At breane smeltar ser ein konsekvensane av ved Austerdalsbreen i Luster.
Breen som er ein sidearm av den store Jostedalsbreen, har minka mest av breane det siste året. I sommar kalva 300 meter is frå breen. Totalt har han minka med 500 meter dei siste ti åra.
– 300 meter tilbake på eitt år er uvanleg, seier glasiolog Hallgeir Elvehøy i NVE.
Eit stort nytt fjellvatn
Austerdalsbreen kan bli erstatta av eit stort fjellvatn.
Breen har ei forseinking under seg, som eit basseng med vatn.
Ved utløpet møter vatnet ein terskel av fleire moreneryggar som demmar opp vatnet.
Deretter losnar store isblokker, og flyt ut i vatnet
Så kan eit nytt fjellvatn sjå dagens lys.
Vatnet ved Aurlandsbreen er allereie 800 meter langt, og 30 - 40 meter djupt.
– Dersom heile bretunga vert vekke, kan vi ende opp med eit 2,5 kilometer langt vatn som er 50 meter på det djupaste, forklarer Elvehøy.
– Dette har skjedd svært raskt. Breen har minka med 900 meter sidan tusenårsskiftet.
Litt saktare hos naboen
Fleire av breane våre har brefrontar som no ligg i små vatn. Men få har så store vatn som ved Austerdalsbreen.
Tunsbergdalsbreen er den største brearmen til Jostedalsbreen. Her trekkjer brefronten seg tilbake, og eit vatn veks fram.
Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet.
Foto: Torje Bjellaas / NRK– Endringane skjer mykje saktare på Tunsbergdalsbreen enn Austerdalsbreen, seier Elvehøy.
Fjellvatn og fjordar er laga av isbreane som har trekt seg tilbake. Breane vil halde fram med å minke. Det kan føre til at fleire vatn oppstår på grunn av forseinkingar.
Forskar: – Hadde ikkje trudd det
– Det er svært uvanleg at brefrontane kalvar så mykje som Austerdalsbreen har gjort på eitt år, seier Atle Nesje.
Han er professor emeritus i geovitskap ved Universitetet i Bergen.
Nesje fortel at målingar frå Austerdalsbreen viser at breen har minka med 2277 meter på litt over 100 år. Etter 2014 har heile 765 meter smelta.
– Vi hadde ikkje trudd at fronten skulle smelte tilbake heile 300 meter i løpet av ein sommar, seier Nesje.
Store konsekvensar
– Det er sårt å sjå Austerdalsbreen forsvinne.
Thea Kopala Røhme er oppvaksen i Luster og har som sogningar flest eit nært forhold til breane i området.
Thea Kopala Røhme er mykje på tur i brelandskapet i Sognefjorden.
Foto: Krister KopalaLandskapet ho har kjent sidan ho var lita er i ferd med å forsvinne.
– For vi som er så knytt til naturen er det trist at breane forsvinn, då dei har vore urokkelege i fleire år. Ein mistar noko av tryggleiken og roa i naturen
Sjølv har ho merka endringane i brelandskapet frå sommar til sommar.
– Eg treng ikkje noko nytt vatn i Austerdalen, seier Røhme og viser til det komande fjellvatnet.
Gaute Dvergsdal Bøyum er breførar, og har merka endringane i brelandskapet. Han har hatt guida turar til Austerdalsbreen i ti år. Den siste turen han guida var i september 2024.
Eit følge på veg inn til Austerdalsbreen. Dette er frå den siste turen Gaute Dvergsdal Bøyum guida i 2024.
Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum / Mountaingoat Guiding– No er det uforsvarleg å guide på breen. For å kome inn på breen må ein forbi mykje laus morenemasse og steinblokker som kan rase ned på deg og deretter ned i vatnet, seier Bøyum.
Han kjem ikkje til å arrangere fleire breturar til Austerdalsbreen.
Sogningar vil miste litt av identiteten sin
Turfolk må forhalde seg til eit landskap i endring. Thea Kopala Røhme er uroa for at ferdsla inn i turlandskapet ho kjenner vil endre seg.
Det er fordi bresmeltinga og det nye vatnet vil få konsekvensar for både natur- og kulturlandskapet.
– I tillegg er det problematisk for identiteten og den sterke tilknytinga vi som sogningar har til landskapet rundt oss, seier Røhme.
Austerdalsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen, som ligg i Vestland fylke.
Publisert 13.12.2025, kl. 20.07

















English (US)