Her hadde Anved ei hytte. Så kom «Jakob» og vaska det på fjorden

2 weeks ago 11



For nesten ei veke sidan hadde Anved Varberg ei hytte med naust i Eidfjord.

Så kom ekstremvêret «Jakob» til Vestland, mens Varberg var på ferie i Spania.

Erdalselva fløymde over og fossa gjennom hyttefeltet, og vaska både hytte og naust på fjorden.

– Det er berre eit under at ingen omkom, seier Varberg.

Hytte med naust forsvant på sjøen i Eidfjord under uværet
Hytte med naust forsvant på sjøen i Eidfjord under uværet

Også naustet nedanfor huset forsvann på fjorden.

Gjennom opptak frå eit kamera på hytta kunne han morgonen etter sjå kva som hadde skjedd.

– Elva gjekk opp på veggen på naustet, og begynte å ete seg inn på veggen mot hytta. Fire minutt etter gjekk straumen, og i 4.40-tida på natta, gjekk hytta på sjøen, fortel Varberg.

No blir det å få takstmann på besøk for å slå fast skadene, få henta opp bygg og interiør frå fjorden og få dekka skader av forsikringsselskap. Hardanger Folkeblad omtala Varbergs tap først.

Frykta ras og fare for liv

Fleire stader har trengt opprydding etter ekstremvêret «Jakob» råka Vestlandet.

Ei bru som knakk i Ullensvang, er erstatta med ei reservebru. Fleire vegar som var stengde, har opna igjen.

Samtidig tikkar skade­meldingane inn til forsikrings­selskapa. Dei største forsikrings­selskapa har til saman fått meldt inn over 365 skadar.

Av desse har Gjensidige fått inn rundt 180.

– Utifrå det som var varsla, er dette mykje betre enn det me hadde frykta, seier Bjarne Aani Rysstad, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

  • Bjarne Aani Rysstad, Kommunikasjonssjef skadeforsikring Gjensidige

    Mats Stordal

    Gjensidige: Over 180 skademeldingar

    Gjensidige fått inn rundt 180 skademeldingar.

    Bjarne Aani Rysstad, kommunikasjonssjef i Gjensidige, seier det er ei oppgåve, både for offentlege styresmakter og enkeltpersonar, å førebu seg på ekstremvêr.

    – Ein kan gjere alt frå å reinse stikkrenner til å opne bekkar, elver. I byane kan ein ha grøne tak, og der også må ein opne opp gamle bekkar.

  • Torbjørn Brandeggen i Tryg forsikring

    Tryg: 55 skademeldingar

    Tryg hadde registrert 55 skademeldingar 5. november.

    – Majoriteten av dette er vass-skadar på bygningar, utette tak, og det er vatn i kjellarar. Me har ein del skadar på innbu, på næringsbygg, bilskadar, seier kommunikasjonsrådgjevar Torbjørn Brandeggen i Tryg.

    Han var sjølv på biltur til Voss under «Jakob» og sa det såg ut til at mange hadde høyrt på meldingar om å ikkje ta bilen ut på vegane.

  • Kommunikasjonssjef i forsikringsselskapet If, Sigmund Clementz.

    Nadir Alam / NRK

    If: 50 skademeldingar

    If har fått inn rundt 50 skademeldingar, men talet kan auke, seier pressesjef Sigmund Clementz.

    – Dei aller fleste skadane er vassinntrenging i hus og bedrifter. Det er ein god del som har fått vatn i kjellaren sin. Og så er det ein del utette tak som regnvatnet har trengt gjennom, seier han.

  • Heidi Tofterå Slettemoen i Frende

    Frende

    Frende: 40 skademeldingar

    Frende melder om 40 skademeldingar, etter at bekkar og overvatn fann nye vegar, inn i hus, garasjar og på eigedommar. Regnvatn har kome inn, og bilar har tatt skade.

    – Det er litt tidleg å rekne ut skadebeløp, for det er alltid ting som tar tid med vass-skadar. Kva kan tørkast, kva må bytast, kva kostar reparasjon totalt, seier kommunikasjonssjef Heidi Tofterå Slettemoen i Frende.

  • Fremtind: 40 skademeldingar

    Fremtind hadde registrert 40 skademeldingar per tysdag 5. november.

Han meiner talet på skade­meldingar er lågt, mellom anna fordi mange var godt førebudde før ekstrem­vêret. Han trekker fram at meteorologane har «gjort ein kjempejobb og varsla veldig godt og presist».

– Me har sett at ein del kommunar har gjort gode tiltak. Fordi ein diverre har fått mykje erfaring med flaum­hendingar. Blant anna på Voss hadde dei gjort ein del tiltak og sette opp flaumvern, som er veldig bra.

– Når det er raudt farevarsel, kva er det de fryktar mest då?

– Rett og slett at mange blir ramma. Vass-skadar er det ille nok. På Vestlandet har det vore særleg uro rundt dette med skred. Då snakkar me om liv og helse på ein heilt annan måte.

  • Flaumgjerde på Voss

    Onsdag morgon sette teknisk etat på Voss opp flaumgjerda rundt kommunale bygg langs Vangsvatnet. Då var farevarselet enno på oransje nivå.

    Foto: Voss herad
  • Flaumgjerde i Flåm.

    Torsdag kveld sette Aurland kommune opp flaumgjerde langs Flåmselvi då vassføringa var på om lag 150 kubikkmeter per sekund. På 180 kubikkmeter har kommunen bestemt at gjerda må vere på plass.

    Foto: Kjell Bøe Bjørgum
  • Flaumgjerde i Flåm

    Ordførar i Aurland seier mannskapet er godt kjende med korleis dei monterer flaumgjerda og at det er viktig at det er enkelt å bruke.

Elv tok seg inn i hotell

Britt Marie Grieg er ein av drivarane på Ullensvang hotell på Lofthus i Hardanger. No ventar dei på takst­mannen. Saman med representantar frå forsikrings­selskapet skal dei på synfaring.

– Det me gjer no er heilt absurd. Det var ikkje dette me skulle gjere.

Etter at ei elv tok ein ny veg, og inn i det historiske hotellet, jobba dei på spreng med å redde uerstatteleg kunst og møblar.

Britt Marie Grieg, Ullensvang hotell

Britt Marie Grieg blei vekt av nattevakta på Ullensvang hotell under ekstremvêret. Etter det har det vore mykje jobbing med å redusere skadane på det som var eit overfløymd hotell.

Foto: Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK

At skadane likevel er store, er det ingen tvil om.

– Eg skal ikkje spekulere, men eg forstår det er fryktelege skadar på bygget. Kor omfattande det er på det elektriske anlegget, til dømes, kan me enno ikkje sjå med det blotte auge, men me ser jo at skadane er store.

Vannet står oppover borben og stolben på Ullensvang hotell. Duken er dekket av gjørme.

Det skulle vore eit selskap i denne salen. Det blei ikkje noko av.

Foto: Britt marie grieg

Fokuserer på å opne att

På Ullensvang hotell har dei fått ut mykje vatn, men fukta sit framleis i og set sitt preg på heile hotellet.

  • Rydding på Ullensvang hotell etter ekstremvêret «Jakob».

    Salen er tømt. Skadane viser. Her er det rydding for fullt på Ullensvang hotell etter ekstremvêret «Jakob».

  • Skade i golvet på Ullensvang hotell.

    Golvet har fått store skadar.

  • Rydding på Ullensvang hotell etter ekstremvêret «Jakob».

    Mange i sving.

– Me tenker at «oi», her skulle me hatt eit møte, her skulle me hatt ein konferanse, her skulle det vore gjestar, me skulle hatt ein stor fest. Me nærmar oss jul, og me skulle pynte til det, men det er eigentleg litt bortkasta no.

No er fokuset på å kome i gang igjen.

– Det blir fint når alt er på plass igjen. Me skal tilbake der som me var.

Ullensvang hotell etter ekstremvêret "Jakob".

Grieg seier dei eigentleg ikkje er redde for at sjølve bygget og hotellet skal bli råka av ekstremvêr igjen. Dei er heller uroa for vegane som går til hotellet.

Foto: Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK

Meiner ein må førebu seg på meir

Rysstad i Gjensidige seier at ein må førebu seg for ekstrem­vêr i framtida.

Vifter får vekk fukst etter skadane på Ullensvang hotell.

I fleire rom står vifter for å få tørka opp på Ullensvang hotell.

Foto: Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK

– Me skulle ønske det var løyvd endå meir pengar til føre­bygging. Det er krystall­klart at kvar krone brukt på førebygging, får ein fleirtals igjen på, når det gjeld reduksjon i framtidige skadar.

Pressesjef Clementz i If seier, at når det kjem flaum, er det også tilfelle der ein ikkje får gjort noko som helst for å hindre skadar.

Men, noko har ein moglegheit til å gjere, meiner han.

– For eksempel at ein tenker på kvar ein set opp bygningar. Skal dei stå så nær elva som det dei har gjort i fortida? Ein må kanskje tenke på om me treng alle desse asfalterte flatene, eller om dei kan erstattast med flater som tar til seg vatn.

Oppryddingsarbeidet i Hardanger føregår for fullt etter det ekstremvêret.

Publisert 06.11.2024, kl. 09.35 Oppdatert 06.11.2024, kl. 09.51

Read Entire Article