ettermiddag, men flyet blei forsinka.
Til alt hell opnar kontora deira klokka 8 nyttårsaftan – og flyet går tilbake til Oslo 9.30.
– Eg er jo ein gladlaks som trur at dette skal gå, avsluttar ho frå uvêret på Helgelandskysten.
Publisert 30.12.2024, kl. 20.27